SKULEBYGG: Rogne/3H, som har vore i bruk av tidlegare Voss vidaregåande skule, er aktuell som bygg for Danielsen på Voss. FOTO: PETTER OLSEN

Massiv motstand på Voss mot friskule

ANALYSE Trass i oppmodingar frå innbyggjarar avviser Ap/Sp-dominerte Voss herad søknaden om kristen friskule i Voss sentrum.

21. mars skreiv sambåndet.no at Egill Danielsen Stifting (EDS) måtte søkja Utdanningsdirektoratet (Udir) om fornying av godkjenninga av ein ungdomsskule for inntil 90 elevar på Voss. Grunnen er at stiftinga ikkje har fått godkjent noko skulebygg og dermed ikkje har kunne starta opp innan fristen, som er hausten 2022.

Voss herad har rett til å uttala seg om søknaden før Udir gjer endeleg vedtak. I april og mai hadde heile fem ulike organ saka til handsaming, og samtlege vedtak går imot etablering av friskule på Voss.  

Ressursgruppe 

I veke 17 tetta det seg til med handsaming i både utval for levekår (27. april) og formannskapet (28. april). Fredag 22. april tromma ressursgruppa for Danielsen ungdomsskule Voss saman til støttemarkering, der om lag 70 personar stilte opp. Måndag 25. april sendte ressursgruppa eit brev til medlemmene av utval for levekår og formannskapet. Politikarane blir bedne om å «sjå forbi ideologiske forskjellar», og ressursgruppa viser til at fridomen til å velja skule er forankra i menneskerettane. «Gjeld ikkje denne menneskeretten på Voss?», spør dei. 

I si innstilling rådde rådmannen til å seia nei til friskule. Kunnskapsdepartementet peikar på at dersom vertskommunen meiner at etablering av friskule vil ha negative konsekvensar, må det påvisast at desse vil vere langvarige og vesentlege. Ideologiske eller reint politiske fråsegner vil ikkje vera tilstrekkeleg for å avslå søknad om etablering. 

«Kan»

Rådmannen si vurdering er dominert av det modale hjelpeverbet «kan». Om Danielsen får starta opp med 90 elevar i Voss sentrum, utgjer dette 16 prosent av dei om lag 560 ungdomsskuleelevane i heradet. Ungdomstrinnet på Granvin skule, som ligg 26 km frå Voss sentrum, kan reint matematisk bli redusert med fire elevar om Danielsen får etablera seg. Vossestrand skule, som ligg 19 km frå Voss sentrum, kan tilsvarande få sju færre på ungdomstrinnet. Overfylte Voss ungdomsskule – ein av landets største og som rådmannen erkjenner er den Danielsen vil rekruttera flest elevar frå, kan matematisk mista 78 elevar.  

Ressursgruppa viser til at Voss ungdomsskule vil kunne spara penger på å leiga færre brakker. Gruppa har òg funne dokumentasjon på at Voss ungdomsskule har eit høgt fravær – 10 prosent til ei kvar tid – og at skulen scorar lågare på trivsel og motivasjon enn gjennomsnittet for fylket og landet sett under eitt.  

– For ein del av desse elevane kunne eit byte til Danielsen ungdomsskule Voss vore redninga, skriv ressursgruppa. 

Pengar

I avisa Hordaland stadfestar rektor Claus Røynesdal at skulen har eit problem med høgt fråvær. Her kjem det òg fram at foreldrearbeidsutval og samarbeidsutval ved alle skulane i desember i fjor sende eit brev til Voss herad der dei gav uttrykk for bekymring, særleg for situasjonen ved Voss ungdomsskule. 

Rådmannen argumenterer elles med at vertskommunar får eit trekk i rammetilskotet frå staten tilsvarande talet på elevar som går på friskule. Dersom Danielsen hadde hatt 90 elevar i 2022, ville Voss herad fått eit trekk på 9,3 millionar i 2023. Ressursgruppa viser her til at heradet har gode kalkyker for dette, og dei meiner at «dette er ei problemfri tilpassing i dei fleste kommunar som har tilbod om friskular».  

Avslag

Støttemarkering og brev førte ikkje fram. I utval for levekår sette Katrine Matthiessen (H) fram forslag som tok opp i seg synspunkta til ressursgruppa, men fekk berre tre av ni røyster. Det litt spesielle er at Bridget Penny frå Raudt røysta for å seia ja til friskule. Torbjørn Gunnar Tuft-Titlestad (Frp) var vara for Tom Jarle Istad Kristiansen (KrF) og røysta saman med Matthiessen og Penny. 

I formannskapet sette Iril S. Johansen (H) fram ja-framlegget frå utval for leverkår, men alle dei åtte andre (frå Ap, Sp, SV og MDG) var einig med rådmannen. KrF har ikke fast representant i formannskapet. 

Dominans 

I heradsstyret 5. mai var det Hilde Magnusson (Ap) som sette fram rådmannen sitt framlegg, med nokre utvidingar (og endring av omgrepet «friskule» til «privatskule»), på vegner av partigruppene Sp, SV og Ap. Sp (14) og Ap (13) har til saman 63 prosent av representantane i heradsstyret. 32 av dei 43 representantane røysta for å seia nei, medan dei ni frå H, Frp og KrF røysta for at Danielsen skulle få etablera seg. Bridget Penny røysta denne gongen saman med fleirtalet. Det same gjorde Venstre sin eine representant i heradsstyret. 

8. april i år varsla kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) at regjeringa vil koma med forslag til lovendringar som vil styrka kommuane sine moglegheiter til å seia nei til nye friskular, men dette vil truleg ikkje få konsekvensar for søknaden frå EDS om fornya godkjenning på Voss.  Men Danielsen er uansett avhengig av å få naudsynte godkjenningar for eit skulebygg i eit herad der motstanden altså er til å ta og føla på.  

Først publisert i Sambåndet nr. 06-07/22, som kom ut 22. juni.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.