OMSETJAR: Ein engasjert Kjell Arild Pollestad heldt tilhøyrarane i ande i ein time på Saron, Bryne. ALLE FOTO: PETTER OLSEN

Lyfter opp Kanaan-språket

BAKGRUNN Kjell Arild Pollestad si bibelomsetjing inneheld 724.235 ord. Dei har han hatt som mål å omsetja i pakt med ein tradisjon som starta 200 år før Kristus.

BRYNE: Måndag 30. oktober kl. 19 blir den nye bibelomsetjinga lansert på Litteraturhuset i Oslo. Det er Forlaget Press, etablert i 1997, som gir ut denne versjonen av Bibelen, og salet er i gong. 9. november kl. 19 er det lanseringsarrangement på Saron, Bryne.

8.februar i år møtte eit tresifra antal menneske opp på Saron for å høyra Pollestad snakka om arbeidet med å omsetja Bibelen. Ifølgje forlaget er han den første som heilt aleine har omsett heile Bibelen til norsk (sjå faktaboks).

Det første forsøket på å omsetja Bibelen til norsk kom allereie på 1200-talet, men nokon fullført bibel på norrønt fekk me aldri. I hundrevis av år deretter var norske biblar fornorskingar av danske. Faktisk var det først i 1978 vi fekk ei fullstendig omsetjing av Bibelen til norsk frå grunnspråka hebraisk og gresk.

Konkordant

Heilt fram til vår tid var omsetjingane på det som blir kalla eit konkordant språk. Ein prøvde så godt ein kunne å omsetja ord for ord frå gresk og hebraisk. Derfor, peikar Pollestad på, fekk vi eit eige bibelspråk.

Dette starta allereie 200 år før Kristus, kunne Pollestad fortelja. På den tida var det mange jødar som ikkje lenger skreiv eller brukte hebraisk, som er originalspråket i Det gamle testamente (GT). Dei brukte i staden gresk, som Det nye testamente (NT) seinare blei skrive på.

– 70 jødar, ifølgje legenden, omsette heile GT til gresk, og difor heiter denne omsetjinga Septuaginta, som tyder 70, sa Pollestad.

Kanaan-språk

Desse omsetjarane vart dei første som gjorde det som seinare vart vanleg – å bruka dei hebraiske uttrykka sjølv når dei skreiv på gresk.

– Til dømes når det i juleevangeliet står «i de dager» (Luk 2,1), er det ein hebraisk måte å seia det på. På gresk ville ein normalt ha sagt «på den tid». Slik kan me nemna hundrevis av døme, sa Pollestad.

Slik vaks det fram eit særskilt bibelspråk, som også er kjent under eit anna namn. – Det er det som nokon litt foraktfullt kallar «kanaan-språk», og på 1960- og -70-talet var det om å gjera å få dette bort og få eit meir vanleg språk inn i Bibelen, sa Pollestad.

OPPMØTE: Langt fleire enn arrangørane rekna med, kom til møtet med Kjell Arild Pollestad på Saron, Bryne.

1930

Bibelselskapet si omsetjing til riksmål frå 1930 er ifølgje Pollestad eit godt døme på bibelspråk på norsk. Dette var ikkje ei omsetjing frå grunnspråka, men ein språkleg revisjon, etter rettskrivinga frå 1917, av tidlegare omsetjingar. Stilen var pietetsfull mot det som vart opplevd som tradisjonelt bibelspråk. Ein heldt på former som «I» og «eder» (dere) sjølv om dette for lenge sidan var ute av vanleg språkbruk.

– Inga tidlegare omsetjing hadde fått ei slik utbreiing, og den bidro sterkt til å styrka bibelspråket i litteraturspråket, sa Pollestad.

Hognestad

Her kan me skyta inn at denne omsetjinga kom på nynorsk i 1938, eit arbeid som vart leia av dåverande biskop i Bjørgvin, Peter Hognestad.

– Han var frå nabogarden til der som mor mi vaks opp på Hognest’. Så no er det altså to biblar som kjem frå Hognestad, konstaterte Pollestad humoristisk.

