Innlegg

KVINNER OG TRUSFRIDOM: Rådgivarane i Stefanusalliansen, Vija Herefoss og Elisa Chavez, håper den nye ressursen deira kan bidra til ein maksimering av rettferdsarbeidet både når det gjeld trusfridom og kvinners rettar. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Meiner retten til trusfridom blir misbrukt

Dersom trusfridommen blir brukt for å verna religiøse tradisjonar, skikkar og privilegium, skapar det fiendskap. Det meiner Vija Herefoss og Elisa Chavez i Stefanusalliansen.

Dei to kvinnene vil byggja bru mellom trusfridoms- og likestillingsfeltet.

Vi får ikkje tatt våre på rettane til alle kvinner utan òg å ta omsyn til trusfridommen, seier Vija Herefoss og Elisa Chavez i Stefanusalliansen.

Det finst nesten inga forsking på kjønns- og likestilling med eit trusfridomsperspektiv og også svært lite forsking på trusfridomsbrot med eit kjønnsperspektiv.

– Skal ein jobba for trusfridom for alle, må kvinner vera med. Og skal ein jobba for kvinners rettar, må trusfridom vera med. Det er ikkje nokon veg utanom, seier Elisa Chavez, rådgivar i Stefanusalliansen.

Saman med rådgivarkollega Vija Herefoss står ho bak ressursen «Freedom of religion or belief for everyone: Women in focus». Heftet, som vart lansert under eit seminar om trusfridom og kvinners rettar på Litteraturhuset i Oslo 3. november, er meint å vera ein læringsressurs for å setja søkelys på skjeringspunktet mellom trusfridom og kvinners rettar.

– Tanken bak arbeidet er å setja sterkare søkelys på kvinners levde erfaringar når det kjem til trusfridomsbrot. Korleis ser trusfridomsbrot ut for dei? Forskinga har tradisjonelt sett ikkje hatt den vektlegginga på kjønn, seier Chavez.

Ho fortel at fordi leiarar i religiøse samfunn ofte er menn, er det stort sett forteljingane og erfaringane til menn som har vorte lagt til grunn når ein har forska på og utvikla prosjekt for trusfridom.

Mange misforståingar

Under seminaret vart det fleire gonger påpeika at det eksisterer mange misforståingar rundt kva trusfridom og kva kvinners rettar inneber, og at dette skaper gnissingar mellom dei to felta.

– Sjølv blant personar som jobbar med menneskerettar på høgt nivå i FN, merker vi desse gnissingane. Då er det ikkje rart at det òg forplantar seg nedover til aktørane i sivilsamfunnet, seier Chavez.

Ho påpeikar òg at det finst religiøse aktørar, særleg i USA, som i stor grad misbruker trusfridomsomgrepet til å verna religiøse tradisjonar, skikkar og privilegium.

– Det er ikkje det trusfridommen skal verna. Det skaper fiendskap frå dei som kjempar for kvinners rettar. Trusfridom skal aldri brukast som ein grunn eller unnskyldning for å diskriminera eller bryta andre rettar.

– Handlar om fridom, meir enn religion

Susan Kerr, seniorrådgivar på trus- og livssynsfridom i OSSE (Organisasjonen for trygging og samarbeid i Europa), påpeika i innlegget sitt under seminaret at religions- og trusfridom ofte ikkje blir sett på som ein universell, individuell rett på linje med dei andre menneskerettane, men som noko for dei spesielt interesserte – noko som fremmar hierarki og patriarki heller enn likestilling.

– Denne konstruerte motsetninga er falsk og grunnar i ei fundamental misforståing om kva religions- og trusfridom faktisk er. Trusfridom varetar folks rett til å tru på kva enn dei vil. Han varetar mangfaldet. Han handlar om val, ikkje konformitet. Han handlar faktisk meir om fridom, enn om religion, seier Kerr.

Herefoss peikar òg på dette som ein av dei største misforståingane når det gjeld trusfridomsfeltet.

– Trusfridom verken vernar eller forsvarer religionar, religiøse verdiar, tradisjonar og praksis. Det er ein fridom, ein rett til sjølv å velja, forlata eller praktisera tru. Det forsvinn litt i diskusjonane når det blir mykje merksemd på religion. Religion blir ofte sett på som ein negativ faktor når det gjeld kvinners rettar.

