Vil byggja hall i evja
Årsmøtet i Indremisjonssamskipnaden svarte ja denne helga.
Framnes KVGS (kristne vidaregåande skule) arbeider med planar om ein ny idretts-/fleirbrukshall i ei utfylling i Vikøyevja.
– Eit anslag viser at hallen vil koma på mellom 25 og 35 millionar kroner, seier rektor Harald Voster til Sambåndet.
Bytehandel.
Tanken er at hallen skal ha plass til ein handballbane og ein liten fotballbane. Idrettshallen som skulen har i dag, er for liten, og det er ikkje mogleg å ha to klassar i hallen samstundes. Framnes låner hall i Norheimsund i ein bytehandel med Kvam herad der elevane i Vikøy låner basseng på Framnes. Men no legg heradet ned småskulane rundt Norheimsund, og avtalen med Framnes går ut. Grunna mangel på kapasitet blir det heller ikkje mogleg å leiga hall i Norheimsund framover.
– Det er viktig for Framnes å kunne møta framtida med eigna lokale, seier Harald Voster.
Omregulering.
Området i Vikøyevja der hallen er tenkt bygd, er på om lag 2,5 mål (2500 kvadratmeter). I dag er dette området regulert til allmennnyttige formål, park og idrett, og det er behov for omregulering.
– Vi har eit godt samarbeid med heradet om dette. Me ynskjer at andre også skal få nytta hallen, til dømes til 17. mai-arrangement eller utleige til fotballag, seier Voster.
Om alt legg seg til rette, kan bygginga starta hausten 2014 med ei byggjetid på eitt skuleår.
Årsmøtet.
– Første steg no er at årsmøtet i Indremisjonssamskipnaden (IMS) gir grønt lys 21.–23. juni. Først då kan plangruppa gå skikkeleg i gong med arbeidet og få sendt planar ut på anbod, seier Voster.
Formelt er det slik at drifta av skulen er eit samarbeid mellom Indremisjonssamskipnaden (IMS) og Indremisjonsforbundet (ImF). Framnes Eigedom (IMS) eig eigedomen og bygningane på Framnes, inkludert ein del av grunnen der ein ynskjer å byggja hallen. Resten er det Kvam herad som eig. IMS-styret tilrår at Framnes KVGS kjøper den aktuelle grunnen av Framnes Eigedom og Kvam herad og står for bygginga. Med ei slik løysing vert det minimum 7 millionar kroner å tena på refusjon av meirverdiavgift. IMS føreset å få opsjon på å overta anlegget, og prisen ved ei eventuell overtaking blir lik restgjelda.
– Investeringskostnadane skal finansierast ved lån, og driftskostnadene er tenkt dekka ved intern husleige, opplyser rektor Harald Voster.
OPPDATERT: Årsmøtet i Indremisjonssamskipnaden gikk enstemmig inn for planene om ny hall
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!