FRYKT: I organisasjonen Menneskeverd er ein redd for at den nyleg vedtekne loven i delstaten New York i USA skal føra til fleire seinabortar. Foto: Pixabay.

Skremt over ny abortlov

Organisasjonen Menneskeverd ser med uro på abortloven som nyleg er vedteke i delstaten New York i USA. Frykta er at han skal opna for fleire og farlegare seinabortar.

Bølgjene har gått høgt både i USA og andre land etter at den lovgivande forsamlinga i delstaten New York har vedteke eit ny lov som i prinsippet opnar for at foster kan aborterast heilt fram til fødselen utan at det vert ramma av straffeloven.

– Skremmande

SKREMT: Maria Victoria Kjølstad Aanje i Menneskeverd er uroleg for kva som kan skje etter at den nye abortloven som vart vedteke i New York. Foto: Menneskeverd.

Maria Victoria Kjølstad Aanje i organisasjonen Menneskeverd er skaka over vedtaket i New York, men påpekar at det er vorte misoppfatta i ein del medium. Det er ikkje, slik ho les fakta i saka, opna for sjølvbestemte seinabortar i kvart og eit tilfelle heilt fram til fødsel, sjølv om fleire mediekanalar har meldt dette.

Derimot kan det, slik til dømes sambåndet.no presiserte, løyvast abort heilt fram til fødsel dersom livet og helsa til kvinna er truga og tilstanden til fosteret er usemjande med liv, presiserer ho.

I den nye loven i delstaten går grensa for at kvinna kan avgjera om ho vil ta abort, ved 24 veker. Etter 24 veker må vilkår som livet og helsa til kvinna, eller at helsetilstanden til fosteret ikkje er «semjande med liv», vera oppfylt.

– Ein kan stilla seg undrande til korleis ein skal definera «helsa» og «ikkje levedyktighet». Her er det stort rom for tolking og skjønn, og dette er skremmande, seier Aanje til Kristeleg Pressekontor.

Ho har brukt ein del tid på å setja seg inn i vedtaket frå New York og meiner den nye loven går svært langt i retning av å opna for seinaborter òg på levedyktige foster.

Virginia

Dei siste timane har ein video frå den lovgivende forsamlinga i ein annan amerikansk delstat, Virginia, blitt sett av mange på sosiale medium (sjå nedanfor). Her ser vi Kathy Tran, ein fersk politikar frå Demokratene, blir utspurt av republikaner og fleirtalsleiar Todd Gilbert om eit nytt lovforslag om abort. Gilbert spør om Trans lovforslag opnar for abort helit fram til minuttar før fødselen skjer, og Tran svarar bekreftande på det.

Her synest det å vera avklart at Tran gjekk lenger i svaret enn det lovforslaget opnar for, sjølv om det er alvorleg nok. Lovane i delstaten Virginia tillet allereie abort i tredje trimester (frå 29. til 40. veke av svangerskapet) dersom det er vurdert slik at helsa til den gravide i stor og uhelbredeleg grad ville blitt skada av å fortsetja svangerskapet. I dag må tre legar gi sin tillating til slike seinabortar, medan lovforslaget reduserte dette til ein.

I tillegg ville denne eine legen fått moglegheit for å tillata seinabort for kva som helst medisinsk grunn, inkludert fare for skade på den mentale helsa til den gravide. Lovforslaget ville òg ha opna for at aborter i andre trimester (frå 13. veke til utgangen av 28. veke) kunne utføres på andre stader enn lisensierte sjukehus. Lovforslaget blei til slutt nedstemt.  

 

 

Roe v. Wade

Domsslutninga i USA sin føderale høgsterett i saka Roe mot Wade frå 1973 slår fast at amerikanske kvinner, basert på tilvisinga til grunnlova til retten til privatliv, har rett til abort, med visse avgrensingar heilt fram til fødselen.

Denne domen går over lovar på delstatsnivå som i 1973 kriminaliserte abort. På denne tida var abort berre tillate i nokre få statar, og alle statane vart gjennom Roe v. Wade tvinga til å opna for abort.

Delar av Roe v. Wade er seinare modifisert av domen i saka Planned Parenthood mot Casey (1992) som opprettheld kvinna si grunnleggjande rett til abort, men set til side deler av han ved å visa til at eit foster som vil vera levedyktig utanfor livmora, ikkje kan aborterast. I praksis vil dette seia at det ikkje vert gjeve generelt tilgjenge til abort etter veke 24 i svangerskapet.

Den nyleg vedtekne loven i New York går likevel lenger og opnar opp for seinabortar etter veke 24 og i prinsippet heilt fram til fødsel, men då på visse vilkår. Dette har fått livsrettsforkjemparar både i USA og mange andre stadar til å reagera kraftig, ikkje minst i sosiale medium.

Frykter fleire seinabortar

Maria Victoria Kjølstad Aanje tolkar vedtaket i New Yorks lovgivande forsamling som eit «føre vár-tiltak» i tilfelle domsavgjerda i saka Roe versus Wade skulle opphevast etter at samansetinga i USAs føderale høgsterett er endra. Amerikanske abortmotstandarar har sett for seg ein slik moglegheit etter utnemninga av den konservative dommaren Brett Kavanaugh i oktober i fjor.

– Dette er mykje av motivasjonen bak vedtaket i New York, meiner Aanje, som er kommunikasjonsrådgjevar i Menneskeverd.

Ho tolkar det slik at vedtaket i New York går mykje lengjer enn kva Roe v. Wade i si tid opna for.

Aanje påpekar at loven i New York opnar for at ikkje berre lækjarar, men òg anna helsepersonell, som jordmødrer og sjukepleiarar, no kan gjennomføra abortar i delstaten.

– Spørsmålet om helsa til kvinna er òg lagd inn, og dette er så ope for tolking at det kan medføra fleire seinabortar som òg er svært belastande for kvinna, fryktar ho.

Vidare peikar ho på at helsepersonell som gjennomfører ein abort heilt fram til termin, ikkje lenger kan strafforfylgjast etter delstatslova.

– Då er ein i eit farleg farvatn, fordi det kan føra til at legar gjennomfører svært problematiske abortar seint i svangerskapet som ikkje er i tråd med lovverket, men at det likevel ikkje får rettslege konsekvensar for dei, seier Aanje.

Annleis i Norge

– Ser dykk i Menneskeverd at denne saka er relevant for den norske debatten?

– Nei, vi har eigenleg ikkje hatt ein debatt i Norge om det som no skjer i USA, og eg trur at den nye lova er så ytterleggåande at folk flest ristar på hovudet, seier Aanje.

Ho viser til Unge Venstre-leiar Sondre Hansmarks utspel sist haust der han gjekk inn for fri abort ut over veke 24, men der han møtte motstand sjølv i eige parti.

– Dette er det ein tydeleg og brei motstand mot i Norge, blant anna i lys av at premature barn no kan bergast frå veke 23. 80 prosent av dei som vert fødd så tidleg, overlever, seier Aanje som ikkje er umiddelbart redd for at vedtak som det i New York skal få smitteeffekt i Noreg.

Når det har vore forholdsvis stille om denne loven i norske medium, reknar ho med at det vert skulda at merksemd om han ikkje tener norske abortforkjemparar si sak.

– Vi har politikarar og andre aktørar som ynskjer å drøfta både abort og bioteknologi meir nyansert og mindre polarisert enn ein gjer det i USA. Sjølvsagt har vi òg i Norge eit forbetringspotensial, men eg vil hevda at samtaleklimaet er mindre polarisert her, seier ho. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.