PÅSKESALME: Johan Halmrasts «Å, salige stund uten like» er en kjent og kjær påskesalme. ILLUSTRASJONSFOTO: KPK

Oppstode-linjene som slapp å bli brunne

Då Johan Halmrast døydde for 110 år sidan, vart bunker med upubliserte manuskript brunne ulesne. Men dei 24 diktlinjene han kalla "Maria Magdalenas jubel", er på mange sine lepper i påsken.

Det finst diktarar som skriv ein einaste tekst i heile livet sitt, og den vert ståande som ein påle i mange år etter at diktaren er borte. Men det finst òg diktarar som skriv mengder av tekstar, men det meste – eller alt – er gløymd etter kort tid.

Johan Halmrast kjem ikkje i nokon av desse kategoriane. Han skreiv og publiserte enorme mengder med tekst, men det som blir hugsa, er eit dikt på i alt 24 linjer: Dei tre versa i påskesalmen framfor nokon: «Å, salige stund uten like». I år er det 110 år sidan den norske salmehistorias «one hit wonder» døde.

«Ansiktet bleikt og alvorleg»

Det finst ingen bilde av Johan Halmrast. Den einaste skildringa av utsjånaden hans har vi frå ein annan Johan, som møtte han på Hammersborg i Kristiania ein sein haustkveld i 1908. Om dei «møttest» eller berre passerte kvarandre, blir det ikkje sagt noko om.

Falkberget beskriv han slik, nesten 30 år seinare: «Ein grå forstemmande haustkveld i 1908 møtte eg han på Hammersborg. Han kom berande med ein stor bylt i armane – det likna ei krukke. Kleda hans var blankslitne – bar preg av ein gåvedress – kassert i ein velstandsfamilie. Hovudet fortona seg i tåka og det grøne gassblusset uforholdsmessig stort. Ansiktet bleikt og alvorleg.»

Andre har meint at han var «nærast ein dverg», med misdanna fingrar og truleg ein pukkel på ryggen.

Kanskje var det utsjånaden som gjorde at Falkberget såg han og seinare huska han; kanskje var Halmrast på sett og vis ein kjend skikkelse i Kristiania i 1908.

Bunker med manus

Dei var på kvar sin stad i livet, dei to. Falkberget, 29 år gammal, hadde gitt ut nokre små forteljingar på lokale forlag på Røros-traktene, og han hadde hovedtyngda av det litterære virket sitt føre seg. Halmrast var 42 år, plaga av den svake helsa si og med berre nokre få år igjen å leva. På loftshybelen hans låg bunker med ferdige manuskript som han ikkje fann forleggarar til. Sjølv hadde han nok med å klara seg frå dag til dag og kunne ikkje finansiera nokon utgivingar sjølv.

To år tidlegare hadde han freista å få gehør for eit stort, ambisiøst prosjekt der han ønskte å skriva salmar til den nye tekstrekka som kyrkja hadde innført. Det fekk ingen respons. Då han døydde fire år seinare, vart alle dei upubliserte manuskripta hans brunne ulesne: Dikt, forteljingar, omsetjingar.

Maria Magdalenas jubel

Då Johan Falkberget skreiv artikkelen sin om Johan Halmrast, han vart publisert i 1936, etterlyste han alle dei andre salmane han meinte namnebroren måtte ha skrive. «Dette er ingen nybegynnar-salme», skreiv han.

Truleg var det likevel nettopp det. Halmrast har ein einaste tekst til i Norsk Salmebok, og for den som leitar flittig, er det nok ein del andre tekstar som lèt seg spora opp. Men det er påskesalmen han sjølv kalla «Maria Magdalenas jubel», som står igjen etter han. KPK

Artikkelen er skriven av Nils-Petter Enstad, KPK. Redigert for sambåndet. no av Petter Olsen.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.