– Berøringsangst

Chavez og Herefoss opplever både internasjonalt og i Norge at det eksisterer ein viss berøringsangst for religion og trusfridom blant mange som arbeider med kvinners rettar.

– Når religion kjem inn i bildet, så rygger dei unna og seier det er altfor komplekst og lada. Det blir enklare å ikkje forholda seg til det i det heile, seier Herefoss.

Hefte-forfattarane legg til at dei ikkje trur det er av vond vilje at mange skuggar unna spørsmål om tru.

– Dei som har vakse opp i ein sekulær kontekst, forstår ikkje alltid kor viktig trua er i livet til mange menneske og kor sårt tema det kan vera. Fordi dei ikkje vanlegvis tar stilling til spørsmål om tru, blir det enkelt å ikkje gjera det her heller, seier Chavez.

Forståeleg og brukarvennleg

No håper Stefanusalliansen at det nye heftet kan bidra til å oppklara misforståingar og hjelpa dei som arbeider på dei to felta, til å jobba saman for å maksimalisera både trusfridom og kvinners rettar.

– Vi leita etter ein enkel introduksjon som kunne hjelpa folk som skal jobba med dette skjeringspunktet, men kunne ikkje finna nokon, så då vart løysinga å laga ein sjølv, seier Herefoss.

Dei fortel at det har vore skrive noko om temaet den siste tida, men at det gjerne har vore på eit så høgt akademisk nivå at det har gjort stoffet utilgjengeleg for folk flest.

– Ein bruker ein terminologi og eit språk som folk på grasrota ikkje skjønner eller er opplærd i. Vi har prøvd å laga eit brukarvennleg læringsverktøy som også dei som ikkje jobbar med menneskerettar til vanleg, kan forstå, seier Chavez.

Ho håper òg at ressursen kan brukast av religiøse leiarar i trussamfunn slik at dei forstår at trusfridomsbrot opplevast ulikt for menn og kvinner og at kvinners rettar ikkje er ein trussel for trua deira. KPK

Artikkelen er skriven av Ingunn Marie Ruud, Kristelig Pressekontor. Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen

 

MÅ TA DEBATTEN: Sjølv om tilstanden for trusfridom er betydeleg verre andre stader i verda, som her i Nord-Irak, meiner Stefanusalliansens generalsekretær Ed Brown at det er viktig å diskutera trusfridom òg i Noreg, særleg med tanke på kva signal det sender til andre land. FOTO: Stefanusalliansen

Må snakke om trusfridom – òg i Norge

Slik verda fungerer i dag, meiner Stefanusalliansen det òg er viktig å diskutera kåret til trusfridommen i Noreg, korleis politikarar ordlegg seg og kva signal vi sender.

Då vinmonopola i Oslo fekk opna medan kyrkjene framleis måtte vera stengt, var det mange som reagerte på dette. Mellom dei var menneskerettsorganisasjonen Stefanusalliansen som vanlegvis er mest opptatt av å kjempa for trusfridom i land vi ikkje liker å bli samanlikna med når det gjeld menneskerettar.

I ein aviskronikk spør redaktør i Stefanusalliansen, Johannes Morken, om norske styresmakter – politiske og faglege – har hatt sterkt nok medvit om trusfridomen midt i smittevernet.

– Kan vi, når vi sterkt kritiserer andre land, samstundes seia at hos oss er alt vel, spør han.

Morken meiner det er på høg tid å spørja om inngrepa i troslivet har vore innanfor det som etter internasjonale konvensjonar er lovleg.

– Styresmakter har rett til å avgrensa utøving av trusfridomen for å sikra offentleg tryggleik, orden og helse eller fridomen for og rettane til andre menneske. Men tiltaka skal vera baserte i lov, dei skal vera nødvendige, og dei skal – ikkje minst – vera proporsjonale. Dei skal altså ikkje vera meir inngripande enn høgst nødvendig, skriv han.

Behov for å snakka om trusfridom

Til Kristelig Pressekontor fortel generalsekretær i Stefanusalliansen, Ed Brown, at det kan vera utfordrande å snakka om trusfridom i Norge når folk i andre delar av verda blir kidnappa, tvangskonverterte eller drepne for trua si.