Då det på 1950-talet kom ei såkalla ungdomsomsetjing av NT, var forfattar Arnulf Øverland opprørt. For i denne omsetjinga var Kristus ikkje lenger «oppstanden», som i 1930-versjonen, men «stått opp». Ateisten og kristendomsfienden Øverland meinte dette var gudsbespotting, sa Pollestad med smil om munnen.

JÆREN- No har vi to biblar frå Hognestad, konstaterte jærbuen Kjell Arild Pollestad på Saron, Bryne.

Idiomatisk

Inspirasjonen til dette kom frå USA og amerikansk språkvitenskap. Ein skulle ikkje merka på omsetjinga at det var eit anna språk som lå under. Dei som las, skulle altså kunne tru at Bibelen var skriven på norsk i utgangspunktet. I praksis skulle ein då ikkje omsetja ord for ord, men meining for meining (idiomatisk). Til dømes vart «Alle mitt livs dager» (jf. Sal 23,6) til «hele mitt liv».

– Mykje av det særmerkte i bibelspråket vart borte. Vi fekk ein bibel med tilnærma same språk som vi les i avisa. Det gjer sjølvsagt Bibelen lettare å lesa, men teksten blir samstundes langt mindre poetisk, langt mindre opphøgd i stilen, langt mindre høgtideleg. Det gamle bibelspråket forsvann, konstaterte Pollestad.

1978

1978-omsetjinga frå Bibelselskapet bygde på desse impulsane frå USA. Språket skulle vera «levande og moderne», og hensikta var å få fram meininga i grunnteksten utan å omsetja ordrett.

– Den vart lansert som verdas beste bibelomsetjing, men var ikke betre enn at den sju år seinare kom i revidert utgåve, sa Pollestad underfundig.

Wisløff

Ein av de fremste kritikarane var professor Carl Fredrik Wisløff. Han meinte at lekfolket hadde krav på ei omsetjing som var så nær grunnspråket som mogleg i uttrykksmåten. Han brukte 1. Mos 2,24 som døme. I 1930-omsetjinga står det slik: «Derfor skal mannen forlate sin far og sin mor og bli hos sin hustru, og de skal være ett kjød.» I 1978 vart siste del endra til «… og de to skal være ett».

– Me kan gi Wisløff rett i at det er eit heilt anna meiningsinnhald. Han sa det slik: «En kan være ett med alle kristne, men ‘ett kjød’ kan en bare være med sin ektefelle.»

I omsetjinga frå Bibelselskapet som kom i 2011, står det «… og de to skal være én kropp». – Men dei to som er vigde, er framleis to kroppar når dei går ned. Ein kan jo sjå at dette er ei feil omsetjing, kommenterte Pollestad.

MANGE: Dette er nokre av bibelutgåvene på norsk mellom 1930 og 2011. 1978-omsetjinga (nr. to frå venstre) er den første på norsk som vart omsett direkte frå grunnspråka.

1988

Som kjent var Wisløff ein av dei som sørgde for ei ny omsetjing, Norsk Bibel i 1988, som nærast var ei språkleg modernisering av 1930-utgåva. – Frå då av hadde Den norske kyrkja og kristenfolket kvar sin bibel, for å seia det brutalt, konstaterte Pollestad.

Les meir: Hva er risikoen med ny bibeloversettelse?

Det hebraiske verbet som er brukt i siste del av 1. Mos 2,24, tyder ifølgje Pollestad å vera limt til, hengja fast ved. I hans omsetjing står det slik: «Derfor skal mannen forlate sin far og sin mor og henge fast ved sin kvinne, og de to skal være ett kjøtt.»

2011

Kjell Arild Pollestad gler seg over at ein i seinare tid har gått i retning av meir ordrette omsetjingar igjen. Bibelselskapet si omsetjing frå 2011 er ifølgje Pollestad i ei slags mellomstilling. Den nyttar eit konkordant – ordrett – språk der det lar seg foreina med med vanleg norsk språkkjensle, men omset idiomatisk – meing for meining – der det ikkje lar seg gjera.

