Framtid for ImF?
LEIAR Dei næraste åra vil avklara kor sterk organisasjon misjonsfolket skal ha i ryggen i framtida, konstaterer Sambåndet på leiarplass.
Når Indremisjonsforbundet (ImF) no er gått inn i det 125. året i teneste for Guds rikes sak, er det med betydelege utfordringar, ikkje minst økonomisk. Sambåndet-lesarane kjenner godt til dei store satsingane dei siste åra på Awana og Sjøholt folkehøgskole (FHS). Begge har kosta sentraleininga ImF mykje til no, og dei vil fortsatt gjera det.
Samstundes er nettopp Awana og Sjøholt FHS døme på satsingar som treff midt i kjerneområdet for kva ImF er til for. Tusenar av barn og unge får ei mobil og motstandsdyktig tru, og kristne skular er ein av dei viktigaste misjonsstasjonane i vår tid. Sjøholt FHS har òg eit diakonalt perspektiv med sin visjon om å motivera skuletrøytte ungdomar frå 16 år og oppover, for vidare utdanning og arbeidsliv. Satsingane er gode og rette.
Det vil vera tildekkande å seia at heile indremisjonsfamilien har stilt seg bak.
Initiativet til Sjøholt FHS kom på eit rektormøte så tidleg som i 2010 og var altså forankra breiare enn sentraleininga åleine. Men særleg etter at skuleprosjektet begynte å røyna på økonomisk, vil det vera tildekkande å seia at heile indremisjonsfamilien har stilt seg bak. Sjøholt FHS tydeleggjer difor også utfordringa for ImF som ligg i at kvar eining i indremisjonsfamilien har eigen økonomi, leiing og strategi. Slik kan ImF bli ståande med eit tungt økonomisk ansvar som det ikkje er opplagt at tilslutta einingar kan eller vil vera med og aksla. Samstundes har ImF vore god å ha når verksemder i organisasjonen har hatt behov for økonomisk støtte.
Då ImF vart til i 1898, var det først og fremst for å tena og støtta det lokale arbeidet som alt var i gong. Og det er avgjerande å halda fast på at det er lokalt det viktigaste arbeidet skjer.
Spørsmålet er kva for rolle ImF skal ha i det bildet vi no ser.
Misjonsfolket sitt engasjement er no i aukande grad retta mot å byggja opp lokale forsamlingar. Spørsmålet er kva for rolle ImF skal ha i det bildet vi no ser, og om misjonsfolket vil engasjera seg også i organisasjonen. Forsamlingsstrategien har ImF – utan «eigennytte» – både oppmoda til og sidan 2017 også utrusta til gjennom Leiarkonferansen, i den kyrkjesituasjonen ein såg utvikla seg.
Har ImF vist at det lokale arbeidet framleis er tent med ei sterk sentraleining? «Det er gruelig mykje ImF sentralt driv på med. Det er ting vi som organisasjon har ein dekning på. Det må vi vita når vi skal til å endra», sa kretsleiar Sondre Orrestad på generalforsamlinga i fjor. Dei næraste åra vil avklara kor sterk organisasjon misjonsfolket skal ha i ryggen i framtida.
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!