– Det er ein av grunnane til at vi ikkje engasjerer oss så mykje her. Det er vanskeleg å ta opp ei sak som ikkje handlar om liv og død, når vi til dømes veit at kristne jenter i Pakistan blir bortførte, tvangsgifta og tvangskonverterast til islam, seier han, men legg til:

– Vi i Stefanusalliansen er kalla til å jobba for dei der ute. Derfor er det viktigaste for oss å sjå på dei tinga i politiske program her som kan ha negativ effekt der ute og som sender feil signal. Det er behov for å snakka om trusfridom i alle land, og Norge er ikkje noko unntak.

Brown medgir at det òg kan vera ei vanskeleg øving å vega smittevernhensyn opp mot retten til trusfridom og religionsutøving.

– I eit smittevernperspektiv er det veldig bra at ein stat kan overvaka og finna ut kor folk har vore for å minska spreiingsfaren, men det kan òg gå ut over individuelle fridommar som ytringsfridom, forsamlingsfridom og assosieringsrett. Alt dette kan påverka trusfridommen, seier han.

Nødvendig med høg tillit

Generalsekretæren peikar på at eit høgt tillitsnivå er avgjerande for å kunna bruka innskrenkande tiltak i smittevernet, men at tillitskulturen vi har i Norge, kan svekkast dersom tiltaka ikkje bli opplevd som rettferdige.

– Det er ein viktig debatt å ta. Er det riktig at eit idretts- eller kulturarrangement har hatt ei høgare grense for kor mange som kan delta enn det religiøse arrangementet har hatt? Det kan finnast gode grunnar, men dei må forklarast. Det ser ikkje bra ut når det opplevast som om religiøse grupper blir diskriminerte i forhold til andre grupper.

Brown seier det ikkje er sjølvsagt å ha eit så høgt tillitsnivå mellom folk og staten som vi har i Norge.

– Det betyr at ein har større moglegheiter for gode, opne debattar, og ein stoler på at innskrenkande tiltak ikkje blir varande over ein lengre periode. Det er ikkje tilfellet mange andre stader i verda. Eg stoler ikkje på at Kina eller Iran, når dei set i gang overvakande tiltak, vil fjerne dei når pandemien er over.

Kritiserer politisk kontrolliver

LEGITIMERER: Stefanusalliansens redaktør Johannes Morken meiner iveren til norske parti etter å kontrollera livssynssamfunn i verste fall kan legitimera maktbruken i andre land. FOTO: Stefanusalliansen

Morken kritiserer i kronikken sin òg det han kallar ein urovekkjande kontrolliver retta mot norske trussamfunn og religiøse minoritetar frå fleire norske politiske parti.

– Det kan i verste fall også legitimera andre lands langt sterkare vilje til bruk av makt, skriv han

Også Stefanus-generalen reagerer på måten enkelte politiske parti i Norge ordlegg seg når det gjeld kontroll av trussamfunn. Han meiner trusfridom i Norge òg må sjåast i lys av situasjonen i andre land.

– Dersom vi hadde lese i eit partiprogram frå Kina at staten vil ha meir kontroll med troslivet, trur eg mange vilja tenka at dette ikkje er bra. Når vi får same ordlyd i ein norsk kontekst, sjølv om vi har mykje tillit, er det grunn til å stilla spørsmål, seier Brown til KPK.

Han trekker fram eit døme om å vilja greia ut og forby utanlandsk finansiering av trussamfunn.

– Dette veit vi har vorte brukt aktivt i Russland og India, og vi ser den negative effekten der folk blir stempla som landsforrædarar dersom ein får utanlandsk støtte. Eg forstår at ein ikkje vil legga til rette for terrorverksemd, som òg kan skje innanfor religiøse samfunn, men eg trur det finst andre måtar å hindra dette på enn å forby utanlandsk finansiering av trussamfunn tvers over, seier Brown og legg til:

– Dette står i kontrast til utviklinga i ein transnasjonal verd der alt, inkludert det religiøse livet, opererer på tvers av landegrenser. Kva om kristne i Norge ikkje kunne senda pengar til sine trossøsken i andre land? Eg trur dei fleste ville tenkt at det ikkje var greitt. KPK

– Dette handlar om trusfridom

Denne veka har ImFs verdidokumentet for skulane havna i søkjelyset, seinast i går kveld på NRK Dagsrevyen. ImF, ved generalsekretær Erik Furnes, har nå sendt ut ei klargjering om kva verdidokumentet seier og kvifor det finnes.

