Innlegg

NYE ØKONOMISTUDIUM: Totalt har NLA Høgskolen på Gimlekollen fått nærare åtte millionar i støtte til etableringa av nye økonomistudium. FOTO: NLA Høgskolen

Ny million-støtte til NLA

Økonomifag ved NLA i Kristiansand har fått 4 millionar i støtte frå Sørlandets kompetansefond til oppstart av bachelorstudium frå førstkommande haust.

Den delvis ImF-eigde høgskulen har tidlegare i år mottatt nesten fire millionar i støtte frå Sparebanken Sør, og NLA er dermed oppe i totalt nærare åtte millionar i støtte til etableringa av nye økonomistudiar ved NLA Høgskolen på Gimlekollen.

– Saman med ein tilsvarande stor eigenfinansiering frå NLA gir denne støtten eit tilstrekkeleg grunnlag til å dekka dei forventa oppstartkostnadane, fortel rektor Sigbjørn Sødal ved NLA Høgskolen i ei pressemelding.

Årets utlysning frå Sørlandets kompetansefond dreier seg mellom anna om ei vidareføring av satsingane på entreprenørskap og tidleg innsats for auka yrkesdeltaking ifølgje nettsidene til stiftelsen. Samfunnsoppdraget til kompetansefondet er å bidra til kompetanseheving i fylket til sikring og etablering av arbeidsplassar og gode levekår. Styret vedtok fredag 12. februar løyvingar på totalt 32 millionar kroner. NLA Høgskolen vil få fire millionar kroner fordelt over tre år.

– Kan bidra til vekst og nyskaping

Rektor Sødal meiner at dei nye studiane ved NLA i Kristiansand vil bidra til kompetanseutvikling i regionen, med økonomistudiar som kan styrka næringslivet gjennom kompetanse til utdanna kandidatar.

– Dette kan igjen bidra til vekst og nyskaping og gi fleire arbeidsplassar og betre levekår på Agder, og ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon vil gi studentane ei brei utdanning med karrieremoglegheiter innanfor både privat næringsliv og offentleg forvaltning, seier rektoren.

Sødal er svært tilfreds med den store tildelinga frå Sørlandet kompetansefond.

– Direkte medfører satsinga fleire studentar og større akademisk verksemd ved NLA i Kristiansand. Det handlar om kompetanseutvikling i form av studiar på høgskule-/universitetsnivå, der målgruppa i hovudsak er unge menneske som startar studiar etter vidaregåande skule, seier Sødal.

Eksisterande studium på fleire studiestader

Dei nye økonomistudiane ved NLA på Gimlekollen i Kristiansand skal ifølgje høgskulen legga særleg vekt på etikk og samfunnsansvar.

I dag blir det tilbode slike studiar ved NLA Hauge School of Management i Oslo, og målet er å gi eit tilsvarande studietilbod i Kristiansand og å bygga opp eit tilhøyrande lokalt, økonomisk-administrativt fagmiljø. NLA Hauge School of Management er inspirert av arven etter Hans Nielsen Hauge, som vart fødd for 250 år sidan og derfor blir feira i år.

Dei nye studiane utgjer ifølgje NLA ei samla satsing som er i tråd med NLA Høgskolen sin strategi for perioden 2021-2025, ved ei prioritering av at studium og fagmiljø ved høgskulen skal utvidast ved at eksisterande studium vert tilboden på fleire studiestader. KPK

FLYTTA ONLINE: Kommunikasjon og livssyns-studiet ved NLA Høgskolen har vore nøydd å flytta all undervisning online. Her er høgskulelektor Bjørn Hinderaker i samtale med studentar før korona gjorde alt digitalt. FOTO: NLA Høgskolen

Korona gav overraskande studentrekord

NLA Høgskolen på Gimlekollen frykta færre studentar ved Kommunikasjon og livssyns-studiet i år på grunn av avlyst studietur. I staden har studenttalet dobla seg.

I år er det 20 år sidan NLA Høgskolen Gimlekollen, som den gong heitte Mediehøgskolen Gimlekollen, starta opp studiet Kommunikasjon og livssyn. I fleire år har studieturen til England vore eit viktig høgdepunkt og trekkplaster på studiet.

– Då vi måtte avlysa studieturen, frykta vi at vi ville få færre søkarar til årsstudiet i år, men fråfallet viste seg å ikkje vera så stort. I tillegg kom det mange andre søkarar som av ulike praktiske årsaker ikkje hadde kunna ta studiet på grunn av studieturen, seier programansvarlig for Kommunikasjon og livssyn, Lars Dahle, til Kristelig Pressekontor.

Programmet Kommunikasjon og livssyn (KL) består av eit årsstudium og i tillegg ei rekke enkeltemne studentar kan ta uavhengig av årsstudiet.

– Eit av dei nyare emna er i sjelesorg. Vi kallar dette emnet Kristent ungdomsarbeid i sjelesørgerisk perspektiv. Dei siste tre åra har det aldri vore meir enn 15 deltakarar på dette emnet, men no strøyma det på med påmeldingar, og no i vår er det heile 40 deltakarar. Det eksploderte beintfram, seier Dahle.

