KVINNER OG TRUSFRIDOM: Rådgivarane i Stefanusalliansen, Vija Herefoss og Elisa Chavez, håper den nye ressursen deira kan bidra til ein maksimering av rettferdsarbeidet både når det gjeld trusfridom og kvinners rettar. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Meiner retten til trusfridom blir misbrukt

Dersom trusfridommen blir brukt for å verna religiøse tradisjonar, skikkar og privilegium, skapar det fiendskap. Det meiner Vija Herefoss og Elisa Chavez i Stefanusalliansen.

Dei to kvinnene vil byggja bru mellom trusfridoms- og likestillingsfeltet.

Vi får ikkje tatt våre på rettane til alle kvinner utan òg å ta omsyn til trusfridommen, seier Vija Herefoss og Elisa Chavez i Stefanusalliansen.

Det finst nesten inga forsking på kjønns- og likestilling med eit trusfridomsperspektiv og også svært lite forsking på trusfridomsbrot med eit kjønnsperspektiv.

– Skal ein jobba for trusfridom for alle, må kvinner vera med. Og skal ein jobba for kvinners rettar, må trusfridom vera med. Det er ikkje nokon veg utanom, seier Elisa Chavez, rådgivar i Stefanusalliansen.

Saman med rådgivarkollega Vija Herefoss står ho bak ressursen «Freedom of religion or belief for everyone: Women in focus». Heftet, som vart lansert under eit seminar om trusfridom og kvinners rettar på Litteraturhuset i Oslo 3. november, er meint å vera ein læringsressurs for å setja søkelys på skjeringspunktet mellom trusfridom og kvinners rettar.

– Tanken bak arbeidet er å setja sterkare søkelys på kvinners levde erfaringar når det kjem til trusfridomsbrot. Korleis ser trusfridomsbrot ut for dei? Forskinga har tradisjonelt sett ikkje hatt den vektlegginga på kjønn, seier Chavez.

Ho fortel at fordi leiarar i religiøse samfunn ofte er menn, er det stort sett forteljingane og erfaringane til menn som har vorte lagt til grunn når ein har forska på og utvikla prosjekt for trusfridom.

Mange misforståingar

Under seminaret vart det fleire gonger påpeika at det eksisterer mange misforståingar rundt kva trusfridom og kva kvinners rettar inneber, og at dette skaper gnissingar mellom dei to felta.

– Sjølv blant personar som jobbar med menneskerettar på høgt nivå i FN, merker vi desse gnissingane. Då er det ikkje rart at det òg forplantar seg nedover til aktørane i sivilsamfunnet, seier Chavez.

Ho påpeikar òg at det finst religiøse aktørar, særleg i USA, som i stor grad misbruker trusfridomsomgrepet til å verna religiøse tradisjonar, skikkar og privilegium.

– Det er ikkje det trusfridommen skal verna. Det skaper fiendskap frå dei som kjempar for kvinners rettar. Trusfridom skal aldri brukast som ein grunn eller unnskyldning for å diskriminera eller bryta andre rettar.

– Handlar om fridom, meir enn religion

Susan Kerr, seniorrådgivar på trus- og livssynsfridom i OSSE (Organisasjonen for trygging og samarbeid i Europa), påpeika i innlegget sitt under seminaret at religions- og trusfridom ofte ikkje blir sett på som ein universell, individuell rett på linje med dei andre menneskerettane, men som noko for dei spesielt interesserte – noko som fremmar hierarki og patriarki heller enn likestilling.

– Denne konstruerte motsetninga er falsk og grunnar i ei fundamental misforståing om kva religions- og trusfridom faktisk er. Trusfridom varetar folks rett til å tru på kva enn dei vil. Han varetar mangfaldet. Han handlar om val, ikkje konformitet. Han handlar faktisk meir om fridom, enn om religion, seier Kerr.

Herefoss peikar òg på dette som ein av dei største misforståingane når det gjeld trusfridomsfeltet.

– Trusfridom verken vernar eller forsvarer religionar, religiøse verdiar, tradisjonar og praksis. Det er ein fridom, ein rett til sjølv å velja, forlata eller praktisera tru. Det forsvinn litt i diskusjonane når det blir mykje merksemd på religion. Religion blir ofte sett på som ein negativ faktor når det gjeld kvinners rettar.

– Berøringsangst

Chavez og Herefoss opplever både internasjonalt og i Norge at det eksisterer ein viss berøringsangst for religion og trusfridom blant mange som arbeider med kvinners rettar.

– Når religion kjem inn i bildet, så rygger dei unna og seier det er altfor komplekst og lada. Det blir enklare å ikkje forholda seg til det i det heile, seier Herefoss.

Hefte-forfattarane legg til at dei ikkje trur det er av vond vilje at mange skuggar unna spørsmål om tru.

– Dei som har vakse opp i ein sekulær kontekst, forstår ikkje alltid kor viktig trua er i livet til mange menneske og kor sårt tema det kan vera. Fordi dei ikkje vanlegvis tar stilling til spørsmål om tru, blir det enkelt å ikkje gjera det her heller, seier Chavez.

Forståeleg og brukarvennleg

No håper Stefanusalliansen at det nye heftet kan bidra til å oppklara misforståingar og hjelpa dei som arbeider på dei to felta, til å jobba saman for å maksimalisera både trusfridom og kvinners rettar.

– Vi leita etter ein enkel introduksjon som kunne hjelpa folk som skal jobba med dette skjeringspunktet, men kunne ikkje finna nokon, så då vart løysinga å laga ein sjølv, seier Herefoss.

Dei fortel at det har vore skrive noko om temaet den siste tida, men at det gjerne har vore på eit så høgt akademisk nivå at det har gjort stoffet utilgjengeleg for folk flest.

– Ein bruker ein terminologi og eit språk som folk på grasrota ikkje skjønner eller er opplærd i. Vi har prøvd å laga eit brukarvennleg læringsverktøy som også dei som ikkje jobbar med menneskerettar til vanleg, kan forstå, seier Chavez.

Ho håper òg at ressursen kan brukast av religiøse leiarar i trussamfunn slik at dei forstår at trusfridomsbrot opplevast ulikt for menn og kvinner og at kvinners rettar ikkje er ein trussel for trua deira. KPK

Artikkelen er skriven av Ingunn Marie Ruud, Kristelig Pressekontor. Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.