Med generalen på hjul

– Mi oppgåve er fyrst og fremst å rulla opp løypa for Erik, seier IT-leiar Øyvind Angelskår

Nokre feilvalde bokstavar tidleg i januar har ført til rullande sommarplanar for IT-leiaren. Men han tapte ikkje med vilje.

– Nei, eg kan garantera at eg gjorde alt eg kunne den kvelden for å vinna, sukkar han.

Erik i dragsuget.
Den skjebnesvangre kvelden var arbeidarfesten til ImF. Som ein del av underhaldninga spela Øyvind det populære nettspelet WordFeud mot Kenneth Hjortland, adm. leiar i Bergens Indremisjon. Premissane var klåre: taparen skulle sykla til GF i Lyngdal for på den måten å samla inn pengar til Bibelskulen. 69 deltakarar lova straks å gje minst 500 kroner når Øyvind eller Kenneth rulla inn i Lyngdal.

– Men sommarplanane mine inneheld ikkje GF dette året, så det passa rett og slett ikkje inn å sykla. Eg kunne berre ikkje tapa, seier Øyvind med smerte i stemma.

Men slik vart det ikkje. Han tapte, og tapet fekk konsekvensar.

For den andre premissen denne kvelden var: dersom vinnaren får meir enn 465 poeng, så skulle Erik Furnes sykla med. Vinnaren fekk 488.

Banar veg.
På grunn av ulike sommarplanar skal Øyvind og Erik begge sykla ned i god tid før GF startar. Erik startar 11. juli. Då er Øyvind for lengst i mål.

– Kjem du då til å leggja ut hindringar i vegen for Erik slik at du får ei betre tid enn han?

– No er ikkje dette ein konkurranse, men hadde det vore ein konkurranse, ville mitt mål vore å vinna på ærleg vis, ikkje med fusk, seier IT-leier Øyvind Angelskår bestemt.

– Eg tenkjer vel heller at min jobb er å rulla opp løypa for Erik. Det er mest så eg får lyst til å seia: etter meg kjem det ein som er langt større – og som har langt betre sykkel.

Nytt bakhjul.
For der generalsekretær Furnes har alliert seg med kretsleiarane og fått påspandert seg ein ny sykkel, har ikkje Øyvind Angelskår fått same gåva frå sine (ikkje-eksisterande) IT-kollegaer.

– Men eg skal få meg nytt bakhjul, understrekar han.

Han reknar uansett med å ha ein viss fordel.

– Eg har sykla til og frå jobb dei siste fire åra. Dermed er eg veldig godt trent – for korte løp i kupert terreng.

– Så då blir det litt nedtur om du ikkje slår generalen likevel?

– Nei, for her er det berre å erkjenna at det blir ein seier i seg sjølv å nå fram. Klarer vi det, utløyser det minst 35 000 til Bibelskulen.

– Og dersom ein av dykk ikkje kjem til mål?

– Då vert det opp til misjonsfolket å vurdera om innsatsen vår likevel var så god at det fortener nokre kroner til bibelskulen.

 

LES OGSÅ: lettere krank av kretsene

 

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.