Innlegg

30 ÅR: Omsetjarar frå norsk, finsk og svensk side av grensa har jobba med den nye nordsamiske Bibelen i 30 år. Her er Ole Henrik Magga og Berit Frøydis Svineng Johnsen under arbeidet med godkjenninga av Biibbal 2019. FOTO: Bibelselskapet

Feirar ny bibel tre dagar til ende

Ny nordsamisk omsetjing av Bibelen får ringverknadar for alle delar av den samiske kulturen.

Den nye nordsamiske omsetjinga av Bibelen blir lansert offisielt med brask og bram i Kautokeino komande helg. Arbeidet med omsetjinga har tatt 30 år, og no i 2019, som er Unescos internasjonale år for urfolkspråk, lanserer bibelselskapa i Noreg, Sverige og Finland Biibbal 2019.  (Unesco er FNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon.)

I ei pressemelding fortel Bibelselskapet at ei ny bibelomsetjing har ringverknader til alle delar av den samiske kulturen, ikkje berre den kyrkjelege. Mellom anna gjeld dette normering av det nordsamiske skriftspråket.

– Teamet av omsetjarar har vore samansette av personar frå norsk, finsk og svensk side av grensa – og dei har funne fram til ei felles rettskriving og språkstil som omfattar heile det nordsamiske språkområdet, skriv dei.

Etterlengta omsetjing

Den førre nordsamiske bibelomsetjinga er frå 1895. Språket går heilt tilbake til 1870-talet og var ikkje lenger enkelt å forstå. Derfor er den nye omsetjinga svært etterlengta.

– Det førre skriftspråket er det mange som ikkje beherskar lenger. Det er òg nokon stadar i den bibelen som er uforståelege for mange, dei har måtta ty til andre språk for å forstå innhaldet i setningar. Dette er no vorte retta opp. Difor er ikkje den nye omsetjinga berre ei rein omsetjing, men språket er òg modernisert så det er forståeleg for oss som lever i dag, sa leiar for Samisk kyrkjeråd, Sara Ellen Anne Eira, til Kristeleg Pressekontor då omsetjinga var godkjend.

Bibelselskapet trur den nye omsetjinga kan få ei spesiell tyding for samiskspråklige kyrkjegjengarar.

– Bibelen følgjer menneska ved dei store overgangane til livet, som dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd. Språket som møter oss ved dei store hendingane i livet, får ei spesiell tyding og går inn i kultur og samfunn, skriv dei.

Bibelseminar og feiring

I samarbeid med Samisk høgskule (Sámi allaskuvla) feirar bibelselskapa bibellanseringa helga 23.-25. august med ei rekke seminar og anna program.

– I eit av seminara blir det òg presentert bibelomsetjing og språkarbeid til fleire av dei samiske språka: sørsamisk, lulesamisk, enaresamisk og skoltesamisk, skriv Det norske bibelselskapet, som har invitert presse frå heile det samiske området til lanseringa.

I tillegg til ulike seminar om bibellesing, språk og lingvistikk vil programmet bestå av tekstlesing, song, musikk, foredrag og festgudsteneste. KPK