HELSING: Rektor Lars Johan Klokk fekk blomar av ordførar Eva Vinje Aurdal i Ålesund kommune under den offisielle opninga av skulen 26. november. FOTO: Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

Store givarar til Sjøholt

Fem givarar står for 62 prosent av pengane som før jul var kome inn i gåvebrev-aksjonen for Sjøholt folkehøgskole.

Per 13. desember sto det 1,46 millionar kroner på kontoen til aksjonen. 900.000 av desse er frå fem enkeltgivarar, derav ei bedrift (sjå oppdatering nedst i artikkelen).

– For det første må ein seia at det er veldig raust. Me er heilt avhengig av at både bedrifter og enkeltpersonar ser visjonen for skulen og tar del i aksjonen, seier generalsekretær Erik Furnes i skuleeigar ImF til Sambåndet.

Gåvebrev

ImF har hatt ein omfattande annonsekampanje i fleire aviser for å gjera gåvebrevaksjonen kjent. 25. oktober, ved starten av kampanjen, fortalte sambåndet.no at ved gåve på 5000, 10.000 og 50.000 kroner får givaren eit gåvebrev i høvesvis bronse, sølv og gull som takk. Om ein gir 100.000 kr eller meir, får ein namnet sitt på veggen i foajeen på skulen. Målet er å få inn 39 millionar kroner, som er den delen av investeringskostnaden som skuledrifta ikkje kan bera sjølv.

– Kan det òg tolkast som eit faresignal at så få står for ein så stor del av det som er kome inn til no? Kan det seia noko om breidda i engasjementet?

– Det må understrekast at dei 900.000 kronene representerer ein respons som kom veldig raskt. Me vonar at dette skal bli ein folkeaksjon der mange ser seg i stand til å gi 5000–10.000 kroner. No er det eit slikt mønster som teiknar seg, berre dei siste dagane er det kome inn om lag 50.000 kroner, men det er òg kome ei enkeltgåve på 100.000 kroner. Det kan hende at folk treng litt tid til å tenkja, seier Furnes.

ImF-Ung

Samstundes vonar generalsekretæren at endå fleire bedrifter vil sjå den diakonale og samfunnsbyggande verdien som folkehøgskuelen for 16-åringar og oppover, har.

– Det blir gjort eit arbeid opp mot bedrifter, i tillegg til annonsekampanjen, seier Furnes.

På styremøte 18. november gjorde landsstyret i ImF-Ung vedtak om å gi 200.000 kroner til Sjøholt folkehøgskole som eit bidrag til fullfinansiering av skulen. Dette beløpet er inkludert i summen på 1,46 millionar som er nemnd over.

– Me gjer dette fordi Sjøholt folkehøgskole driv eit viktig arbeid opp mot barn og unge, og det vil me heia på. Sjøholt skil seg ut ved å vera i ein startfase og driva eit nybrottsarbeid, og skulen har òg gått på nokre smellar økonomisk som gjer at akkurat denne folkehøgskulen treng pengane, seier styreleiar Asle Steinbru i ImF-Ung til Sambåndet.

Lån

ImF har tatt opp lån som skal dekka byggjekostnadane fram til gåveaksjonen gir resultat.

– Målet om å få inn 39 millionar kroner kan opplevast som langsiktig, vedgår Erik Furnes.

I likviditetsbudsjettet som låg til grunn for søknaden til banken om lån, har ImF forplikta seg til å få inn to millioner i gåver det første året (rekna som ut 2022).

Oppdatering: Etter at denne artikkelen først vart publisert i desembernummeret av Sambåndet, har talet på det som er samla inn til no, aukt til 1.885.700 (per 30.12.21). Av dette utgjer dei omtalte 900.000 48 prosent.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.