Innlegg

TAR OPP KORRUPSJON: Rådgiver i NMS Global, Dag Rune Sameien, opplever at givere i NMS er positive til at organisasjonen snakker høyt om korrupsjon og forvaltning. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

– Viktig å tematisera korrupsjon

Dag Rune Sameien i NMS meiner det er mykje bibelsk materiale som gir grunnlag for å setja søkelys på korrupsjon.

– Korrupsjon er eit tema som har vore på agendaen i mange år for alle som driv med bistand og misjon, seier rådgivar i NMS Global, Dag Rune Sameien, til Kristeleg Pressekontor.

Fredag 1. november arrangerer Det norske misjonsselskap (NMS) Stavanger Mission Conference som ein del av kyrkjeleiarkonferansen sin med deltakarar frå rundt 15 land. President i Kirkenes verdsråd Dr. Agnes Abuom og korrupsjonsjeger Eva Joly er hovudtalarane på konferansen.

– Historia seier mykje om kvifor det er viktig å ta opp kampen mot korrupsjon under ein kyrkjeleiarkonferanse. Eit godt døme på det er avlatsbreva, seier Eva Joly til Misjonstidende.

Ho meiner kyrkja har lært mykje av si eiga historie, men at det likevel finst døme på korrupsjon i dag innanfor kyrkjelivet og andre trussamfunn.

– Det er mange skandalar innanfor trussamfunn der ein ser karismatiske personlegdommar som har fått menneske til å tru at dei gir pengar til arbeidet, medan dei eigentleg gir rett til predikantane. Eit anna døme er at den katolske kyrkja òg i dag er ein rik institusjon der det framleis blir avdekt mykje korrupsjon, seier Joly.

HOVUDTALAR: Eva Joly. FOTO: Claude TRUONG-NGOC/Wikimedia Commons

Tillit og god forvalting

Meir openheit og gjennomsiktigheit i forvaltinga kan bygga tillit, meiner Sameien som er opptatt av at konferansen òg skal setja søkelys på potensialet som finst i god forvalting.

– Mange investerer mykje tid og pengar i kyrkja si. Viss kyrkja forvaltar denne unike kapitalen på ein ansvarleg måte, blir tilliten auka, og den økonomiske berekrafta i kyrkja blir styrkt. Her har vi mykje å læra av kyrkjer som i liten grad har kunna støtta seg til store statlege subsidiar eller eksterne donorar.

Lokale ressursar

Som samarbeidsorganisasjon og støttespelar er NMS opptatt av å jobba både førebyggande og aktivt mot korrupsjon og maktmisbruk.

– Mange kyrkjesamfunn har store prosjekt og eigne institusjonar som skular og sjukehus. Der kor pengar, varer og tenester er i omløp, er ein alltid sårbar for bestikking, underslag og favorisering. Men korrupsjon kjem ikkje berre av valet og handlingane til einskildindivid. Det er alltid viktig å problematisera usunne element i dei systema vi er med på å halda oppe. Også kyrkja med sine sentraliserte maktposisjonar er sårbar for misbruk av makt og posisjon, seier Sameien.

Han fortel at arbeidet mot korrupsjon òg kan sjåast i lys av ei breiare satsing i NMS.

– Vi har dei siste åra fokusert meir på å utnytta moglegheitene som finnes lokalt i vårt misjons- og bistandsarbeid. Gjennom ein ressursbasert tilnærming, slik som «Use your talents», blir det meir naturleg å snakka om forvalting av ressursane ein allereie har, ikkje berre forpliktingane som følgjer gåveinntekter og pengestøtte frå andre.

– Skremmer ikkje givarar

Sameien medgir at når organisasjonen vel å setja eit så tydeleg søkelys på korrupsjon, risikerer ein at givarar blir skremt bort.

– Men eg har ikkje opplevd det sånn. Inntrykket mitt er at dei fleste NMS-givarar er glade for at vi tar opp temaet så tydeleg som vi gjer.

