Innlegg

TALAR: Forkynnar Magne Arild Torgersen kjem til Ørsta bedehus i veke 4. Foto: Privat

Gler seg over møteveke i Ørsta

- Det er flott å kunne starte eit nytt organisasjonsår med ei møteveke, seier leiar Hjørdis Almelid Vikenes i Ørsta Indremisjon.

Denne veka er Magne Arild Torgersen i Ørsta på Sunnmøre for å vera talar på møta. Torgersen har mellom anna tidlegare vore tilsett som leirskulelærar på Rjånes ungdomssenter og har god kjennskap til Afrika etter å ha budd i Etiopia i fem år.

– Magne Arild brukar å intervjue folk når han er på reisefot, og då vert intervjua i etterkant sendt på fleire nærradioar, fortel leiar i Ørsta Indremisjon, Hjørdis Almelid Vikenes.

Ho gler seg til å starte opp att møteverksemda. – Vi har likevel i denne startfasen valt å ikkje ha matservering i samband med møta. Det gjer vi fordi vi tenkjer det er viktigare å møtast til fellesskap enn å dele mat nett no. Vi håper å få arrangert ein torsdagskafé og ein «matprat» seinare i vår.

Annleis år

Dei siste åra har vore annleis år for Ørsta Indremisjon, med færre aktiviteter på bedehuset og på Sportskapellet på Bondalseidet. Ein har avlyst tillyste møte og arrangement i eigen regi, og leigetakarar har også avlyst arrangementa sine.

– Vi har vore restriktive når det gjeld allsongar på eigne arrangement dei to siste åra. Samtidig er det slik at når samfunnet opnar meir og meir opp att, må ein vurdere korleis ein skal leggje opp møteverksemda framover, seier Vikenes.

Tema for møteveka til Magne Arild Torgersen er «Når Guds rike veks».

– Det er eit spanande tema. Elles brukar Magne Arild å lage bokmeldingar som vert sendt i ulike nærradioar i Norge, og han har også laga song- og diktprogram for radioen. I over 40 år har han reist som forkynnar, mest i Møre og Romsdal, og vitna om Jesus i bedehus og kyrkjer, seier Vikenes.

Skaparverkdag

Ørsta Indremisjon skal ha årsmøte i mars, og viss det er nokon som vil verte medlemar, er det berre å ta kontakt med leiaren.

– Vi er takksame for at ulike lag og organisasjonar leiger husa våre, og at mange er flinke å støtte opp om både dugnadsdagar og offerdagar som vi arrangerer, seier Vikenes.

Nokre gonger har fleire forsamlingar arrangert Skaparverkdag på Bondalseidet i lag, noko Hjørdis Almelid Vikenes set pris på.

– I kristne samanhengar er det kjekt at ein kan gå saman om det ein er samde om. Så får vi sjå om det er mogleg å arrangere slike storsamlingar første halvår i år, eller om det eventuelt må utsetjast litt. Ørsta Indremisjon sin filosofi er at vi planlegg som om det meste går som normalt no framover – og så får vi heller avlyse viss det trengst. Planlegg vi ikkje aktivitetar, skjer det heller ikkje noko, peikar ho på.

Om ein skulle ha innspel til aktivitetar som indremisjonen i Ørsta kan ta del i, vil leiaren gjerne ha tips om det.

– Av og til kan ein gå oppatt i dei same møtespora, men av og til kan det òg vere flott å få tips til nye gjeremål. Vi i Ørsta Indremisjon håper alle får eit friskt og godt nytt år, seier Hjørdis Almelid Vikenes.

FOLKESTAD: Det kom godt med folk på møtet på Folkestad i Volda kommune då Edvard Foss nyleg vitja bedehuset der. Einar Børtveit spelte trekkspel til allsongane. (Foto: Hjørdis Almelid Vikenes)

Forfriskande finnmarksmøte

Av og til kjem folk på besøk som ein hugsar lenge. Slik var det då forkynnar Edvard Foss nyleg tok turen til Sunnmøre.

Sambåndet har fått denne rapporten frå leiar i Ørsta Indremisjon, Hjørdis Almelid Vikenes.

Edvard Foss hadde møte på Folkestad i Volda kommune og i Ørsta 29.-30. september. Der fekk forsamlingane høyre Guds ord og oppdatert informasjon om Indremisjonsforbundet sitt arbeid i Finnmark.

Brenn for saka

Det er noko eige med å møte folk som brenn for ei sak. Edvard har eit smittande engasjement for finnmarksarbeidet til ImF. Det er så kjekt å få besøk av slike folk som evnar å smitte oss litt med auka omtanke for andre. I tillegg er han ein god forkynnar, så vi kjem til å minnast desse gode møta lenge.

Ein tanke som slo meg då Foss var her, er denne: Kan vi arrangere utemøte til sommaren på Sportskapellet vårt i Ørsta, der inntekta kan gå til finnmarksarbeidet? Kanskje vert det då midt i ferietida til forkynnaren, men vi får sjå kva vi kan realisere i koronatida med godt smittevern og vekt på dette at vi kan stille opp for kvarandre som indremisjonærar.

Inspirerande

MUSIKK: Einar Børtveit gledde forsamlinga på Folkestad med flotte trekkspeltonar til allsongane. (Foto: Solbjørg Leite)

Det var i samarbeid med Ørsta Indremisjon (ØIM) at møta på Folkestad og i Ørsta vart arrangert. På Folkestad stilte Einar Børtveit opp med trekkspelet sitt og sytte for fine tonar til allsongane, og i Ørsta spelte Janne Iren Nordal Nupen flott til allsongane. Det er så kjekt når folk velvillig stiller opp og hjelper til med ulike ting i samband med møta.

