Innlegg

ÅRLEG: – Oppslutninga har vore god på dei tidlegare Haugeseminara våre på Sunnmøre. No håper vi at det 12. seminaret også kan trekkje mange deltakarar 5. november, seier Per Sævik (t.v). Her saman med foredragshaldar Linda Helén Haukland og deltakarane Hilde og Martin Brænne på eit tidlegare Haugeseminar. FOTO: HJØRDIS ALMELID VIKENES

– Hauge var tenande leiar, ikkje ein japp

- Viss vi tenkjer på det som vart kalla «jappetida», var ikkje dette med tenande leiarskap lagt vekt på, og vi veit korleis det gjekk, seier Per Sævik.

I år er det som kjend 250 år sidan Hans Nielsen Hauge vart fødd på Rolvsøy i Østfold.

– Hauge har sett tydelege spor etter seg i landet vårt. Vi veit at Hauge trefte folk med den bodskapen han hadde. Når den lokale og private eigarskapen står langt sterkare på Sunnmøre og i regionen vår enn fleire andre stadar i landet, er det slik på grunn av den pietistiske og haugianske tradisjonen vi har stått i her, seier Per Sævik.

Saman med Per-Arne Lillebø, Olaus-Jon Kopperstad og Roger Kvalsvik har han arrangert Hauge-seminar 11. gongar tidlegare. Årets seminar vert det 12. i rekkja, og den lokale Hauge-komiteen har klart å arrangere det årleg, sjølv med eit litt annleis opplegg i koronatida.

Fredag 5. november vert det nytt Haugeseminar i Fosnavågen der Alv Magnus, Gina Gjerme, Tarjei Gilje, Per Sævik, Inge Halstensen og Tore Hjalmar Sævik deltek. Samlinga vert leia av Per-Arne Lillebø, og Gutane frå Sula Frikirke deltek med song.

Arrangørane har hatt god oppslutning om dei tidlegare seminara, og det forventar dei i år også.

Rikdom og verdi

– I vår materialistiske tid kan arven frå Hauge og haugianarane gje oss noko tilbake som vi kanskje har tapt på vegen mot betre velstand og dette at vi er eit av dei rikaste landa i verda. Vi vil trekkje fram og hegne om Hans Nielsen Hauge sine verdiar. Søkjer vi berre rikdom utan å ha eit verdisett i botn, kan det medføre tomheit, understrekar Per Sævik.

HAUGIANAR: Salmediktar Berthe Kanutte Aarflot var haugianar, og Bjørnstjerne Bjørnson skreiv fint om henne i eit minneord i 1859. Utanfor Ørsta bedehus står det ei byste av henne. FOTO: HJØRDIS ALMELID VIKENES

Haugerørsla fungerte godt med kvinnene med på laget hundre år før dei fekk røysterett i Norge. Kvinnesynet til Hauge var radikalt på 1800-talet. Om ein les Hauge si historie i ulike kjelder, viser alle at han hadde med seg mange dugande kvinner, og mellom dei var Berthe Kanutte Aarflot. Ho var haugianar og salmediktar.

– Ho var den første kvinna her til lands som talte på offentlege møte, og ho fekk sin debut som forkynnar blant haugianarane.  Ifølgje Hauge sitt syn er alle prestar som har teke imot Jesus, seier Sævik.

Forfattaren Bjørnstjerne Bjørnsom skreiv i minneordet om Berthe Kanutte Aarflot i 1859: «Det bør om hende siges, at faa her i Landet har i en vid Kreds bidraget saaledes til Religionens Væxt som hun. Omkring hendes Sange har ogsaa de gamle salmemelodier flokket sig.»

Det var ein fin attest å få for ein haugianar på 1800-talet.

Hauge på Sunnmøre

– Etter det vi veit, var Hans Nielsen Hauge i alle fall fire gongar på Sunnmøre. «Bed og arbeid» står det på Remøy bedehus. Det var ein filosofi som haugianarane følgde. Bøn og arbeid er to viktige fundament for eit velutvikla samfunn, peikar Sævik på.