Samtidig merker han òg blant NMS sine støttespelarar at mange ønskjer å gi pengar mest mogleg direkte til prosjekt og av og til går utanom den vanlege administrasjonen for innsamling.

– Men det krev ein del forvalting og administrasjon å sikra at partnarar til kvar og ei tid har rutinar og system på plass slik at pengane faktisk kjem fram dit det skal, seier Sameien.

Feiar for eiga dør

NMS er opptatt av at det er viktig å rydda opp internt og feia for eiga dør. Det gjeld både for kyrkjer og samarbeidsorganisasjonar som arbeider mot korrupsjon, og for Norge som vertsland for konferansen.

– Den einaste konkrete korrupsjonssaka som blir tatt opp på konferansen, er norsk. Gjensidighet er viktig, ikkje berre peikefinger, og det gjeld oss i Norge òg, seier Sameien.

I 2015 vart ein tidlegare direktør for Betanien Hospital dømt til fengsel i tre år for underslag, bedrageri og sexkjøp i utlandet. Tillitsvalt for legane ved sjukehuset den gongen, Arne Nakling, skal tala på konferansen.

Dag Rune Sameien i NMS Global meiner kyrkjer har eit stort grunnlag for å snakka om korrupsjon og setja det på dagsorden i samfunnet.

– Det finst mykje bibelsk materiale som handlar om pengar, grådighet og forvalting. Slik sett har kyrkjene eit kjempestort grunnlag for å tematisera dette. KPK

EIERSKAP: Tor Helge Brandsæter er som misjonær opptatt av at lokalbefolkningen selv får eierskap til prosjektet og metodene. Kirken ønsker å bli et læringssenter der nabobønder kan opplæres og inspireres. BEGGE FOTO: Marit Mjølsneset/NMS

Når unådde med «Guds jordbruk»

NMS-misjonær Tor Helge Brandsæter hjelpte ei thailandsk kyrkje å satsa på berekraftig jordbruk. Det skaper ei interesse som gjer det lettare å nå inn òg med evangeliet.

– I afrikanske land kallast regenerativt jordbruk ofte for «God´s farming», fordi ein bruker dei naturlege prosessane til skaparverket i staden for kunstgjødsel, fortel NMS-misjonær og bonde Tor Helge Brandsæter.

Då ei kyrkje i Nord-Thailand bad NMS om hjelp, etter to år utan avlingar på eit jordområde gitt dei i gåve, starta han ei jakt etter metodar som kunne forbetra den betongharde, dårlege jorda.

Klimavennleg

Etter kvart kom han over den klimavennlige metoden kalla regenerativt jordbruk. Den rettar opp igjen organisk liv i jorda gjennom å tilbakeføra ein stor del organisk materiale til jorda, minimera jordhandsaming, tilføra kompost og auka biologisk mangfald.

– Erfaringa frå åra i Thailand gjorde at eg endra syn på landbruk òg i Noreg, seier misjonæren og bonden.

No bruker han dei same metodane på den økologiske garden sin i Hvittingfoss og ivrar for at fleire i norsk landbruk skal få auga opp for regenerativt jordbruk.

Gir inntekt og diakoni

For kyrkja i Nan-provinsen i Nord-Thailand har metodane frå regenerativt jordbruk ført til at dei no får avlingar dei kan selje fleire gonger i året.

– No får dei utnytta jordlappen sin, kan gi mat til folk som treng det, og skaffar òg inntekter til kyrkja gjennom sal, fortel Brandsæter.

Brandsæter fortel at landbruksarbeidet til kyrkja òg har vore med på å skapa kommunikasjon og bryta barrierar for lokalbefolkninga som ofte har ei sterk åndetru.

– Mange i dette området er bunden av lokale heksedoktorar som avgjer over nesten alt i liva og arbeidet til folk, seier han.

Jordbruksarealet til kyrkja ligg i nærleiken av ein gammal gravplass og vart derfor av heksedoktorar og lokalbefolkning sett på som ein stad for gjenferd.