Innfører to variantar

Dahle fortel at tilbakemeldingane tyder på at fleire av studentane ikkje ville kunna tatt studieemnet viss det ikkje var for at det var eit digitalt tilbod.

– Dei set stor pris på å kunna ta eit sjelesorg-emne med den typen tematikk, men det føreset ein god og nær dialog. Vi jobbar med å òg få dette emnet til godt og nært som online-kurs.

KL hadde frå før ein modell med intense kursdagar på Gimlekollen og vidare rettleiing og oppfølging på nett.

– No har vi flytta kursdagane online og jobbar med å få til variasjon og brei innsats med ulike fagfolk. Vi får svært gode tilbakemeldingar på dette opplegget, seier Dahle.

Han fortel at dei i år har nytta seg av det faglege nettverket sitt i England ved å henta inn fleire gjesteforelesarar derfrå online. Dette har gitt meirsmak.

– No innfører vi, uavhengig av korona, to variantar av årsstudiet, med og utan studietur. Forhåpentlegvis kan då fleire søka seg til oss sjølv om dei ikkje har høve til å dra på tur. No blir det moglegheit for meir fleksibilitet utan å måtta setja av ni dagar til å dra til England.

MÅTTE TENKA NYTT: Programansvarlig for Kommunikasjon og livssyn, Lars Dahle, seier det har vore krevjande, men inspirerande å måtta tenka nytt om det pedagogiske opplegget under koronapandemien. FOTO: NLA Høgskolen

Lågare fråfall av studentar

NLA Høgskolen Gimlekollen er ikkje den einaste studiestaden som har opplevd at fleire studentar set pris på digital undervisning. Til NRK Rogaland melder fleire prorektorar ved universiteta i landet om lågare fråfall av studentar.

– Av dei som starta bachelorutdanninga i 2019, er det ein nedgang i fråfall på 3 prosent samanlikna med eit gjennomsnitt av dei siste åra, seier Prorektor Wenche Jakobsen ved Universitetet i Tromsø til NRK.

Les også: Slik påverka korona høgskulane.

Framleis godt studentmiljø

Lars Dahle fortel at dei har erfaring med eit svært godt studentmiljø på Kommunikasjon og livssyn.

– Vi er jo opne for alle, men sidan mykje av studiet er fokusert på formidling av kristen tru, er det gjerne studentar med eit avklart forhold til trua som søker seg inn her. Det er eit godt mangfald i alder og erfaring. og det blir skapt ein spennande dialog mellom ulike grupper i studiet.

Dahle meiner studentmiljøet framleis har vore svært godt sjølv med digital undervisning.

– Koronafasen er eit gigantisk læringssprang og utviklingstrinn for oss når det gjeld å utvikla digitale plattformer og undervisning. Vi har gjort oss ein god del erfaringar. Vi har til dømes konsekvent to lærarar på kursdagane, har kortare økter, mykje refleksjon og legg opp til interaktivitet.

Han fortel at dei er opptatt av å la studentane komma til orde med refleksjonar i samtalar, gjennom chat eller seg imellom i grupperom på Zoom.

– Vi får gjennom dette moglegheit til å motverka at studentane blir overlatne til seg sjølv i ein digital kvardag. Det har vore krevjande, men inspirerande å måtta tenka nytt om det pedagogiske opplegget i denne fasen, seier Dahle. KPK

ETIKKBASERT: 90-100 nye studenter ble tatt opp på økonomiutdanningene til NLA i Oslo i høst. ILLUSTRASJONSFOTO: NLA HØGSKOLEN

NLA vil utvide i sør

Misjonseide NLA Høgskolen ønsker å starte økonomiutdanning i Kristiansand fra høsten 2021. På lengre sikt har høgskolen også mål om å tilby desentraliserte og nettbaserte utdanninger som er skreddersydd for landsdelen.

Styret ved NLA Høgskolen vedtok 21. oktober å arbeide for oppstart av et bachelorstudium i økonomi og administrasjon og et bachelorstudium i innovasjon og ledelse på Gimlekollen i Kristiansand fra og med høsten 2021. Det betyr at NLA vil tilby økonomiutdanning både i Oslo og Kristiansand, går det fram av en pressemelding fra NLA.

Studier med vekt på etikk

Økonomiutdanningen til NLA, Hauge School of Management, startet opp i 2013 og har ifølge pressemeldingen hatt svært gode søkertall de siste årene. Med eget mentorprogram for alle studentene og større vektlegging av etikk i utdanningene enn det som er vanlig, har studietilbudet vært attraktivt, og 90-100 nye studenter ble tatt opp på disse studiene i Oslo i høst.