Dette med det såkalla tenande leiarskapet var iføgje Sævik heile tida i sentrum hjå Hauge, og det var noko som særprega haugerørsla. Leiarane i haugerørsla var ikkje høgt oppe. I andaktene som vart haldne på arbeidsplassane, møttest alle i verksemdene i eit samband som batt dei saman. Viss vi tenkjer på det som vart kalla «jappetida», så var ikkje dette med tenande leiarskap lagt vekt på, og vi veit korleis det gjekk, understrekar Per Sævik.

Arrangørane gler seg over at det no er opna opp for at mange kan møtast til seminar, og dei håper at det vert fullsette stolrader i Fosnavågen 5. november, slik at mange kan få høyre om Hauge sine tankar 250 år etter at han vart fødd. Temaet for årets samling er: «Hans Nielsen Hauge 250 år –relevans i dag?»

Teksten er skriven av Hjørdis Almelid Vikenes

Jappetid

I perioden fra 1982 til 1986 hadde vi god økonomi i Norge. Mange tjente masse penger, faktisk så mye penger at det ble trendy å kjøpe aksjer på børsen. De som kunne litt om aksjehandel og økonomi gjorde det godt, og det var spesielt mange unge som trivdes godt med denne måten å tjene penger på. Dessuten kunne hvem som helst ta opp lån på denne tiden, ofte uten så mye sikkerhet å snakke om. Mange kjøpte stort hus eller flott bil, mens andre satset lånte penger i firmaet sitt eller på børsen.

Jappetiden er senere blitt en betegnelse på en periode med utlånsvekst som oversteg det en enkelt husholdning kunne betjene. Dette medførte i mange øyne til den største bankkrisen i etterkrigstidens Norge, som kulminerte på begynnelsen av 1991.
Jappetiden var på sitt høyeste i 1985.

Kilde: Finansleksikon

SUNNMØRE: Folk frå heile Sunnmøre i tillegg til Sogn og Fjordane og Hordaland kom til Herøy Frikyrkje, for å vere med på det niande Hauge-seminaret i rekka. Frontbilde f.v.: Per Sævik, Linda Helen Haukland, Alv Magnus og Per-Arne Lillebø. Arrangørane lovar at ekstra satsing på seminaret til 10-årsjubileet neste år. Bildet over: Linda Helen Haukland. Begge foto: Torill Myren

‘- Den som trur, set spor

Hans Nielsen Hauge snudde opp ned på Norge. Kva kan det lære oss i dag?

Historikar Karsten Alnæs har sagt at det er to personar som verkeleg har endra Norgeshistoria; det er Olav den Heilage og Hans Nielsen Hauge.

Per Sævik, Per-Arne Lillebø, Roger Kvalsvik og Olaus Jon Kopperstad inviterte sist helg til det niande seminaret i rekkja om samfunnsreformatoren Hauge.  

– Vi ønskjer å vise kva Hans Nielsen Hauge betydde for Norge og lære av hans verk og innsats både når det gjeld samfunnsbygging og bygging av åndelege fellesskap, seier arrangørane.

Linda Helen Haukland, førstelektor ved Nord Universitet og historikar, var med på Hauge-seminar i Herøy som foredragshaldar for andre gong. Ho fortel ho er med fordi Hauge spelar ei så viktig rolle i Norge si historie at det er viktig å gjere folk kjent med han og rekkevidda av det han gjorde.

Viktig for demokratisk utvikling

I overgangen mellom 1700-talet og 1800-talet gjorde haugianismen at evna til å lese og skrive spreidde seg som eld i tørt gras. Nordmenn flest lærte å lese og skrive gjennom det som starta som ei religiøs rørsle.

– Dei vart kalla «lesarar» fordi dei samlast om Bibelen og møttest for å lese.

I tillegg skreiv dei brev til haugianarar andre stader i landet. Slik bygde dei nettverk og vart kjende med og for heile landet.

– Dette var ein viktig premiss for den demokratiske utviklinga i landet vårt.