– Når kyrkja no har dyrka opp området, og vist at det går bra, blir folk nysgjerrige og dette gir god grobotn for å bruka diakonien til å kommunisera og nå unådde grupper, fortel NMS-misjonæren.

For å få god gjødsel til åkeren har kyrkja òg skaffa seg griser og lært seg nye metodar for å betra utnytta lokale ressursar som grisefôr. Visjonen til kyrkja er at dei skal vera eit læringssenter der nabobønder kan lærast opp og blir inspirert.

– Ein grisebonde i nærleiken lærte til dømes å fermentera (få til å gjæra, red.anm.) bananplanter til næringsrikt grisefôr og har fått auka produksjonen sin betrakteleg, seier misjonæren.

GRØDE: Der kirken ikke fikk noe til å gro i to år høster de nå flere salgbare avlinger i året takket være metodene fra regenerativt jordbruk. FOTO: Tor Helge Brandsæter/NMS

Eigarskap og resultat

Brandsæter fortel at ein i misjons- og bistandsfeltet helst må legga fram ting på ein måte som gjer at lokalbefolkninga føler dei sjølv har vore med og funne på metodane.

– Det som tar mest tid, er å få folk til å ha tru på det sjølv og føla eigarskap til prosessane. Eg trur det var ein fordel at eg på den tida budde i Bangkok og berre kom på besøk til kyrkja i Nan-provinsen. Det gav dei rom for å tenkja sjølv utan at eg gjekk oppi dei, seier han.

Allereie første sesongen gav dei nye metodane resultat.

– Vi så positive endringar gjennom å bygga opp jordsmonnet som igjen gir større avlingar.

Karbonlagring

Regenerativt jordbruk kan òg bidra til at mykje meir karbon blir lagra i jorda, noko som dermed bidrar til mindre CO2 i atmosfæren.

– I Noreg blir det brukt mykje pengar på å utvikla karbonfangst og lagring, men vi kan bli flinkare til å bruka potensialet som ligg i samspelet mellom planter og mikrobane i jorda. Dei gjer jo jobben gratis og mykje meir energieffektivt, seier Brandsæter.

I tillegg til å bidra til eit betre klima, fører større mengder karbon i jorda til auka avlingar og betre motstand mot flaum og tørka. Dette gjer metodane ettertrakta for bønder som kan brødfø fleire og få ei sikrare inntekt. KPK

Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen

PÅ KAFÉ: Prosjektleiar Jeritu Berhanu (48) er ei av dei etiopiske kvinnene som Marit Breen samarbeider tett med. Dei møtest gjerne for eit prat på ein av Ghimbis lokale kafear. Foto: privat

‘- Kvinnekamp utan menn kan skada relasjonar

For misjonær og samfunnsvitar Marit Breen i NMS er det 8. mars heile året. Erfaringar frå Etiopia har lært henne at menn må inkluderast i arbeidet med å styrkja posisjonen til kvinner.

Ho jobbar som «rådgjevar i kjønn og kvinner sine rettar» i ein misjonsorganisasjon (NMS) som faktisk var ute med røysterett for kvinner allereie i 1904 – ni år før kvinner i Noreg fekk allmenn røysterett ved politiske val. Og meir enn halvparten av Det Norske Misjonsselskap sitt Norad-finansierte prosjekt (meir om dette seinare, red.anm.) er no leia av kvinner.

– Eg er stolt av å jobba i ein organisasjon som tek kvinner på alvor, seier Marit Breen og held fram:

– Når eg er på jobb i Etiopia, ser eg korleis kvinnene òg der er verdifulle bidragsytarar når dei berre får sleppa til. Då eg først kom dit, såg eg at kvinnene – der som mange andre stadar – ofte stiller i bakgrunnen, som kaffikokarar og kakebakarar. Men no er situasjonen ein annan.

8.mars

Breen har bakgrunn som samfunnsvitar med MA (Master of Arts – akademisk grad på høyere nivå, red.anm.) i Globale Studier frå Misjonshøgskulen i Stavanger, og ho hadde gjennom studiet sitt stadig fokusert på Afrika som region, og kjønn og kvinner.

– Eg var i Etiopia på ei studiereise i 2003, men såg ikkje for meg då at eg skulle reisa tilbake for å jobba her. Men slik vart det. Mi bachelor-oppgåve handla om kvinneleg kjønnslemleste, med historier òg frå Etiopia. Det kunne ikkje verta meir perfekt enn å enda opp i dette arbeidet, med tanke på både engasjement, utdanning, interesse, og NMS sitt arbeid her, gjennom partnarane sine.

– Er du innerst inne ein kvinne-aksjonist som gjerne går i 8. mars-tog når du synest det trengst?

– Så absolutt. Men eg har faktisk aldri gått i 8.mars-tog – enno, seier misjonæren.

Kulturimperialisme

– På 70-talet var det mykje kritikk mot kristne her i Noreg, der det vart påstått at misjonsorganisasjonane dreiv med kulturimperialisme. Var det ein riktig kritikk, tenkjer du?

– Eg trur at mange ulike aktørar som jobba utanfor Noreg, og spesielt i land i sør på 70-talet, er verdige denne kritikken, inkludert misjonærar og misjonsorganisasjonar. Dette var ei tid der eit imperialistisk tankesett dominerte og prega arbeid i land i sør. Noko av dette tankegodset ser vi diverre enno. Men det vert heile tida utfordra – heldigvis, seier Breen.

Ho meiner ny forsking og kunnskap, meir dialog og aktiv deltaking frå aktørar i land i sør bidreg til at organisasjonar og personar som jobbar i dette feltet, vert halde i øyra til kvar og ei tid.

– I dag ser vi at menneske og organisasjonar ein jobbar med, omtalast som partnarar framfor mottakarar – om det er av bistand, eller evangeliet. Dette er positivt, og absolutt ein dreiing vekk frå ei kulturimperialistisk tenking som vil halda på skiljet mellom «oss» og «dei». Den gamle tenkinga skapte avstand – og passive menneske. Men når menneske og organisasjonar vert sett på som partnarar, vert dei aktive deltakarane i eigne liv og eiga utvikling.

– Ingen kvinneliv er identiske

Når Etiopia står på dagsorden, snakkar Breen ofte om kvinner som står fram, kvinner som trassar den kulturen som har gjort dei underdanige og lite frimodige.

– Eg synest det er viktig å formidla historiene til desse kvinnene. Og mangfaldet. Ingen historier er like, fordi ingen kvinneliv er identiske. Men fellesnemnaren er ofte at historiene ikkje høyrest eller ikke vert gjeve nok merksemd. Dei druknar fordi dei ikkje har «rett morsmål», for å bruka metaforen til den etiopiske juristen. Dette har òg vore tilfelle gjennom historia her i Noreg, og er det enno for enkelte grupper. Me too-rørsla har òg bevist dette. Vi må halda fram med å fortelja historiene, om dei ikkje skal gløymast, og for å halda saker som gjeld kvinner, på agendaen.

– Mennene då, korleis taklar dei denne nytenkinga?

– Vi må òg fortelja dei positive historiene om alle dei mennene som står ved sida, og bak, kvinner og heiar dei fram. Kvinnekamp kan lett verta noko negativt for menn, ja, han kan nokon gonger òg skada relasjonen mellom menn og kvinner. Personleg vel eg ofte å trekkja fram dei gode og framifrå relasjonane, seier Breen og held fram:

– I Etiopia har vi fleire døme på at det er mannen i ein familie som bidreg til å få ein slutt på tradisjonen med kvinneleg omskjering. Eg trur ikkje ein vil nå langt i arbeidet med å styrkja posisjonen til kvinner om ein ikkje inkluderer menn. I kjønnsforsking vert det no i aukande grad fokusert på maskulinitet, og dette vert òg spegla i bistandsarbeidet, og er noko vi òg har nytte av i prosjekta våre.

Økonomisk sjølvstende

ØKONOMI OG INNTEKT: Medlemmer i WEWEPs låne- og sparegrupper i Innango Kobara menighet i Vest Etiopia. Medlemmene samles to ganger i måneden til fellesskap, der de også bidrar med egne sparepenger for å øke gruppas felleskapital, i tillegg til egen sparing. Med større gruppekapital blir det flere lånemuligheter (rentefritt, eller til lav rente). Med dette lånet som starthjelp etablerer kvinner seg med ulike inntektsbringende aktiviteter. Mange livnærer sine familier med dette. Foto: Dag Rune Sameien

Misjonæren fortel at prosjektleiarane deira i Etiopia rapporterer om at dei stadig ser forandringar – sjølv om dei på ingen måte er i mål.

– Fleire ting er avgjerande for den positive endringa: Stadig fleire kvinner får utdanning og opplæring, og fleire får høve til eiga inntekt gjennom låne- og sparegrupper. Dei blir sjølvstendige økonomisk – noko som gjev sjølvtillit til å bidra òg som leiarar utanfor heimen. Det vert gjeve plass til kvinner i ulike slutningsfora, både i kyrkja og i samfunnet elles, gjennom til dømes kvotering.

Breen seier at prosjektet som NMS støttar, Wewep (Western Ethiopia Women Empowernment Program), berre ein del av eit større bilete av kva som skjer av positive forandringar for kvinner i Etiopia.

Prosjektet, som får støtte frå Norad (Direktoratet for utviklingssamarbeid), er drive av den nasjonale Mekane Yesus-kyrkja, som er NMS sin partnar i Etiopia. Programmet handlar om at etiopiske kvinner skal kunna bli sjølvstendige, utdannast og vert gjeve hjelp til sjølvhjelp. Likestilling og kamp mot kjønnslemlesting er òg ein viktig del av prosjektet, ifølgje Norads heimesider.

Enklare å vera jente

TUNG BØR: Shashitu Wajira (50) fra Boji representerer på mange måter et typisk liv for en kvinne på landsbygda i Vest Etiopia. Hun livnærer seg og sin familie på å selge ved – en jobb hun har hatt i over 30 år. Fra salget sitter hun igjen med en fortjeneste på ca 4 kr per bunt. Hennes humoristiske sans og smittende latter gjør det vanskelig for Marit å forstå den historien hun bærer på, for det har ikke vært lett å vokse opp som kvinne i dette området. Foto: privat

– Rykta går om at det no er vorte enklare å vera jente i Etiopia. Stemmer det?

– I ein kultur der kvinner er lærd opp til å vera lite synlege – iallfall utanfor sitt eigen heim, skal det mange krefter til, på ulike felt og frå ulike hold, for å skapa forandring. Ein kvinneleg etiopisk jurist skildrar situasjonen slik: «Patriarkatet er morsmålet til samfunnet vårt. Heilt frå vi er små, lærer vi å sjå ned på kvinner». Det er mykje spennande på gang i Etiopia i desse dagar, endringar som bidreg til eit «anna morsmål». Til dømes har statsministeren tilsett fleire kvinner i parlamentet, og den første kvinnelege presidenten i landet er på plass. Det er elles ei positiv utvikling i arbeidet med å kjempa mot barneekteskap. Og delen av jenter som kjønnslemlestast, går ned. Eg trur vi kan seia at det å fødast som jente i Etiopia inneber langt lysare framtidsutsikter i 2019 enn nokon gong.

Uthald

– Til slutt, Marit Breen, har norske kvinner noko å læra av til dømes kvinner i Etiopia?

– Eg er alltid redd for å svara på slike spørsmål – i frykt for å generalisera. Alle kvinner i Etiopia er jo ikkje i same kategori, og det er til dømes svært store skilnader på livet for ei kvinne på landbygda og for ei kvinne i byen. Men det er kanskje noko med eit uthald som eg har sett i mange etiopiske kvinner. Når han vert brukt positivt for å skapa endring, og blir sett i eit målretta system, har eg sett at strategiane kan vera utruleg effektive. KPK

Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen