UTLEIGE: «Barnehage på dagtid – forsamlingslokale til utleie på kveld og helg.» Slik står det på nettsida til Solemdal bedehus i Molde kommune. FOTO: PETTER OLSEN

Bedehusorganisasjonar må få unntak for å ha møte i bedehus

Indremisjonen og andre som i mange tiår har hatt møte på Solemdal bedehus, må no ha dispensjon frå dei nye vedtektene for å kunne fortsetja verksemda på huset.

MOLDE: Det stadfestar styreleiar Anne Marie Solemdal i Solemdal bedehus overfor Sambåndet. Bedehuset frå 1911 ligg på Skålahalvøya i Molde kommune i Romsdal. 

Gjennom to årsmøte har vedtektene for bedehuset blitt endra. Endeleg vedtak blei gjort i februar 2023 og med stort fleirtal. Eit alternativt lovforslag blei stemt ned.

Utfordringa for misjonsorganisasjonane ligg i ei formulering som tilseier at dei som vil bruka huset, ikkje kan vera «diskriminerande» med tanke på kjønn og legning. Om ein organisasjon har eit bibelsyn som inneber, slik norsk lov opnar for, at kvinner, samlevande homofile eller heterofile sambuarar ikkje kan ha bestemte stillingar eller vera valbare til bestemte tillitsverv, er ein i strid med vedtektene.  

Indremisjonen 

Dei opprinnelege vedtektene for bedehuset er frå 1912. Her sto det at huset «eier seg selv» og skulle styrast av fem indremisjonsmedlemmer frå Solemdal skulekrets. Kravet til røysterett var at ein var «kristelig interessert».

I 1985 kom det inn at dersom indremisjonen lokalt ikkje kunne stilla folk i styret, skulle styringa av bedehuset gå over til kretsen, Nordmøre og Romsdal Indremisjon (NRI).  

Modernisering

I 2021 vedtok årsmøtet at ein skulle gå gjennom vedtektene med tanke på modernisering. Initiativet til dette kom frå styret. I denne prosessen blei det foreslått å ta inn eit punkt om «diskriminering». 

Vidare var det mange i bygda som ikkje ønskte at NRI skulle overta styringa. Dei som jobba med vedtektene, meinte at det blei gjort formelle feil då dette vedtaket blei gjort. I dei nye vedtektene frå februar 2023 står det framleis at bedehuset er «selveiende», men den opphavlege setninga om at styret skal bestå av indremisjonsmedlemmer, er tatt bort.  

Gjennom dei siste åra er det blitt færre og færre indremisjonsfolk igjen lokalt til å sitja i bedehusstyret. I dag er det mellom ti og 15 personar som går på dei kristne møta på huset.  

Barnehage

For bygdefolket generelt har det også vore eit poeng å sikra gode lokale for barnehagen som i mange år har vore i huset. Også misjonsfolket er positive til barnehagen. Alternativet deira til at barnehagen skulle nytta heile huset, var å byggja ut. Fleirtalet på årsmøtet meinte det var urealistisk.

Resultatet av at barnehagen også får nytta hovudsalen, er auka krav til vask, og til dømes nattverdmøta er flytta over i private heimar. Bedehuset blei pussa opp for om lag ein million kroner.  

På møteplanen for hausten 2023 og våren 2024 står mellom andre NLM, Lys over land, Indremisjonen og NMS. Då Sambåndet i starten av september i fjor spurte styreleiar Anne Marie Solemdal om følgene for desse med dei nye vedtektene, viste ho til at eit komande styremøte skulle drøfta praktiseringa. 

Unntak 

Dette styremøtet fann stad i månadsskiftet oktober/november 2023.

– Styret går inn for at dei som har hatt møte på huset frå før, får unntak. Det vil bli kunstig om dei ikkje får fortsetja. Men om det kjem nye og vil ha møte, vil det bli gjort ei vurdering av haldningane deira opp mot vedtektene, seier Solemdal til Sambåndet. Årsmøtet i februar 2024 har siste ord når det gjeld praktiseringa av vedtektene. 

«Ikkje greitt»

Styreleiaren understrekar at sjølv om organisasjonane får unntak, er det «ikkje greitt at dei diskriminerer». At til dømes kvinner eller samlevande homofilie ikkje er valbare til alle verv, er – slik styreleiaren ser det – heller ikkje dekka inn av det aktuelle unntaket i likestillings- og diskrimineringslova. