REDAKTØR: Apologet og forfattar Bjørn Are Davidsen er redaktør for den nye nettstaden fagsjekk.no frå Laget (NKSS). FOTO: Stein Gudvangen, KPK

Vil støtta kritisk tenking

Laget har lansert nettsida fagsjekk.no, som skal støtte kritisk tenking i møte med mytar, feil og forvirrande framstillingar av mellom anna tru og vitskap i læremiddel og populærvitskap.

Torsdag 17. september vart fagsjekk.no lansert. Nettstaden er ein vidareutvikling av arbeidet som Laget (NKSS) starta i 2018 og som førte til utgivinga «Lurt av læreboken?». Boka, som var redigert av Bjørn Are Davidsen, avdekte ei rekke tilfeldige og meir gjennomgåande feil og forvirrande framstillingar i norske læremiddel, spesielt når det gjeld tilhøvet mellom tru og vitskap gjennom historia.

– Nye læremiddel kjem jo kvart år, i tillegg til populærvitskap du finn i magasinhyllene på Narvesen. Så det er viktig å ha ei meir levande oppfølging, fortel Davidsen, som også er redaktør for den nye nettstaden, til Kristelig Pressekontor.

– Vi treng ein nettstad som kan vera best mogleg etterrettelig og mest mogleg vurdert ut frå normale faglege vurderingar. Vi fekk ei rekke spørsmål som låg til grunn for boka som kom i fjor og vil følgja opp dette i eit anna format med både fagartiklar, kortare artiklar, svar på spørsmål og ymist anna vi sjølv går gjennom i læremiddel og populærvitskap.

Ikkje berre kristendom

Elever og studentar er ei viktig målgruppe for Laget, men dei ønsker òg at lærarar og foreldre skal kunna bruka sidan og få svar på spørsmål dei har.

– Vi har jo sett at det er spesielt dette med kristen tru, tru og vitskap og rolla til kyrkja i historia som det vart sagt mykje merkeleg om: Ein del feil, ein del forvirrande ting og ofte eit overraskande mørkt bilde som vart teikna. Dette er jo i strid med mange moderne historikarar, og vi ønskjer å hjelpa elevar, foreldre og lærarar til å tenkja kritisk og jobba i djupna, fortel Davidsen som har gitt ut fleire bøker om seigliva mytar.

Men myteknusaren framheld at fagsjekk.no ikkje berre vil ha stoff som handlar om kristendommen.

– Det vil vera andre ting òg. Det vil avhenga ein del av kva spørsmål som kjem. Men det er klart at når det er eg som er redaktør, så er det naturleg at mange av spørsmåla handlar om ting eg er opptatt av.

Støttande fagråd

I tillegg til redaktøren vil nettsida ha eit støttande fagråd som er valt ut frå tema dei reknar med å få spørsmål om. I fagrådet sit mellom anna fagpersoner, professorar og forskarar med bakgrunn frå kommunikasjon og livssyn, kjemi, informatikk, mellomalderen og geologi og lærarar, både kristne og ateistar.

– Desse har vi i bakhand dersom det er noko vi treng å samråd oss med fagleg. Dei kan òg kritisera oss dersom vi skriv noko som ikkje stemmer slik at vi får retta det opp, seier Davidsen.

Han presiserer at dette ikkje skal vera noko sekterisk der ein berre vel ut forskarar som er samde med han.

– Det er meint å vera normalvitskapeleg og ting skulane kan akseptera som seriøst og forsvarleg.

Davidsen er klar på at om dei får inn spørsmål dei ikkje har føresetnad for å svara på, så vil dei overlata det til andre.

– Viss vi får andre typar spørsmål, må vi enten la vera å svara eller utvida fagrådet med annan kompetanse.

– Viktig å læra elevar kritisk tenking

Det er Laget som står bak nettsida fagsjekk.no, men dei har fått støtte frå ei rekke andre organisasjonar. Ein av dei som har vedtatt å støtta prosjektet økonomisk, er Kristne Friskolers Forbund (KFF).

– Vi oppfattar dette som eit nyttig bidrag til ressursgrunnlaget lærarar i ulike fag har, og vi satsar på at det blir ein bra ressurs, seier generalsekretær i KFF, Jan Erik Sundby.

Han fortel at det ikkje er eit veldig stort utval eller konkurranse når det gjeld trykte læremiddel og trur det vil vera nyttig med ein stad lærarar og elevar kan gå med problemstillingar.

– Det er eit viktig mål for oss å læra elevane kritisk tenking, og det inkluderer å vera kritisk til lærebøkene, seier Sundby. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.