Ei utvida tilsynsteneste

Vi vil ta til orde for å utvide den tradisjonelle forståinga av tilsynstenesta, skriv Sambåndet på leiarplass.

Kva tenkjer du når du høyrer ord som «tilsyn» eller «tilsynsmann»? Vi vil tru at mange får assosiasjonar til offentlege instansar som t.d. Biltilsynet: «Sukk, no er eg kalla inn til kontroll igjen.» Liknande tankar får vi om omgrepet «underordning». Det er ord som står i vår Bibel (også dei nyaste omsettingane), men vert farga av kva som pregar modernistisk tenking.

Tilsynstenesta i andre frikyrkjesamfunn og Den norske kyrkja får ikkje avgrense korleis Bedehus-organisasjonane skal tenkje om si tilsynsteneste

Når vi Sambåndet løfter fram tema som leiarskap og tilsyn, trur vi det er mest tenleg å fylle dei omgrepa som er brukt i Bibelen, med eit godt innhald, i staden for å etablere nye omgrep som er lausrive frå bibel-omsettingane våre. Eit anna viktig poeng er at tilsynstenesta i andre frikyrkjesamfunn og Den norske kyrkja ikkje får avgrense korleis Bedehus-organisasjonane skal tenkje om si tilsynsteneste. Vi har masse å lære av andre, på godt og vondt, men vi skal ha fridom til å forme noko som er tenleg for vår samanheng.

Vi vil ta til orde for å utvide den tradisjonelle forståinga av tilsynstenesta. Den teologiske og læremessige rettleiinga har vore ein sentral og viktig del av dette, og må vere det framleis. Mange forkynnarar og organisasjonsleiarar har i praksis stått i slik verdifull teneste gjennom heile vår historie, både gjennom forkynning og samtalar med lokale leiarar.

Men ved sida av dette har det vekse fram behov for ulik form for hjelp i forsamlingsarbeidet. Vi kan nemne konfliktløysing, gjennomføring av gravferd og andre ordningar, læringsfellesskap, arbeidsrettleiing for tilsette, opplæring i planting av nye fellesskap, handtering av krenkingar, naturleg forsamlingsutvikling osb. Lista kan gjerast lang, og nye behov vil dukke opp. Poenget er at forsamlingane har ulike behov, og dei behova er ikkje isolert frå andre fagfelt.

Vi treng å forme ei tilsynsteneste der det er tilgang på ressurspersonar med ulik kompetanse

Derfor treng vi å forme ei tilsynsteneste der det er tilgang på ressurspersonar med ulik kompetanse. I eit slikt tilsyn står ein i kontinuerleg relasjon til forsamlingane, ikkje berre når noko blir vanskeleg, og det kan hjelpe oss til ei positiv forståing av tilsyn som noko fundamentalt viktig for at forsamlingane skal utvikle seg i ei positiv retning.

Våre søsterorganisasjonar Norsk Luthersk Misjonssamband og Normisjon har også arbeidd med denne tematikken, og viktige prosessar står framfor oss alle. Av fleire grunnar, ikkje minst fordi fleire forsamlingar no er innmelde i fleire organisasjonar, treng vi å samtale godt saman for byggje ei teneste som opplevast som relevant og tenleg.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.