GOLGATA: Hjalmar Hansen skreiv ei rekkje songar om Jesu liding og død på krossen – men sleit med å skrive om oppstoda. Illustrasjonsfoto: Stefan Maderbacher, Pixabay.

Han som song om Golgata

"Derfor synger jeg bare om ham", skriv Leonard Gudmundsen i songen "Jeg vil synge en sang om Jesus". For Hjalmar Hansen var det Golgata som vart det viktigaste ved Jesus å syngja om.

Hansen vart fødd i 1873 og døydde i 1952. Då hadde han etter eigne berekningar rukke å skrive meir enn 800 songar og dikt. Mykje av det var nok poesi skrive ved særskilte høve, men dei beste tekstane lever vidare den dag i dag.

To av dei, Møt ham hver en morgen og Herligste navn som er uttalt på jord, er begge godt kjende i norsk kristenliv.

Men det var reint tilfeldig at Hjalmar Hansen vart poet. Han har sjølv fortald at den første songen han skreiv, var Se, mengden til Golgata iler. Den skreiv han ei natt i 1894. Då var han 19 år gamal og assistent i Frelsesarmeen si forsamling på Grünerløkka i Oslo.

PRODUKTIV: Meir enn 800 songar og dikt skal frelsesoffiseren Hjalmar Hansen ha skrive i løpet av livet sitt. Mange av dei er enno å finne i norske songbøker. Foto: Frelsesarmeens historiske selskap.

Spørsmål frå Gud

Kyrkjelyden hadde i nokre veker også hatt møte på Snarøya kvar sundag ettermiddag. Desse hadde den unge løytnanten ansvaret for. Det kom mange til møta, men ingen bøygde seg og tok imot Jesus. Ein dag sa Hansen sin sjef at om ingen ville bli frelst, såg han ikkje noka meining i å ha desse møta.

Dette vart svært alvorleg for den unge løytnanten som hadde ein lang bønekamp før han la seg til å sove. Midt på natta vakna han, og han kjende at Gud spurte han om han når som helst var viljug til å skrive ned det Gud ga han.

«Ja, Herre», svarte han, sto opp og fann fram blyant og papir.

20 minutt

I løpet av 20 minutt var alle dei tre versa og omkvedet skrive ned. Etterpå greip han Bibelen sin, ba Gud gi han eit ord, slo opp og las: «Han vekte meg, og eg let meg vekke. Eg sto opp, og han gav meg sitt ord».

Det er ikkje noko vers i Bibelen som lyder slik, men Hansen slo seg etter kvart til ro med at dette var noko Gud hadde latt han få «lese» der og då – ei vurdering mellom andre biskop Johan Lunde støtta han i. Det var nok meir ei sjelesørgerisk vurdering enn ei teologisk frå biskopen si side.

Tok imot

Neste kveld vart songen sunge fyrste gongen, og ikkje minst omkvedet hadde ein sterk verknad:

Å, tenk det var allting for meg!

For meg brast hans elskende hjerte

Ja, tenk, det var allting for meg

Fleire gav då til kjenne at dei ville bli kristne, og møta på Snarøya heldt fram vidare.

Golgata
Hjalmar Hansen skreiv mange påskesongar. Desse handla nesten utan unnatak om krossen, om Golgata og om Jesu liding og død.

I 1896 skreiv han Jeg leste at Jesus ble fangen, med same versemålet som Golgata-songen frå 1894. Dei vert også sunge på same melodien. Opphavet til melodien er ein ikkje viss på, men truleg er han anten frå USA eller Sverige.

Krossen er også tema i songen Har jeg en sorg som vil tynge mitt sinn med omkvedet «Her under korset kneler jeg ned». Han skreiv også songar som Jeg elsker de naglede hender, Alltid korset, alltid Jesu død, Til ditt kors igjen, Mest jeg ser deg med tornekronen, Det var korset som dro meg til ham og Enn en gang jeg synge vil om Golgata.

Det er lite å seie på at denne samlinga av songar førte til at han fekk tilnamnet Golgata-songaren.

«Enn en gang»

Den siste av dei nevnte songane har si spesielle forhistorie. Eit år vart Hjalmar Hansen beden om å skrive ein song til Krigsropet sitt påskenummer, og redaktøren meinte dei hadde så mange songar om Getsemane og Golgata frå Hjalmar Hansen frå før. Derfor lydde bestillinga på ein song om oppstoda. Det oppdraget skulle Hansen få slite med.

Han freista verkeleg å skrive om oppstoda, men det lukkast ikkje. Så ringte redaktøren og minna han på at han skulle levere songteksten. Redaksjonen måtte ha han neste dag. Det vart ein kamp i bøn for den unge poeten, og då han reiste seg, forsto han at det nok ikkje vart nokon song om oppstoda denne gongen heller – men i staden Enn en gang jeg synge vil om Golgata.

I bruk

Mange av songane vert sunge i liten grad i dag. Når det gjeld den han skreiv som 19-åring for 130 år sidan, står han i ei rekkje songbøker framleis, mellom anna i bedehusrørsla si songsamling, Sangboken (nr. 285, red.anm.), pinserørslebøkene Maran Ata og Evangelietoner, i Misjonskirken si songbok, Nye Salmer og sanger, i den læstadianske Åndelige sanger og Maran Ata-rørsla sin songbok, Sildigregn.

Så spora etter Golgata-songaren er mange også 72 år etter at han døydde. KPK

Artikkelen er skriven av Nils-Petter Enstad, Kristelig Pressekontor. Redigert for sambåndet.no av Petter Olsen.

Les også: Påskemøter på Straume (22.03.24) Påsken gjennom Peters øyne (21.03.24)

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.