– Det var ei god og inspirerande oppleving å møte bedehusfolket på Folkestad og i Ørsta og merke engasjementet og interessa for finnmarksarbeidet, seier Edvard Foss.

Han understrekar den positive haldninga han møtte ved førespurnad om å arrangere finnmarksmøte, ikkje minst frå Ørsta Indremisjon for god tilrettelegging og hjelp.

«Alt går an»

– Kanskje kan dette gjerast til ein årleg tradisjon på Sunnmøre? Slik er det nemleg på Nordmøre og i Romsdal, der eg var før møta på Sunnmøre. Det ville ha vore flott, seier Foss.

Når det gjeld eit sommararrangement på Sportskapellet på Bondalseidet i Ørsta, er han full av optimisme.

– Dette må vi få til. Alt går an, sjølv i ei ferietid», understreker Edvard Foss.

 

 

 

SUNNMØRE: Songevangelistane Irene Krokeide Alnes (t.v.) og Marit Stokken Berland kom til Ørsta 6. februar og har møte på Ørsta bedehus t.o.m. 17. februar.

45 år på vegen

Marit og Irene. Dei to namna høyrer i hop. I 45 år har songevangelistane reist i inn- og utland med instrument og sunge og talt Guds ord til folk. No er dei i Ørsta på Sunnmøre.

På søndagsmøtet på Ørsta bedehus 10. februar var det over 80 menneske samla.

– Vi synes det er kjekt å komme til Ørsta, bedehuset er eit flott lokale, seier Marit Stokken Berland og Irene Krokeide Alnes.

Dei kom til Ørsta 6. februar og vert her til og med søndag 17. februar. Lokal krefter som vert saman med Marit og Irene på møta, er Matias Austrheim og Nils Ose, Harry Andersen, koret Kvit sektor, Johan Halsne, Kari Laila og Ove Aksnes, Strengemusikken, Solfrid Ulstein Riise, Inger Marta og Per-Arne Lillebø.

Før alle møta er det ope bønnemøte, og etter alle møta er det høve til forbønn, og så vert det sett fram litt mat og drikke. Mange nyttar høvet til å snakke med andre og drøse kring borda i peisestova på bedehuset.

Takknemlig

– Me er takknemlig for tenesta me fekk i Guds rike i folket vårt. Alle desse åra i møte med misjonsfolket har gitt oss respekt for dei mange som står på i arbeidet rundt omkring i bygd og by. Så er det alltid ein lengt i hjarta etter at fleire må få sjå kven Jesus er og komme inn i det kristne fellesskapet. Å reise med Guds Ord er å vere «med sjefen på jobb» og sjå kva han gjer, seier Marit Stokken Berland.

– Folk har det travelt. Derfor er behovet for å samlast om Guds ord større enn nokon gong. Store ting skjer når vi samlast til bønn og lovsong og deler vitnesbyrdet om Jesus med krandre. Når det står på plakatene at «alle er velkomne» , er det sant. Vi trur Jesu ord om at han døde for alle, for å gi oss evig liv. Det er verda sin viktigste bodskap, seier Irene Krokeide Alnes.

Hjørdis Almelid Vikenes er leiar av Ørsta Indremisjon

Bedehuskonsert med inntekt til TV-aksjonen

Alle medlemmene av bandet som held konsert på Ørstad bedehus i dag, har tilknyting til Borgund folkehøgskole i Ålesund.

I dag held Robert Tjomlid band konsert på Ørsta bedehus i regi av Ørsta Indremisjon. Konserten er gratis og rusfri, og dei som vil gje ei gåve til Røde Kors og årets TV-aksjon, får gjere det på bedehuset. Etter konserten vert det servert gratis suppe.

– Konserten passar for folk i alle aldrar. Vi kjem til å prate litt om dei tekstane vi framfører, undervegs i konserten. Det er gjerne litt lite kjærleikssongar, alle songane våre har eit tema. Til dagleg bur bandmedlemane spreidde over store delar av landet, så gler vi oss ekstra til å kunne møtast av og til og spele i lag, fortel Robert Tjomlid som er busett i Ålesund.

– Vi håper mange har høve til å komme på gratiskonserten og gje ei gåve til årets TV-aksjon gjennom deltaking på konserten, seier Hjørdis Almelid Vikenes, leiar i Ørsta Indremisjon.

CD-ar i Åmdalen

Robert Tjomlid er til dagleg lærar ved misjonseigde Møre ungdomsskole i Ålesund. Han skriv tekstar og melodiar til bandet. Tjomlid har tidlegare vore tilsett ved Borgund folkehøgskule, og faktisk har alle bandmedlemmene på ein eller annan måte vore innom Borgund. Robert Tjomlid har både åleine og saman med bandet hatt cd-innspelingar hjå Sven Erik Åmås i Audiofarm Studio i Åmdalen.

– Det viser seg at både barn og vaksne lyttar, vi vert stadig vekk overraska over aldersspreiinga hjå dei som lyttar til songane våre. Dette med å ha rusfrie konsertar er faktisk viktig å tenkje over. Mange kunne ha tenkt seg å lytta til musikken på fleire store konsertar, men dei orkar ikkje på grunn av at det vert for mykje «styr» med overstadig rusa folk. Faktisk har vi nokre songar i bandet som handlar om nettopp det. Å skape arenaer for born og unge der dei kan møte musikk og der alle er edru, er meir verdifullt enn vi klarer å tenkje oss.

Afrika og Amerika

Sjølv har Robert Tjomlid hatt oppveksten sin i Aust-Afrika og reist mykje i Sør-Amerika som vaksen, slik at dette med solidaritet, nestekjærleik og fattigdom er tre stikkord som han har møtt ofte på ferdene sine i utlandet. – Eg trur at nesten 1/3 av songane handlar om desse tre stikkorda, oppsummerer Tjomlid.