Arbeidet med ny idrettshall i gang

Tysdag starta arbeidet med å byggja ny idrettshall ved Framnes kristne vidaregåande skule.

Styret for Framnes kristne vidaregåande skule i Hardanger vedtok i slutten av februar å byggja ny idrettshall. Totalentreprenøren, Brødrene Ulveseth AS, starta arbeidet tysdag 4. april. Selskapet er i full gang med å planera området, og Kvam kraftlag AS har sett opp ny trafostasjon. Deretter skal det setjast opp sikringsgjerde og arbeidsbrakker. Om kort tid startar arbeidet med å setja ned pælar i grunnen.

Målet er å gjera hallen ferdig til mai 2017. Hallen kostar om lag 40 millionar kroner eks mva. Alle formalitetar rundt byggesøknaden er på plass.

Styrkjer skulen

«Framnes arena» får standard handballbane med parkett og fotballbane på 27×36 meter – med krøllgras som dekke. I tillegg vert det m.a. nytt styrkerom og truleg ny klatrevegg.

Vidare skal det vera fire garderobar, i tillegg til lærargarderobe og handikapgarderobe. I andre etasje vert det styrketreningsrom på 170 kvadratmeter. Det vert òg eit disponibelt rom på 60 kvadratmeter som kan brukast til klasserom, spinning eller liknande. Det vert om lag 220 sitteplassar på tribunen. I handballhallen vert det automatisk uttrekstribune med plass til 306 stolar

I det kommunale området ved hallen skal det lagast park, fotballbane og ny sandvolleyballbane.

– Det nye anlegget vil verta eit betydeleg løft for både idrettsutdanninga vår og for skulen elles, seier rektor Harald Voster.

Ombygging

Skulen er allereie i gang med å planleggja ombygginga av den gamle gymnastikksalen. Her er det plass til eksempelvis ekstra klasserom, bibliotek og lesesal fordelt på to plan.

Skulen er eigd av Indremisjonsforbundet (ImF) og Indreminsjonssamskipnaden (IMS).

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.