'- Dette med eit radikalt liv sett i lys av Hans Nielsen Hauge, trur eg årets føredragshaldarar på Haugeseminaret får fram på gode måtar, seier Per Sævik, ein av arrangørane til Haugeseminaret i Fosnavågen. FOTO: SIV-ELIN NÆRØ
Eit radikalt liv i lys av Hans Nielsen Hauge
Kristne verdiar får ikkje betydning for framtida om dei ikkje blir synliggjort i livet her og no, meiner tidlegare leiar i Ungdom i oppdrag.
Årets tema på Hans Nielsen Hauge-seminaret i Herøy Frikyrkje i Fosnavågen fredag 19. oktober er formulert slik: «Korleis leve eit radikalt liv som kristen i ei tid som denne, sett i lys av Hans Nielsen Hauge sitt liv og virke?». Til å snakke om dette temaet har arrangørane fått historikar og forfattar Linda H. Haukland og forkynnar Alv Magnus, tidlegare leiar for Ungdom i Oppdrag, til å halde innlegg om “den radikale Hauge-arven”.
– Eg vil i lys av temaet løfte fram haugianarane som demokratiforkjemparar, talspersonar for likeverd og som radikale Kristus-etterfølgjarar sjølv om det på det personlige planet var eit reint tapsprosjekt, og stille spørsmålet: «Kva var det som motiverte haugianarane?» Haugianarane hadde samfunnsengasjement og tok samfunnsansvar. Det vart fire haugianarar på Eidsvoll i 1814, og 35 haugianarar var stortingsrepresentanter mellom 1815 og 1860, fortel Linda H. Haukland.
Ho har i mange år halde ei rekke foredrag om Hans Nielsen Hauge over heile landet. Til dagleg arbeider ho som førstelektor ved Nord universitet i Bodø.
Alv Magnus har vore mangeårig leiar av Ungdom i Oppdrag. Gjennom studiet av Hauge-rørsla si betydning for det norske samfunnet mottok han viktige impulsar for si gjerning som leiar. Magnus skreiv ein avhandling for magistergrada på Universitetet i Oslo om Haugerørsla som han kalte “Vekkelse og Samfunn”. Det har også vorte ei bok med tittelen «Veirydder med gnagsår». Boka har vore utseld frå forlaget i mange år. Ei utvida utgåve vil komme ut neste år.
Alv Magnus meiner at Hauge er viktig i dag, fordi han skaffa seg læresveinar. Dermed vart det ei rørsle.
– Truverdet til haugianarane i folk sine auge var integriteten deira, og at dei var vennlege mot andre sjølv under forfølgingar. Elles vil kristne verdiar neppe ha noko betydning for framtida viss dei ikke vert synleggjorte i livet her og no. Dei som forfektar dei, må leve dei. Levande modellering er smittande. Folk må sjå for å gripe, understrekar Alv Magnus.
Det er Per Sævik, Per-Arne Lillebø, Olaus Jon Kopperstad og Roger Kvalsvik som arrangerer seminara om Haugerørsla. I år har dei fått med seg songarane Vegard og Synnøve Voldsund.
– Årets tema ventar eg skal passe godt inn i rekka av Haugeseminar, som vi har arrangert åtte gonger tidlegare. Dette med eit radikalt liv trur eg årets føredragshaldarar vil kunne få fram på ein god måte, med dei studiar som desse har gjort i Haugerørsla. Vi har valt Frikyrkja i Fosnavåg som møteplass. Vi ser fram til 19. oktober og vonar at vi også dette året vert positivt overraska med godt frammøte, seier Per Sævik.
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!