Ny adresse: Straume Forum

Eit samrøysta Forbundsstyre ber administrasjonen arbeide vidare med å realisere flytteplanar til Straume Forum.

Helgas Forbundsstyre var altså ikkje i tvil. Adresse for ImF bør i framtida vera Straume Forum – ikkje Søre Bildøy

BAKGRUNN: Vurderer flytting

– På grunnlag av dokument utarbeidd av administrasjonen og innspel frå krinsleiarar og Bibelskule-styret, ønskjer ImF-styret å avhende noverande administrasjonsbygg for deretter å investere midlane frå dette i nye kontorlokale i det planlagde Straume Forum. Dette vil gje ImF gode lokale i eit kommunikasjonsmessig knutepunkt. Samstundes trur vi realiseringa av Straume Forum vil vere ei rett og naudsynt satsing for indremisjonsarbeidet i administrasjonens nærområde, og ImF vil med dette forsterke relasjonane til misjonsfolket

Av dei fem krinsleiarane som hadde kome med innspel var fire tydelege på flytting til Straume som det beste alternativet.

Bibelskulen.
Ein av innvendingane mot flytting til Straume har vore frykta for svekka band til Bibelskulen på Bildøy. Det har difor vore drøfta om det kunne vera eit like tenleg alternativ å byggje nytt administrasjonsbygg saman med Bibelskulen på deira område.

Dei planane vart ikkje vurdert som reelle per i dag.

Bibelskulen sitt styre har heller ingen innvending mot flyttevedtak dersom det samstundes vert arbeidd aktivt med å styrke banda mellom ImF som eigar og Bibelskulen.

Arbeida for betre band.
– Styret for Bibelskulen har forståelse for at ImF-styret ser behov for å flytte administrasjonen til meir tjenlige lokaler. Et viktig moment ved flytting, må være at ny lokalisering ikke fører til svekket kontakt mellom administrasjon og skole. Men styret kan ikke se at en samlokalisering mellom skolen og administrasjonen, eller at administrasjonen blir i sitt nåværende bygg, er en forutsetning for at kontakten blir ivaretatt og helst styrket, og at man har fokus på godt samvirke på naturlige punkt, heiter det i vedtak frå Bibelskulen sitt styre.

At flytting ikkje inneber ei svekking av samarbeidet, vert også understreka i Forbundsstyret sitt vedtak.

– Bibelskulen og ImF-administrasjonen treng kvarandre som aldri før, og ImF er bevisst på at ein skal stille opp for skulen både med tanke på anlegget, personale og studentar.

Ikkje endeleg.
Dermed er eit første steg tatt mot nye lokale for ImF sjølv om endeleg vedtak ikkje er fatta:

– Styret er klar over at det er tunge avklaringar som må til framover for at flytting til Straume Forum skal verte ein realitet. Styret bed administrasjonen så raskt som mogleg å legge fram tilstrekkeleg økonomisk grunnlagsmateriale før endeleg vedtak om avhending og kjøp.

Ikkje samanslåing.
For Straume forum sin del er vedtaket gull verdt. Dei får nå eit tydeleg ImF-stempel på sitt nye bygg, noko som vil styrka prosjektet både lokalt og i arbeidet med finansieringa. Styret er glade for at dei på denne måten kan bidra, sjølv om dette ikkje inneber at administrasjon og forsamling vert eitt.

– Styret er takksam for visjonen om at Straume Forum skal ha tydeleg ImF-identitet, og samstundes vil vi understreke at ImF-administrasjonen og forsamlinga i Straume Forum må stå heilt fritt til kvarandre.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.