Sambåndet

Lørdag 14. desember 2019
RSS
BØN: – Sjølv konservative muslimar vil veldig gjerne bli bedt for av kristne, så lenge vi ikkje les bibelvers over dei, seier misjonærane «Anders» og «Anne». Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Dei døyper muslimar heime i badekaret

Det vert sagt at fleire muslimar er blitt kristne dei siste 15 åra enn dei tusen før det. «Anne» og «Anders» er utsendingar for Frikirken og har døypt nokre av dei.

Skrevet av Stein Gudvangen, Kristelig Pressekontor den 22. juli 2019.

Etter fleire år i misjonsteneste for Frikirken i eit land i Midtausten, ser dei stadig fleire muslimar kome til tru på den Jesus som Bibelen fortel om. Mange lèt seg også døype.

Dette er noko av det dei innvier misjonsvener i under Den Evangelisk Lutherske Frikirke sitt sommarstemne, Visjon, som vart avslutta i helga. Seinare i sommar skal dei reise rundt til forsamlingar i Noreg og fortelje om arbeidet sitt.

«Anne» og «Anders»

«Anne» og «Anders» kan ikkje oppgi dei verkelege namna sine, fortelje kva for eit land dei jobbar i eller stå fram på bilete med andletet synleg. Dette er berre nokre av tryggingstiltaka knytta til arbeidet dei driv i eit land der det ikkje er lov å skifte religion.

Ekteparet har mindreårige barn og er ikkje redde for familien sin tryggleik, men dei kan ikkje risikere å bli attkjend. Det kan setja både arbeidet og fleire av dei som bur i landet og som dei samarbeider med, i fare. Når sommarferien er over, skal dei tilbake til Midtausten, der dei har planlagt å jobba vidare i fleire år framover.

Til saman har dei vore misjonærar i rundt ti år og vorte ganske erfarne. Først var dei eit par år i afrikanske land, men det opna seg inga dør for dei. No er dei i eit anna land, og målet er å hjelpe Jesus-truande så dei kan greie seg sjølv. Imens jobbar Anne og Anders «sivilt» og samarbeider med nasjonale kristne.

Misjon som brudepris

Ekteparet hadde litt ulikt utgangspunkt før dei trefte kvarandre. Ho hadde tenkt på misjon frå ho var barn. Då dei vart eit par, gjekk han med på å prøve eit år ute, men trong tid på å bli overtydd om at dette var vegen dei skulle gå.

– Eg fekk ikkje akkurat skrifta på veggen, men ganske langt tilbake i barndommen tenkte eg at eg skulle reise ut som misjonær, fortel Anne som var så sikker i si sak at ho tok misjonærutdanning og orienterte seg mot muslimmisjon.

– Eg valde å gå inn ekteskapet med Anders, og han lova å bli med vekk frå heimbygda i eit år, seier Anne.

– Det var brudeprisen, men det var det verdt, seier Anders og ler.

Etter det første året ute, tenkte han i grunnen at han hadde oppfylt løftet sitt, og at dei ikkje skulle dra ut igjen, men noko hende.

Bøksle og Børretzen

I slutten av 2011 høyrde Anders ein song på TV framført av Helene Bøksle og med Odd Børretzens tekst: «Skulle hatt en mur rundt hjertet mitt, skulle hatt en mur rundt alt som er mitt, så jeg kunne sitte i fred i hagen min og vite at verden ikke kom inn hit, men jeg har ingen mur, jeg ser, jeg hører, jeg vet.»

– Dette forandra meg. Gud kalla på meg, og det var ei sterk oppleving for meg. Eg hadde allereie vore i eit misjonsland og sett korleis det var der. Eg var ein av dei som hadde sett og høyrt menneske som trong både evangeliet, reint vatn, skular og ei lang liste med andre ting. Og då eg høyrde denne songen, opna døra seg for meg, seier han.

Ber for muslimar

– Kvifor muslimmisjon?