La grunnlaget for likeverd

Haugianarane vart leseføre og skriveføre, bygde kunnskap og nettverk på grasrotnivå – og bygde dermed opp bøndene som demokratiske borgarar. Dei braut opp kunnskapshegemoniet og maktmonopolet til eliten. Det spegla seg i at det var fleire haugianarar både på Eidsvoll våren 1814 og i det første Stortinget. På Stortinget i 1883 var fleirtalet haugianarar. Og haugianarane sitt livs- og menneskesyn påverka samfunnsutviklinga.

– Haugianarane hadde eit viktig premiss om likeverd på tvers av kjønn, alder, sosial tilhøyrigheit og helse. Det var bruk for folk uansett. Alle var like mykje verd. Slik bidrog dei til at vi vart eit land av likemenn i mykje større grad enn mange andre land.

Motstand og forfølging

Men sigrane til Hauge og haugianismen kosta. Dei møtte motstand, forfølging og til dels tortur. Hauge sjølv vart fengsla 11 gongar. Han vart nedbroten og alvorleg sjuk.

Sosiolog og mangeårige leiar av Ungdom i oppdrag, Alv Magnus, fortalde om Hauge sine mange og til dels lange opphald i fengsel, og han såg føre seg korleis Hauge trass i fysiske plager ikkje gav opp verken håpet eller trua. Det var noko av det som gjorde sterkast inntrykk på Inge Kolås frå Ørsta, ein av dei rundt 250 deltakarane på seminaret.

– Eg har vore med på Hauge-seminar fleire gongar før og opplever det som givande og interessant. Denne gongen var forteljinga frå cella til Hauge – korleis han, heilt nedbroten, likevel ikkje gav opp, ikkje vart bitter – noko av det som rørte meg mest.

Radikal

Både Linda Helen Haukland og Alv Magnus peikte på Hauge som ein som vart berørt av Gud og var villig til teneste. Slik vart han radikal i si samtid.

– Den som trur, set spor, sa Alv Magnus.

– Evangeliet har ei kraft til å endre samfunn.

Også Linda Helen Haukland utfordra dei frammøtte med kva haugianismen betyr når det gjeld å leve radikale liv. Ho framheva haugianarane som lesarar, slike som las Bibelen og vart kjent med Jesus som ein ven som gir kraft og styrke.

– Slik kunne dei gå den ekstra mila, vise kjærlegheit i praksis. Dei ikkje berre visste kva som var rett, men fekk gjort det rette. Slik fekk dei etablert ein ny kultur vi framleis ser spor av i landet vårt.

'- Dette med eit radikalt liv sett i lys av Hans Nielsen Hauge, trur eg årets føredragshaldarar på Haugeseminaret får fram på gode måtar, seier Per Sævik, ein av arrangørane til Haugeseminaret i Fosnavågen. FOTO: SIV-ELIN NÆRØ

Eit radikalt liv i lys av Hans Nielsen Hauge

Kristne verdiar får ikkje betydning for framtida om dei ikkje blir synliggjort i livet her og no, meiner tidlegare leiar i Ungdom i oppdrag.

TIL SEMINAR: Historikar og forfattar Linda H. Haukland. Foto: Anders Haukland

Årets tema på Hans Nielsen Hauge-seminaret i Herøy Frikyrkje i Fosnavågen fredag 19. oktober er formulert slik: «Korleis leve eit radikalt liv som kristen i ei tid som denne, sett i lys av Hans Nielsen Hauge sitt liv og virke?». Til å snakke om dette temaet har arrangørane fått historikar og forfattar Linda H. Haukland og forkynnar Alv Magnus, tidlegare leiar for Ungdom i Oppdrag, til å halde innlegg om “den radikale Hauge-arven”.

– Eg vil i lys av temaet løfte fram haugianarane som demokratiforkjemparar, talspersonar for likeverd og som radikale Kristus-etterfølgjarar sjølv om det på det personlige planet var eit reint tapsprosjekt, og stille spørsmålet: «Kva var det som motiverte haugianarane?» Haugianarane hadde samfunnsengasjement og tok samfunnsansvar. Det vart fire haugianarar på Eidsvoll i 1814, og 35 haugianarar var stortingsrepresentanter mellom 1815 og 1860, fortel Linda H. Haukland.

Ho har i mange år halde ei rekke foredrag om Hans Nielsen Hauge over heile landet. Til dagleg arbeider ho som førstelektor ved Nord universitet i Bodø.