Til neste år kjem det ei ny omsetjing frå Bibelselskapet, og Pollestad meiner den vil vera enda meir bokstaveleg. – «Kjøtt» vil koma tilbake – «Ordet ble kjøtt», som det jo står, er eit døme han gir.

Mål

For si eiga omsetjing har Pollestad hatt to målsettingar. For det første vil han omsetja så ordrett som mogleg for å visa lesaren korleis det eigentleg vart sagt på hebraisk og gresk. For det andre prøver han, gjennom ordval og rytme, å få klarare fram at store delar av GT er poesi, skriven i ei poetisk form med rytme.

– Eg må gå på mange kompromiss for å sameina desse målsettingane, og mi omsetjing liknar i prinsippet ikkje på nokon av dei andre, sa Pollestad.

Kunstspråk

Til det som tidlegare er sagt om bibelspråket, legg han til at det som i Bibelen er prosa (språk som ikkje er bunde av rim- og rytmereglar) på hebraisk, eigentleg er eit litterært kunstspråk.

– Det er eit heilt spesielt språk som jødane medvite brukte i heilage tekstar og som er like særmerkt som det norrøne sagaspråket, utdjupa han.

PATINA: Ettersom tekstane i Bibelen er opptil 3000 år gamle, meiner Kjell Arild Pollestad han kan tillata seg å bruka uttrykk som er ute av daglegtalen.

Patina

Pollestad peikar på at tekstane i Bibelen er opptil 3000 år gamle. Han meiner ein då må kunna tillata seg å bruka uttrykk som kan sjåast på som forelda. Det handlar om å få fram «alderens patina», som omsetjaren uttrykkjer det.

– Difor skriv eg «Egyptens land» der rytmen krev det. «Egypts land» gir fortstopping i munnen, sa Kjell Arild Pollestad med ei demonstrerande grimase.

Den einaste avgrensinga, legg han til, er at alt må vera forståeleg for den delen av befolkinga som les bøker. – For dei andre nyttar det ikkje. Dei har eg gjeve opp i utgangspunktet.

Neste: Meir om språket i den nye bibelomsetjinga.

Publisert onsdag kveld 25. oktober: Friskoleprisen til KVS Lyngdal.

 

Fakta om Bibelen

  • Verdas mest selde bok. På verdsbasis blir det selt ca. 80.000 biblar dagleg eller ca. 3500 i timen.
  • Namnet «bibel» kjem frå gresk, «biblia», som tyder bøker.
  • Inneheld litteratur av ulik sjanger (type): historieforteljing, lovtekstar, salmar, visdomslitteratur, profetiar, evangelier og brev.
  • Består av to nokså ulike skriftsamlingar: Det gamle testamente, jødane sin bibel, skriven på hebraisk og Det nye testamente – «Den kristne tilføyinga» – som Pollestad uttrykte det, skriven på gresk.
  • Gresk og hebraisk er ifølgje Pollestad like forskjellige som norsk og arabisk.

Fakta om omsetjaren

  • Kjell Arild Pollestad har rådført seg med Bibelen på 15 ulike språk i arbeidet med omsetjinga.
  • Særleg glede har han hatt av å kunne ny-gresk.
  • Arbeidet starta hausten 2017.
  • Omsetjinga har 724.235 ord som står att etter 3.666.617 tastetrykk.
  • Professor Magnar Kartveit var saman med Pollestad i omsetjinga av dei fem Mosebøkene.
  • Pollestad er medlem av Det norske akademi for språk og litteratur, og det var Akademiet som tilskunda han til å gå i gong med omsetjinga. Folk herfrå las og kommenterte etter kvart som arbeidet skreid fram.
  • Tidlegare har Pollestad omsett Snorres Kongesagaer, Homers Iliaden og Odysseen, frå italiensk, fransk og russisk, og han står bak gjendiktninger frå nygresk av lyrikeren Konstantinos P. Kavafis’ poesi.
0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.