– Det var berre akkurat som muslimar vart lagt litt på hjartet mitt. Det kjendest for meg som om dei levde i eit mørke, og eg ville gjerne bringe lys inn i dette mørket, fortel Anne.

– Eg var nok mest oppteken av såkalla unådde folkeslag, seier Anders. For han var det underordna om det var muslimar.

I landet der dei arbeider, nyttar det ikkje å stille seg opp på torget og dele ut traktatar til forbipasserande eller springe rundt og snakke med folk med Jesus-button på jakkeslaget.

– Men vi treff mykje folk, og dei kjenner oss så godt at dei veit at vi er andelege menneske, og mange vil at vi skal be for dei. Sjølv konservative muslimar vil veldig gjerne bli bedt for av kristne så lenge vi ikkje les bibelvers over dei. Men vi kan velsigna dei og be for dei viss dei har ein sjukdom. Det er i alle fall ikkje ofte vi får nei når vi spør om vi skal be, seier Anne.

Dåp i badekaret

Mange muslimar fortel om draumar dei har hatt, der Jesus syner seg for dei. Andre fortel om ulike hendingar som har ført dei fram til tru på Jesus.

– Då vi kom til den staden der vi bur, hadde eg stor tru på at Gud ville gjere noko gjennom oss. Vi traff mykje folk, men det skjedde lite. Etter eit par år var nok noko av forventninga mi borte, sjølv om eg ikkje hadde mista trua på at noko skulle hende, seier Anders.

Men våren etter vart annleis. I staden for at Anne og Anders sjølv fann folk som ville høyre om Jesus, kom det menneske til dei som ville høyre om trua deira. Då hadde dei brukt mykje tid i bøn, og dei visste godt at det var andre som hadde bedt og arbeidd før dei.

– Det er fint å oppleve at Gud jobbar i menneske. I år har vi høyrt fleire historier om den lange vandringa mange har hatt. Nokre har gått på vegen frå dei var små, og så får vi vere med når dei skal døypast, seier Anders og fortel at fleire er døypte i badekaret heime hjå dei.

Nokre har ei trusreise som startar på nettet og held fram med ein samtale og møte med ulike menneske før dei etter ei tid finn trua. Undersøkingar syner at det trengst kring 20 slike hendingar før dei er klare. I snitt tar prosessen fem år.

Trosskifte forbode

I landet der Anne og Anders bur, er det forbode å skifte tru. Religionen du har i passet ditt, er den du vert ståande med livet ut. Men motstand frå styresmakter, familie eller vener stoggar ikkje dei som leitar. Truleg er fleire muslimar i Midtausten vorte kristne dei siste 15 åra enn i heile det årtusenet før. Kvinner og menn i alle aldrar vender om til Jesus.

– Det er vanskeleg å vite akkurat kor mange i Midtausten som kjem til tru, men vi veit det er mange fleire enn før, seier Anders.

Han og Anne har lært at tolmod er naudsynt, og at dei ofte haustar der andre har sådd.

– Ting tar tid, men Gud er den som rører hjarta. Vi har så lett for å legge ting på eigne skuldrer, men det som skjer, er ikkje så avhengig av oss som vi ofte tenker, seier Anders. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Tor Kristian Birkeland blir ny generalsekretær i Himalpartner. I Det norske misjonsselskap tek Helge S. Gaard over som generalsekretær etter Jeffrey Huseby, som blir ny toppleiar i Sjømannskyrkja.

ImFs folkehøgskoler ønsker å redusere sine klimagassutslipp med 40 prosent innen 2030. For å klare det må de også redusere sine flyreiser, men da risikerer de å miste elever.

Inntil nylig sto Til helhet oppført med sju medlemmer. Nå er det fem igjen.

Sliter du med å finne julekort med klassiske kristne motiver, har du trolig ikke prøvd hardt nok, for kortene finnes. Uansett hjelper det å etterspørre juleeffekter du savner.

KVS Lyngdal har så langt i år tjent 1,3 millioner kroner på salg av tømmer.

Copyright © Sambåndet 2019