Diakoni frå teori til praksis

I mange år har Annbjørg Barane undervist i diakonale fag. Det siste året har ho opplevd diakoni i praksis frå andre.

Diakoni er eit av Annbjørg Barane sine hjartebarn. I mange år har ho jobba som lærar, blant anna på Bibelskulen på Bildøy.

− Eg har undervist i diakonale fag, og eg vil leggje til at det er lettare å snakke om diakoni enn å praktisere. Eg har lettare for å preike, andre har lettare for å praktisere, begynner ho.

Diakoni i praksis
I november 2013 hadde ho eit uhell som i første omgang lamma høgrearmen. Då vart ho avhengig av hjelp.

− Eg har før hatt teorien om diakoni. No har eg sett det i praksis hos andre, seier ho og nemner døme i fleng.

− Eg har møtt diakoni frå mange ulike menneske. Eg har møtt hjelpa frå hjelpeapparatet og hjelpa frå frivillige. Det er alt frå besøk, oppmuntrande ord, blomehelsingar, nysteikte bollar, nokon som ringjer på døra og vil gje meg ein klem, eller nokon som spør: «Kan eg hjelpe deg med noko?». Og ein lærar frå Bibelskulen tok med seg ein gjeng studentar og rydda heile hagen min.

Å gjere noko for Jesus
− Kva er diakoni?

− Diakoni er teneste for andre menneske, og det er å gjere noko for Jesus. Å gjere noko for Jesus, er å gjere noko for medmenneske. I løpet av livet treng alle menneske noko frå andre. Ikkje like mykje til ei kvar tid. Tenkjer ein på eit langt liv, så er gjerne barn og eldre ytterpunkta då vi ikkje er produktive og effektive, men vi treng merksemd og at nokon bryr seg. Vi treng noko i ulike situasjonar og ulike samanhengar. På forskjellige punkt er vi hjelpelause. Under oppveksten kan det vera viktig bare å bli sett, gitt merksemd og at nokon bryr seg om oss. Det treng ikkje alltid vere dei store tinga.

Då ho jobba på Bibelskulen, var ho oppteken av at studentane hennar skulle sjå andre menneske og deira behov, og dei skulle bli tent og oppmuntra til teneste.

− Så må ein kvar finne ut kva som er deira teneste. Alle skal ikkje gjere det same. Hovudsaka i diakoni er å vise veg til Gud. Kjærleiken vi sjølv har motteke frå Jesus, vil vi formidle til andre. Tenesta har eigenverdi sjølv om ein ikkje preikar om Jesus. Det er kristen formidling gjennom teneste. Gud har omsorg for oss, og vi kan vere tenarar for denne omsorga.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.