TALAR: Forkynnar Magne Arild Torgersen kjem til Ørsta bedehus i veke 4. Foto: Privat

Gler seg over møteveke i Ørsta

- Det er flott å kunne starte eit nytt organisasjonsår med ei møteveke, seier leiar Hjørdis Almelid Vikenes i Ørsta Indremisjon.

Denne veka er Magne Arild Torgersen i Ørsta på Sunnmøre for å vera talar på møta. Torgersen har mellom anna tidlegare vore tilsett som leirskulelærar på Rjånes ungdomssenter og har god kjennskap til Afrika etter å ha budd i Etiopia i fem år.

– Magne Arild brukar å intervjue folk når han er på reisefot, og då vert intervjua i etterkant sendt på fleire nærradioar, fortel leiar i Ørsta Indremisjon, Hjørdis Almelid Vikenes.

Ho gler seg til å starte opp att møteverksemda. – Vi har likevel i denne startfasen valt å ikkje ha matservering i samband med møta. Det gjer vi fordi vi tenkjer det er viktigare å møtast til fellesskap enn å dele mat nett no. Vi håper å få arrangert ein torsdagskafé og ein «matprat» seinare i vår.

Annleis år

Dei siste åra har vore annleis år for Ørsta Indremisjon, med færre aktiviteter på bedehuset og på Sportskapellet på Bondalseidet. Ein har avlyst tillyste møte og arrangement i eigen regi, og leigetakarar har også avlyst arrangementa sine.

– Vi har vore restriktive når det gjeld allsongar på eigne arrangement dei to siste åra. Samtidig er det slik at når samfunnet opnar meir og meir opp att, må ein vurdere korleis ein skal leggje opp møteverksemda framover, seier Vikenes.

Tema for møteveka til Magne Arild Torgersen er «Når Guds rike veks».

– Det er eit spanande tema. Elles brukar Magne Arild å lage bokmeldingar som vert sendt i ulike nærradioar i Norge, og han har også laga song- og diktprogram for radioen. I over 40 år har han reist som forkynnar, mest i Møre og Romsdal, og vitna om Jesus i bedehus og kyrkjer, seier Vikenes.

Skaparverkdag

Ørsta Indremisjon skal ha årsmøte i mars, og viss det er nokon som vil verte medlemar, er det berre å ta kontakt med leiaren.

– Vi er takksame for at ulike lag og organisasjonar leiger husa våre, og at mange er flinke å støtte opp om både dugnadsdagar og offerdagar som vi arrangerer, seier Vikenes.

Nokre gonger har fleire forsamlingar arrangert Skaparverkdag på Bondalseidet i lag, noko Hjørdis Almelid Vikenes set pris på.

– I kristne samanhengar er det kjekt at ein kan gå saman om det ein er samde om. Så får vi sjå om det er mogleg å arrangere slike storsamlingar første halvår i år, eller om det eventuelt må utsetjast litt. Ørsta Indremisjon sin filosofi er at vi planlegg som om det meste går som normalt no framover – og så får vi heller avlyse viss det trengst. Planlegg vi ikkje aktivitetar, skjer det heller ikkje noko, peikar ho på.

Om ein skulle ha innspel til aktivitetar som indremisjonen i Ørsta kan ta del i, vil leiaren gjerne ha tips om det.

– Av og til kan ein gå oppatt i dei same møtespora, men av og til kan det òg vere flott å få tips til nye gjeremål. Vi i Ørsta Indremisjon håper alle får eit friskt og godt nytt år, seier Hjørdis Almelid Vikenes.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.