PRISVINNAR: Wagma Feroz er vinnar av Stefanusprisen for 2022 som vert delt ut 24. mai. Foto: Emme A2K Photography.

Kjempar for trusfridom og kvinners rettar i Pakistan

Stefanusprisen for 2022 går til den pakistanske filmskaparen og aktivisten Wagma Feroz (32) for hennar innsats for kvinner sine rettar og for trusfridom i heimlandet.

Wagma Feroz er filmskapar, journalist og aktivist for menneskrettar frå provinsen Khyber Pakhtunkhwa, nordvest i Pakistan.

Stefanusprisen er oppretta av Stefanusalliansen og vert delt ut annakvart år til ein eller fleire som har gitt eit ekstraordinært bidrag i kampen for trus- og livssynsfridom og andre menneskerettar.

Årets prisvinnar kjem frå eit hjørne av Pakistan der samfunnet er prega av sterkt konservative muslimske haldningar. Det inneber at kvinner vert diskriminerte, og derfor blir det ikkje sett på med blide auge at jenter får tilbod om utdanning. Jenteskular er blitt bomba av militante muslimske grupper, og kvinner manglar generelt grunnleggande rettar som vert rekna som sjølvsagte i Vesten. Dette vert begrunna med æreskodeksen og «kulturelle tradisjonar» i  området.

Les også: Norge og Vesten må sette press på Pakistan (kommentar)

– Imponerer

Feroz er ei av få kvinner som har våga å stå opp imot desse tradisjonane. Ho er høgare utdanna, mellom anna med ein bachelorgrad i psykologi frå universitetet i Peshawar.

Ho har vunne ein pris for filmen She makes everything beautiful (Ho gjer alle ting vakre). Filmen fortel den sanne historia om Sonia, ei kristen kvinne som finn både arbeid og aksept hjå ei muslimsk kvinne som driv ein skjønnheitssalong i byen Swat. Eigaren har teke dette modige valet for å overvinne kulturelle og religiøse skiljeliner.

Minoritetskvinnene er ekstra utsette for diskriminering ifylgje nettstaden American Muslim Today, som også opplyser at Feroz mottok ein pris på 3500 dollar for filmen under Religious Freedom Film Competition i fjor.

Ifylgje Stefanusalliansen har filmen hjulpe Feroz med å nå fram offentleg. Arbeidet hennar er omtalt både i nasjonale og internasjonale medier. Feroz er dessutan frilansjournalist sjølv, og ho har jobba for BBC.

– Wagma Feroz imponerer med motet sitt og viljen og evna ho har til å visa ein ny veg i eit samfunn der menn tradisjonelt har definisjonsmakta. Ho kommuniserer vidt og gjev kvinner mot til sjølv å stå opp for rettane sine, seier biskop Ingeborg Midttømme i høve pristildelinga. Ho leiar priskomiteen.

Glad for prisen

Wagma Feroz seier at ho er opprømt over å få Stefanusprisen.

– I eit samfunn der folk vert trakasserte, angripne og til og med drepne på grunn av religiøse forskjellar, har eg alltid vore inspirert til å arbeida for interreligiøs harmoni og fredeleg sameksistens. Eg har ynskt å skapa rom der vi kan snakka om problema våre og arbeida saman for å løysa dei. Trass alt er vi menneske, og vi trivst best når vi kan arbeida saman for samfunnet vårt og for komande generasjonar. Det har vore ei krevjande reise, men yngre generasjonar syner gradvis interesse for dialog og debattar for å skape ei fredeleg framtid for seg sjølv, seier ho ifylgje Stefanusalliansen.

Etter psykologistudia har Feroz gitt alt ho har i eit arbeid for marginaliserte kvinner og barn i Swat-dalen som grensar mot Tadsjikistan og Afghanistan. Her har islamistiske grupper lenge hatt fotfeste.

I Peshawar leier Feroz kvinnerettsorganisasjonen Da Torsaro Saadar. Der arbeider ho med andre forsvararar av kvinners rettar, lokale samfunnsleiarar og politiske beslutningstakarar for dialog om spørsmål som har med kvinner og born å gjere.

– Eg dedikerer Stefanusprisen til alle kvinnene i Afghanistan, Pakistan og resten av verda, til alle som kjempar for dei grunnlegjande menneskerettane sine – og til alle som har lidd og ofra mykje på vegen, seier Feroz vidare. KPK

Artikkelen er skrevet av Stein Gudvangen, Kristelig Pressekontor.

Stefanusprisen

 

  • Stefanusprisen vert delt ut annakvart år til ein eller fleire som har gitt eit ekstraordinært bidrag i kampen for trudoms- og livssynsfridom og andre menneskerettar.
  • Prisen vart fyrste gongen delt ut i 2005 til biskop Thomas i Egypt.
  • I 2020 gjekk prisen til juristen og hoa hao-buddhisten Nguyen Bac Truyen i Vietnam som framleis sit fengsla.
  • Prisen består av eit kunstdiplom og 10.000 euro som kjem ei sak som prisvinnaren bestemmer, til gode.
  • Stefanusalliansen har oppnemnt ein komite for utdeling av Stefanusprisen. Han består av komiteleiar Ingeborg Midttømme, som også er styremedlem i Stefanusalliansen, skribent Erling Rimehaug, stortingsrepresentant Dag Inge Ulstein og forskar Ingvill Thorson Plesner.
  • Stefanusprisen for 2022 vert delt ut i Oslo tirsdag 24. mai.
0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.