Valkomiteen i rute
Gode navn er på foreslått. No startar arbeidet med å få «ja» fra kandidatane.
– Me har fått inn forslag på mange gode namn, så me er godt i rute, seier Ingebrigt Sørfonn, sekretær for valkomiteen før sommarens Generalforsamling i ImF. Han har nå saman med resten av komiteen utarbeidd ei «spørjeliste».
– Me vil i tida framover ta kontakt med aktuelle kandidatar for å utfordra dei til å stille til val for Forbundsstyret. Så viss det kjem brev, e-post eller telefon fra ImF i nær framtid, er det ikkje sikkert det er gåveaksjon som er på gang, seier Sørfonn med eit smil.
Nytt Forbundsstyre skal veljast under sommarens Generalforsamling på Bildøy, 28.- 31. juli. Distrikta som står på val er Indremisjonssamskipnaden, og Nordmøre og Romsdal Indremisjon. I tillegg skal det veljast formann for to nye år. Dagens formann representerer distrikt Finnmark og landet for øvrig. Det skal også veljast varamedlemmer til styret.
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!