Endelege regnskapstall klare

Testamentariske gåver og ein god gåveinnspurt gjev pluss i boka.

Dei siste tala frå rekneskapsåret 2012 fell nå på plass og tala er god lesing: økonomiåret 2012 endar med 400.000 i pluss. Ein av grunnane er testamentariske gåver på nærare 900.000, eit svært høgt tal for ImF.

– Me har ikkje tradisjon for å budsjettera med slike gåver. Me kjenner difor på ei stor glede og takksemd når menneske vel å dela av livsarva si på denne måten, seier økonomileiar Ingebrigt S. Sørfonn.

Svikt i FGS.
Dei ordinære gåveaksjonane har også gitt gode resultat. Budsjettmålet på 1,8 millionar vart nådd.

– Det såg litt stygt ut ei stund, men misjonsfolket stilte nok ein gong opp mot slutten av året, seier Sørfonn, som er litt meir uroleg for tala for FGS – fast gjevarteneste.

– Der manglar me 350.000 for å koma i mål i forhold til budsjett. Det uroar litt. Me skulle gjerne hatt langt fleire over på denne ordninga for det gjer alt så mykje lettare når me skal planlegga året vårt.

Men ikkje alt er positivt. På driftssida kom det ein stygg datasmell som ikkje var tatt høgde for.

– Me måtte skifta ein del utstyr og fekk i tillegg ein del driftsproblem der me måtte leiga inn ekstern kompetanse. I den bransjen går taksameteret fort, så det kosta dyrt, seier økonomileiaren.

– Medisinen virka.
Sjølv om året under eitt vert gjort opp med gode tal, er økonomileiaren svært forsiktig med å friskmelda økonomien
i Forbundet.

– Eg vil sei det slik: den sterke medisinen me var nøydd til å ta, smakte vondt. Heldigvis ser den ut til å ha virka. Men det er alltid slik at man skal væra forsiktig med å ila til med friskmelding etter ei tøff behandling, seier Sørfonn.

– Men me har funne eit nivå på utgiftssida som samsvarer med dei faktiske inntektene me har. Det viser årets tal. Ser me vekk frå både ekstragåver og it-utgiftene, har me truffe godt med budsjettet, seier Sørfonn.

Raude tal til slutt.
Men til tross for dei gode tala, dei som studerer rekneskapstala nøye, vil finna eit underskot likevel. I rekneskapslova heiter det at ein kan føra inn «vesentlege tap som vert kjent etter balansetidspunktet». Slike tal kjem i år får Vestbok etter at bokhandlaren vert lagt ned.

– Lånet me gav i 2010 og verdien på aksjane våre, vert ført som samla tap på 1, 4 millionar. På pluss-sida kan me føra inn ImF-UNG sitt overskot. Det gjer at samla resultat, slik det framkjem i ImF-reknskapen, vert eit underskot på 400.000, forklarer Sørfonn.

Ikkje vekst.
Det han likevel gler seg over, er at medisinen som vart tatt, har gitt betre kontroll over ordinær drift, men den har ikkje gitt større rom for handling. Stillingane som vart kutta eller vart ståande tomme, står framleis tomme. Slik vil det truleg bli også framover. Akkurat nå gler han seg likevel mest over dei gode tala for 2012

– Det fyller oss med takksemd og varme når misjonsfolket støttar arbeidet med sine gåver. Det inspirerer oss til å stå på saman med dei. Så er det vår jobb å forvalta desse gåvene på best mogleg måte, seier Sørfonn.

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.