FOLKESTAD: Det kom godt med folk på møtet på Folkestad i Volda kommune då Edvard Foss nyleg vitja bedehuset der. Einar Børtveit spelte trekkspel til allsongane. (Foto: Hjørdis Almelid Vikenes)

Forfriskande finnmarksmøte

Av og til kjem folk på besøk som ein hugsar lenge. Slik var det då forkynnar Edvard Foss nyleg tok turen til Sunnmøre.

Sambåndet har fått denne rapporten frå leiar i Ørsta Indremisjon, Hjørdis Almelid Vikenes.

Edvard Foss hadde møte på Folkestad i Volda kommune og i Ørsta 29.-30. september. Der fekk forsamlingane høyre Guds ord og oppdatert informasjon om Indremisjonsforbundet sitt arbeid i Finnmark.

Brenn for saka

Det er noko eige med å møte folk som brenn for ei sak. Edvard har eit smittande engasjement for finnmarksarbeidet til ImF. Det er så kjekt å få besøk av slike folk som evnar å smitte oss litt med auka omtanke for andre. I tillegg er han ein god forkynnar, så vi kjem til å minnast desse gode møta lenge.

Ein tanke som slo meg då Foss var her, er denne: Kan vi arrangere utemøte til sommaren på Sportskapellet vårt i Ørsta, der inntekta kan gå til finnmarksarbeidet? Kanskje vert det då midt i ferietida til forkynnaren, men vi får sjå kva vi kan realisere i koronatida med godt smittevern og vekt på dette at vi kan stille opp for kvarandre som indremisjonærar.

Inspirerande

MUSIKK: Einar Børtveit gledde forsamlinga på Folkestad med flotte trekkspeltonar til allsongane. (Foto: Solbjørg Leite)

Det var i samarbeid med Ørsta Indremisjon (ØIM) at møta på Folkestad og i Ørsta vart arrangert. På Folkestad stilte Einar Børtveit opp med trekkspelet sitt og sytte for fine tonar til allsongane, og i Ørsta spelte Janne Iren Nordal Nupen flott til allsongane. Det er så kjekt når folk velvillig stiller opp og hjelper til med ulike ting i samband med møta.

– Det var ei god og inspirerande oppleving å møte bedehusfolket på Folkestad og i Ørsta og merke engasjementet og interessa for finnmarksarbeidet, seier Edvard Foss.

Han understrekar den positive haldninga han møtte ved førespurnad om å arrangere finnmarksmøte, ikkje minst frå Ørsta Indremisjon for god tilrettelegging og hjelp.

«Alt går an»

– Kanskje kan dette gjerast til ein årleg tradisjon på Sunnmøre? Slik er det nemleg på Nordmøre og i Romsdal, der eg var før møta på Sunnmøre. Det ville ha vore flott, seier Foss.

Når det gjeld eit sommararrangement på Sportskapellet på Bondalseidet i Ørsta, er han full av optimisme.

– Dette må vi få til. Alt går an, sjølv i ei ferietid», understreker Edvard Foss.

 

 

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.