ØRSTA: Åpne Dører ved Olaug Lillian Bjørke og Helge Åkernes kjem til Ørsta fire torsdagar i november og held kveldssamlingar i Ørsta Frikyrkje. Foto: Åpne Dører

– Motstand er ein del av det å vere kristen

Ørsta Frikyrkje og Ørsta Indremisjon har gått saman og invitert Åpne Dører til sunnmørskommunen for å bli betre rusta til å stå sterke når det stormar.

Dei fire første torsdagane i november vert det kveldssamlingar i Ørsta Frikyrkje. Gjennom å samtale om kva som kan utfordre ein i kristenlivet og kva utfordringar ein kan oppleve som kristne, kan ein verte betre rusta til å “Stå sterke i stormen”, som kurset heiter.

– Målet med samlingane er er å bevisstgjere oss, både som einskildmenneske og som kristent fellesskap, på at motstand er ein del av det å vere ein kristen. Vi kjem til å snakke om krossen. Krossen er eit sentralt punkt i kristent liv og forkynning. Det er sjølve kjerna i kristentrua at Jesus døde på krossen. Der ligg fundamentet for frelsa vår. I krossen ligg håpet vårt, seier Helge Åkernes frå Åpne Dører.

Er kristne påverkarar?

I løpet av dei fire kurskveldane kjem ein også innom temaet om kristne er influensarar eller påverkarar. Er kristne personar folk som endrar omgjevnadene sine? Spørsmålet er korleis ein, gjennom det livet ein lever, kan prege samfunnet rundt seg. Dersom desse spørsmåla skulle komme opp, kva er svara våre da? Kvifor er du ein kristen?

– «Stå sterke i stormen»-kurset er bygd på undervisning og historier frå forfølgde søsken; der ein hentar lærdom og inspirasjon frå liva deira. Åpne Dører står i teneste for desse og har arbeid i over 70 land. Under kurskveldane vil deltakarane bli tatt med til nokre av desse landa og møte forfølgde kristne som står sterke i stormen, understrekar Olaug Lillian Bjørke.

Det kristne språket

Kanskje kan det vere enkelt å svare på desse spørsmåla innad i forsamlinga der du går, eller saman med andre kristne.

– Men kva viss du skulle svare på desse spørsmåla til ein muslim, eller ein sekulær nordmann som ikkje kjenner til eller forstår det kristne språket om frelse, synd og så bortetter. Kva ville du seie då, undrar Helge Åkernes.

Dei som vil undre seg saman med Åpne Dører, kan altså ta turen til Ørsta Frikyrkje i november. Samlingane er gratis, og det er ei lita “kjekspause” på alle kveldssamlingane også, der det er høve til å drøse med andre deltakarar.

Artikkelen er skriven av Hjørdis Almelid Vikenes, Ørsta Indremisjon

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.