TIL SEMINAR: Mangeårig leiar i Ungdom i Oppdrag, Alv Magnus. Foto: Linda Askeland)

Alv Magnus har vore mangeårig leiar av Ungdom i Oppdrag. Gjennom studiet av Hauge-rørsla si betydning for det norske samfunnet mottok han viktige impulsar for si gjerning som leiar. Magnus skreiv ein avhandling for magistergrada på Universitetet i Oslo om Haugerørsla som han kalte “Vekkelse og Samfunn”. Det har også vorte ei bok med tittelen «Veirydder med gnagsår». Boka har vore utseld frå forlaget i mange år. Ei utvida utgåve vil komme ut neste år.

Alv Magnus meiner at Hauge er viktig i dag, fordi han skaffa seg læresveinar. Dermed vart det ei rørsle.

– Truverdet til haugianarane i folk sine auge var integriteten deira, og at dei var vennlege mot andre sjølv under forfølgingar. Elles vil kristne verdiar neppe ha noko betydning for framtida viss dei ikke vert synleggjorte i livet her og no. Dei som forfektar dei, må leve dei. Levande modellering er smittande. Folk må sjå for å gripe, understrekar Alv Magnus.

Det er Per Sævik, Per-Arne Lillebø, Olaus Jon Kopperstad og Roger Kvalsvik som arrangerer seminara om Haugerørsla. I år har dei fått med seg songarane Vegard og Synnøve Voldsund.

– Årets tema ventar eg skal passe godt inn i rekka av Haugeseminar, som vi har arrangert åtte gonger tidlegare. Dette med eit radikalt liv trur eg årets føredragshaldarar vil kunne få fram på ein god måte, med dei studiar som desse har gjort i Haugerørsla. Vi har valt Frikyrkja i Fosnavåg som møteplass. Vi ser fram til 19. oktober og vonar at vi også dette året vert positivt overraska med godt frammøte, seier Per Sævik.

FOREDRAGSHALDARAR: Hallgrim Berg, t.v., Aud Johanne Kvalbein og Filip Rygg. Foto: Privat

Om vekking, innvandring og Hans Nielsen Hauge

Korleis kan kristne verdiar påverke samfunnet i framtida? Det var tema for det 8. Hauge-seminaret i Fosnavåg.

I ei fullsett Herøy Frikyrkje 19. oktober lytta i lydhøyr forsamling til det foredragshaldarane Aud Johanne Kvalbein, Filip Rygg og Hallgrim Berg hadde på hjertet, og ikkje minst til Per Sævik og Per-Arne Lillebø, som saman var programleiarar. Begge sit i styret for eit tiltak som vidarefører tankegods frå Hans Nielsen Hauge og rørsla hans, og endå ein gong kunne dei smile over solid oppmøte.

Det var Aud Johanne Kvalbein – tidlegare KrF-politikar – som fekk ordet først av dei inviterte talarane. Kvalbein var 12 år gammal då ho i ein historietime på skulen fekk høyre om Hans Nielsen Hauge for første gong. Det gjorde sterkt inntrykk på henne å få lære om livet hans og det han brann for. Lekmannspredikanten sette svært mykje på spel for å spreie Guds ord.

Omsorg

– Korleis kan vi gjere dei kristne grunnverdiane meir synlege, og at dei får større oppslutning i eit samfunn som dei siste åra har vore prega av meir og meir sekularisering?

Jau, vi treng trygge arbeidsplassar. Vi må dessutan bry oss om kvarandre og ta vare på kvarandre. Vi må kome einsemda til livs – dette er blitt eit stort samfunnsproblem, uttrykte Aud Johanne Kvalbein.

Ved å vise omsorg for kvarandre vil vi også synleggjere dei kristne verdiane, var hennar viktigaste bodskap.

Engasjement

Neste talar var Filip Rygg – ein ung, kristen entreprenør som i sitt daglege arbeid i Stiftelsen Skaperkraft mellom anna hjelper fram gründerverksemd og lagar møteplassar for kreative sjeler som vil skape deira eigen og andre sin arbeidsplass.