Tilsvarende studier i Kristiansand har vært ønsket i mange år, men oppstarten har blitt utsatt av ressursmessige årsaker. Nå ønsker NLAs styre komme i gang med dette. Det arbeides med oppstartsfinansiering for å få på plass et bærekraftig lokalt fagmiljø i Kristiansand snarest mulig, og med støtte fra Oslo-miljøet sikter en mot oppstart av studietilbudet høsten 2021.

Rektor Sigbjørn Sødal er svært tilfreds med vedtaket: — Det viser at styret fortsatt ønsker å videreutvikle NLAs fagmiljø og studietilbud i Kristiansand. Dette skjer parallelt med en planlagt storsatsing på nye campuser i Oslo og Bergen, der størstedelen av NLAs virksomhet ligger, påpeker han.

Ettertraktet utdanning

Økonomiutdanningen ved NLA særpreges av etikk og entreprenørskap, og en egen etikk-modul løper gjennom alle tre år i studiet. Studiene knyttes til lokalt næringsliv gjennom ulike former for praksis i en ordning med næringslivsmentorer, og NLA vil nå gå aktivt ut i næringslivet på Sørlandet for å etablere samarbeid om dette.

Landsdelen preges av mange nyetableringer, og det er etterspørsel etter økonomistudier som vektlegger etikk og entreprenørskap. Av den grunn oppfattes Agder som attraktiv for NLA som en tilbyder av slike studier. Målet er at studentene som nå skal utdannes i Kristiansand, blir tilsvarende attraktive for næringslivet i regionen.

På litt sikt er målet også å kunne tilby desentraliserte og nettbaserte utdanninger som er skreddersydd for denne delen av landet.

Rektor Sigbjørn Sødal setter ekstra pris på at disse studiene i entreprenørskap og etikk, som er inspirert av arven etter Hans Nielsen Hauge, kan bli startet opp i Kristiansand samtidig med at Norge til neste år feirer 250-årsjubileet for Hauges fødsel.

TRE NYE ÅR: Førsteamanuensis Terje Skjerdal ved NLA Mediehøgskolen Gimlekollen og rektor Maka Loseliani ved Gips i Georgia signerer samarbeidsavtalen i januar 2018. No er NLA sikra pengar til utvekslingsprogram for tre nye år. FOTO: NLA Høgskolen

Frå Albania til NLA for å studere journalistikk

Journalistutdanninga ved NLA Høgskolen i Kristiansand har fått godkjent søknader for økonomisk stønad til utvekslingsprosjekt med Georgia og Albania.

Misjonseigde NLA Høgskolen melder i ei pressemelding at dei gjennom Erasmus+ Global Mobilitet si utlysning, har fått tildelt rundt 150.000 euro. Dette svarer til over 1,6 millionar norske kroner. Tildelinga skjer i samband med ei årleg utlysning til tilsett- og studentmobilitet med land utanfor Europa. NLA sende inn tre søknader og fekk tilslag på to. Det er journalistmiljøet i Kristiansand, ved førsteamanuensis Terje Skjerdal, som fekk godkjent søknadene sine til prosjekt med Georgia og Albania.

— Det er svært gledeleg for journalistikkavdelinga å få nye Erasmus+-pengar, seier Skjerdal.

— Dette er endå eit bevis på at det blir godt jobba med internasjonalisering ved avdeling for journalistikk, medier og kommunikasjon i Kristiansand. Eg håper dette kan vera til inspirasjon for andre avdelingar til å søka om pengar, seier nyleg utnemnt prorektor for utdanning, Amund Langøy, i pressemeldinga.

Sikra for tre år

– Masterstudiet vårt i global journalistikk har eit internasjonalt preg, og vi ønsker å ha studentar frå ulike land. No er vi sikra utvekslingsstudentar frå Albania og Georgia i tre år framover, seier Skjerdal.

Han fortel at samarbeidet NLA har hatt i to år med institusjonen Gipa i Georgia har gagna studiet. I tillegg til studentar frå Georgia har òg studentar frå Aserbajdsjan og Armenia vore på utveksling ved NLA.

– Utvekslingsavtalen med Albania er ny, men høgskulen har hatt forskingssamarbeid med University of Tirana i nokre år, og det var nok noko av grunnen til at NLA fekk tilslag på søknaden, meiner Skjerdal.

NLAs internasjonale prosjekt

Leier for internasjonalisering ved NLA, Mari Sagulin, fortel at det er tredje år på rad at NLA får pengar gjennom Erasmus+ Global Mobilitet. Ho fortel vidare at høgskulen i dag har fleire prosjekt gjennom denne finansieringa både i Kirgisistan, Uganda, Ghana, Kosovo og Georgia, og no òg Albania.

Rektor Egil Morland er òg svært nøgd med tildelinga.

— Dei fleste av desse prosjekta er knyta til Global Journalistikk ved Skjerdal. Dette miljøet har verkeleg inspirert oss til både å søka om eksterne pengar  og ha tru på at det kan lukkast, seier Morland.

– Det har stor tyding for NLA sitt omdømme at vi klarer å få ekstern finansiering til nokre av prosjekta våre, legg han til. KPK