SENTRALT: Danielsen videregående skole held til i Bergen sentrum. Foto: ImF Media arkiv

Rektor blir «åndeleg leiar»

Rektorane ved Danielsen-skulane får det no svart på kvitt i instruksen sin at dei ikkje berre er administrativ leiar for skulen.

– Dei kristne friskulane har eit dobbelt mandat – det skulefaglege og det som har med det kristne livet å gjera. Det er naudsynt å plassera ansvaret for at det er kvalitet over begge disse felta, seier formann for Rådet for Egill Danielsen Stiftelse (EDS), Erik Furnes, til Sambåndet.

Kristus kjent
Ny og felles rektorinstruks blei vedteken i alle skulestyra 16. januar i år. Her står det først generelt at rektor er «daglig leder» for skulen med tilvising til friskulelova. I paragraf to er det utdjupa med at rektor er åndeleg og pedagogisk leiar og har ansvar for dagleg økonomisk, juridisk og administrativ leiing.

At rektor er åndeleg leiar for skulen er i paragraf to forklart slik: «Det betyr at rektor har ansvar for at hele skolens virksomhet preges av den evangelisk-lutherske kristendomsforståelsen som er beskrevet i skolens basisdokumenter, slik at skolens verdigrunnlag blir formidlet med troverdighet, relevans og respekt for eleven. Rektor skal være en drivkraft for at Kristus skal bli gjort kjent for elevene så han (Kristus, red.anm.) kan bli trodd og etterfulgt, og for at bibel, bønn og andakt skal ha en sentral plass i skolehverdagen.»

Tolking
Sambåndet kjenner til at det har vore stilt spørsmål ved formuleringa «åndeleg leiar» med tanke på om skulane fortsatt kan ha kvinneleg rektor.

– I Rådet har vi aldri meint at denne formuleringa skal vera eit hinder for kvinneleg rektor. Det er meint som ei positiv framheving av det kristne arbeidet ved skulene – at det ikkje skal overlatast til nokon i staben som måtte ha spesiell interesse for det, svarar Erik Furnes.

– Nokon vil også kunne tolka «åndeleg leiar» som det å ha eit lære- og tilsynsansvar, som etter eigarorganisasjonene sitt syn utelukkar kvinner. Kva seier du til det?

– Det har aldri vore snakk om eit slikt ansvar for rektor. I den grad slike spørsmål kjem opp, tar skuleleiinga kontakt med eigarorganisasjonene. Ein friskule er inga forsamling, understrekar Furnes.

Unntak
I saksframlegget til skulestyra viser dagleg leiar i EDS blant anna til saka for eit år sidan ved Normisjon-eigde Gjennestad videregående skole i Sandefjord. Her sa rektor opp stillinga fordi han ville gifta seg med ein mann og dermed vurderte at han kom i strid med verdidokumentet til eigaren. Dette blei tatt opp i Stortinget. I svaret karakteriserte kunnskapsministeren rektorstillinga som «reint administrativ» og sa at det då ikkje kunne gjerast unntak frå likestillings- og diskrimineringslova.

No blir det altså gjort klart at i Danielsen-skulane er rektorstillinga langt meir enn «reint administrativ».

– I Rådet har vi ikkje snakka konkret om Gjennestad-saka i samband med instruksen. Men på generelt grunnlag kan eg seia at mellom anna Gjennestad-saka gir aukt medvit om at det som tidlegare har vore sjølvsagt, også eksplisitt må understrekast i instruksen. Vi ser at vi er nøydt til å vera tydelegare, og det er rom for dette i likestillings- og diskrimineringslova, seier Erik Furnes.

Redaksjonen gjer for ordens skuld merksam på at Petter Olsen er 1. varamann til styret for to av Danielsen-skulane.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.