Rygg vil at vi, alle som ein, skal spørje oss sjølve kven det er i våre nettverk vi kan gjere ein forskjell for. Når vi snakkar i lag og hjelper kvarandre, blir resultatet som regel bra. Rygg er også oppteken av å tenke på lang sikt – med lang tidshorisont er alt muleg. Men vi skal aldri vente med å begynne på oppgåvene. Dersom til dømes aktiv dødshjelp blir vedteke om 20 år, så er det i dag slaga står. Vi må med andre ord engasjere oss her og no.

ARRANGØRAR: Dei fire som står bak seminara om Hauge-rørsla si betydning i dag er Per-Arne Lillebø, Per Sævik, Roger Kvalsvik og Olaus-Jon Kopperstad.

Per Sævik understreka at det er særs verdifullt for samfunnet at unge entreprenørar og gründerar får vilkår til å utfalde seg og starte opp verksemder, som igjen vil kunne gi arbeidsplassar til fleire. Per Sævik viste til at Hans Nielsen Hauge skapte meir enn 6000 arbeidsplassar i Norge i tidsrommet 1797 til 1804 – før dei mange fengselsopphalda – med sine nye idear og unik entreprenørverksemd.

Vekking

Sævik la vekt på at vi må kjempe for den kristne trua.

– Vekking skaper engasjement, ikkje minst i arbeidet vårt. «Ånd og hånd» går hand i hand, repeterte den kristne samfunnsbyggjaren og herøymannen, som meiner dette er like aktuelt i vår tid som det var for 200 år sidan.

– I dagens velferdssamfunn har vi tapt litt av begge verdiane. Eg er mellom dei som er bekymra for at det kristne fundamentet er i ferd med å bli bygt ned. Begge berebjelkane er viktige for oss. Det kristne verdigrunnlaget har vore viktig for utviklinga av Norge. Vi kan ikkje fjerne dei kristne verdiane utan at dette får store negative konsekvensar for det norske samfunnet, påpeika Per Sævik.

Kritisk

Den tredje innleigde talaren, Hallgrim Berg – forfattar, samfunnsdebattant og tidlegare stortingspolitikar for Høgre – sa at det har blitt stadig vanskelegare å nå fram med dei kristne verdiane, og han skulda både media og kyrkja for ikkje å vere tilstrekkeleg kritiske mot «islamiseringa», som han kalla det, som skjer – ikkje berre i Norge, men i heile Europa.

– Eg ønskjer sekulariseringa og den botnlause likesæla til livs! Europa har stagnert; vi er nede i kneståande. Vi kan ikkje ta imot fleire enn det vi klarer å integrere, poengterte Berg og la til:

– Det blir fleire og fleire muslimar, og vi er blitt likesæle omkring vår eigen kultur og vår eiga tru. Dette kan jo ikkje få halde fram. Kristne må sjølve stå opp og kjempe for verdiane vi trur på – vi må bruke media og ulike arenaer til å setje desse tinga på dagsorden.

Berg viste til Hans Nielsen Hauge, som mellom anna kjempa for kvinnene sine vilkår, for ytringsfridom og forsamlingsfridom.

– Dersom vi er likesæle og kastar slike viktige verdiar på dynga, trur eg vi går ei uviss og dyster framtid i møte.

Overraska

Pianist Bjørnar Hovlid og Gospelkoret frå Ulsteinvik, under direksjon av Einfrid Grindheim, både starta og avslutta seminaret. Desse sytte for lun og god stemning i frikyrkja gjennom deira flotte musikalske bidrag.

– Vi er både overraska og glade for at også dette Hauge-seminaret samla fullt hus. Dette viser at der er behov for denne typen kulturtiltak. Samlingane knytt til Hans Nielsen Hauge, der vi lyfter fram «ånd og hånd», er enno godt besøkt, fordi tematikken framleis er høgaktuell. Ideane og tankane – om hans kristne tru og forretningsdrift – har vist seg å vere tidlause og universelle, seier Per-Arne Lillebø, som let seg imponere over at Hauge som ung mann følgde kallet frå Gud og reiste rundt omkring vårt langstrakte land for å fortelje folk om leveveg og vegen til frelse.