Om verdidokument i skulane våre

Eit oppslag i Bygdebladet, med oppfølging i NRK og andre lokalaviser, om verdidokument for Sjøholt Folkehøgskole har vakt sterke reaksjonar denne veka. Dette er eigentleg ikkje ei nyheit då slike verdidokument har eksistert for dei fleste lag og organisasjonar i fleire tiår, og dei vart til etter at det ein har halde som sjølvsagt, ikkje lenger vart rekna som sjølvsagt i samfunnet.

Det prinsipielle er dette: Kan ein arbeidsgjevar, spesielt i ein verdibasert verksemd, ha rett til å utforme forventningar ved tilsetting av medarbeidarar som skal formidle verdigrunnlaget til verksemda? I eit forsøk på å illustrere dette drog eg for journalisten ein parallell: Dersom FrP skulle tilsette ein person i partiapparatet som skulle fronte FrP sin politikk, ville dei då tilsette ein SV-ar? Eller vi kan tenkje oss at Humanetisk Forbund skulle tilsette ein som skulle formidle deira bodskap, ville dei gje jobben til ein frimodig kristen? Ville det vere godt nok at «det er greitt at du har slike haldningar privat, men på jobben skal du formidle noko anna?» Ein slik praksis vil ikkje vere fair og ærleg ovanfor nokon av partane.

Stortinget har lovfesta retten til å gjere slike vurderingar, og i alle stillingsannonsar gjer vi merksam på at ImF kjem under unntak i Arbeidsmiljølova §13-3. Vi har møtt i Likestillings- og diskrimineringsnemnda, og fått medhald i at vi kan stille slike krav iflg Diskrimineringslova § 9. Det underlege er at når sentrale politikarar skal kommentere slike saker, kjem dei med kritikk av verksemder som held seg innanfor dei lovene dei har gitt oss.

Det er å håpe at fleire vil ta seg bryet med å lese skuledokumentet på imf.no som no vert kritisert. Det einaste som seiast om samlivsetikk er dette: «Det livslange, monogame ekteskap mellom mann og kvinne er rammen for det seksuelle samliv, og det forventes at alle lever i samsvar med dette». Dette er ein naturleg konsekvens av Jesu ord i Matteus 19:4-6. Det burde ikkje overraske at ImF og andre kristne organisasjonar er forplikta på slike klare ord frå Bibelen. Det som er overraskande er at dette ikkje skal få konsekvensar for kven vi tilset for å formidle desse verdiane.

Samlivsetikk, og etikk generelt, er eit krevjande felt å nedfelle konkrete køyrereglar for, og tabloide medieoppslag sperrer for den kommunikasjonen vi ønskjer å ha med tilsette og elevar. Konsekvensar ved brot på våre verdiar vil vi ha grundige samtalar med den det måtte gjelde, og dokumentet seier ikkje noko om kva utfallet vil vere i alle tilfelle.

Til alle våre skular kjem elevar og studentar med ulike livssyn og livshistorie. Det er særs viktig for oss at alle desse vert møtt med reell respekt og toleranse. Dokumentet har tydeleg ordlyd om det. Alle menneske skal få velje sin veg utan å bli utsett for press, og som aktør i eit ope og fritt samfunn ønskjer vi å bidra til meiningsmangfald og opne samtalar. Det er sunt at meiningar vert utfordra og formast i eit miljø der ulike oppfatningar kjem til orde. Det som er tankevekkjande er at vi er i ferd med å få eit samfunn der det ikkje lenger er mogleg å uttrykke at ein er glad i og har omsorg for ein person utan at ein samstundes støttar alle dei val som vedkomande tek. Denne saka handlar til sjuande og sist om det skal vere reell trusfridom i samfunnet, og det håpar eg framleis skal aktast høgt.

Erik Furnes
generalsekretær i ImF

————

Verdidokumentet kan lesast på imf.no