SOSIALT: Mange saknar kyrkjekaffien i desse dagar, men no kan han vere på veg attende. Biletet er frå ein utandørs kyrkjekaffi i Hasvik i Finnmark. Foto: Reidun I. Aasebø.

Kyrkjekaffien kan snart gjere comeback

(Korona) Gradvis vender gudstenestelivet attende over heile Europa. Norske kyrkje- og bedehusgjengarar lengtar etter andeleg samkjensle og til praten over kaffikoppen. Den treng ikkje vere langt unna.

Strømming av møte og gudstenester er blitt naudløysinga for mange kristne fellesskap dei siste månadene, men ingenting erstattar fellesskapen ein får ved å vere på same stad. Derfor ser mange med lengt fram til å kunne møtast for å lovsynge og lytte til forkynning og – ikkje minst – å drikke kaffi saman.

– Kyrkjekaffien kjempeviktig

– For mange er kyrkjekaffien kjempeviktig, seier generalsekretær Erhard Hermansen i Norges Kristne Råd (NKR).

Han seier det er vorte svært klårt i koronatida at kyrkjekaffien har mykje å seie, og han gjev att noko han høyrde frå ein kyrkjegjengar: «Kva skal vi med gudsteneste om vi ikkje kan ha kyrkjekaffi?»

– Folk opplever at det er viktig å kome saman, men det handlar ikkje berre om sjølve gudstenesta, men også om relasjonen ein får over kaffikoppen etterpå, seier han til Kristelig Pressekontor.

Mange fellesskap har løyst møterestriksjonane digitalt, men no vil folk gjerne treffast att.

– Det er ein så viktig del av det relasjonelle å møtast på same staden, seier Hermansen, som  trur kyrkjekaffien kan vere på veg attende i norske kyrkjelydar.

5.juni oppgraderte Norges Kristne Råd smittevernvegleiaren sin (sjå faktaboks). Der er det synt til Mattilsynet, som oppmodar til skjerpa merksemd om hygiene knytta til tillaging og servering av mat under kyrkjekaffi og liknande.

Over helga vert det troleg opna for at inntil 200 personar kan vere i same lokale. Føresetnaden er at avstandskrava kan overhaldast. Det er førebels uklårt om det også vert slutt på 1-metersregelen. Den vart oppheva for skulesektoren sist i mai, men ikkje i samfunnet elles.

Gradvis åpning

Rundt om i Europa er mange kyrkjer no gradvis i ferd med å bli opna etter nedstenging i lang tid og berre strømma gudstenester, melder nettstaden Evangelical Focus.

Erhard Hermansen seier ein god del kyrkjelydar også i Noreg er i gang med vanlege samlingar slik at folk kan møtast andlet til andlet slik som før 12. mars.

– Mitt inntrykk er at det for veldig mange er eit stort ynskje å kome i gang med fysiske gudstenester att, sjølv om det ikkje har vore like lett for alle å få det til, seier han.

NKR er ein paraplyorganisasjon for 26 norske trussamfunn og har laga ein vegleiar for kyrkjelydar i samband med korona-epidemien. Han har vore brukt flittig.

– Mange har vendt seg til oss frå lokalkyrkjelydar for å spørre korleis dei skal forstå dei ulike punkta i vegleiaren, seier Hermansen som med det også har fått eit godt overblikk over i kva grad kyrkje-Noreg er i ferd med å kome ut av korona-dvalen.

Fysisk og digitalt

Ein god del kyrkjelydar er no i gong med møte att, men på ulike måtar.

– Nokre har lagt seg på ein kombinasjon av digital overføring og fysisk oppmøte med det talet på menneske som no er lov, altså 50 stykk med minst ein meters avstand. Andre har framleis reint digitale møte og gudstenester, seier han.

Av dei som har byrja å møtast fysisk, er det mange som krev påmelding via e-post eller tekstmeldingar. Nokre forsamlingar melder frå om dette i annonsen i avisa.

– Vi ser også at fleire større kyrkjelydar har fleire like gudstenester med fysisk oppmøte etter kvarandre, seier han.

Holder avstand

DISTANSERING: I den italienske menigheten Chiesa Apostolica i byen Grosseto har de begynt å komme sammen igjen for å feire gudstjeneste – men med god avstand mellom stolene og påminnelser på gulvet om hvor lang en meter faktisk er. Foto: Chiesa Apostolica/Evangelical Focus.

I Europa liknar trenden ein del på det som skjer i Noreg, men det er merkbart ulikt frå land til land. Mellom kyrkjene som forsiktig har opna dørene igjen, er Chiesa Apostolica i byen Grosseto ved den italienske vestkysten. Der møtest dei til gudsteneste att, men med god avstand mellom stolane og godt synlege svart- og gulstripa tape på golvet for å minne om nøyaktig kor lang ein meter er.

I ein kommentar på Facebook skriv ein britisk kyrkjegjengar:

– Flott at de er attende i kyrkja. Her i Storbritannia kjem ikkje det til å skje på ei stund.

Italia, som vart så hardt ramma tidleg i pandemien, ser altså lys i tunnelen, medan britane må smøre seg med tålmod. Nokre land har planar for når kristne kyrkjelydar kan samles på same staden att. Andre er ikkje komne så langt, melder Evangelical Focus.

I Irland er 20. juli sett som mogeleg opningsdato ifylgje Evangelical Alliance Ireland, men datoen er ikkje stadfesta. Får ein ikkje bukt med smittespreiinga, kan alt bli utsett.

I land som Italia, Spania, Austerrike, Frankrike og Sveits er situasjonen ein annen. I Austerrike har kristne kunna samle seg i fire veker, i Frankrike i tre. I Austerrike skal dei fleste kyrkjene no vere gjenåpna. Kring halvparten av dei evangeliske kyrkjene i Frankrike skal ha gjort det same. I Sveits har det gått saktare. Der vart kristne møtelokale gjenopna i pinsa.

– Nokre pastorar er redde grunna dei mange forholdsreglane, så dei opnar ikkje kyrkjene, heiter det i ei uttale frå samanslutninga av evangeliske kyrkjelydar i Frankrike.

Somme kristne er redde for å gå i kyrkja, og dei held seg uansett heime. Dei som tør å kome, er dels nølande til å ha nær kontakt med andre. Då ryk kanskje kyrkjekaffien, sjølv om gleda over å skå kvarandre att er stor.

– Men med masker over andletet kan vi ikkje eingong klemme kvarandre, seier ein kyrkjegjengar i byen Caserta i Italia som Evangelical Focus siterer, så europeisk kyrkjeliv er ikkje heilt friskmeldt enno. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.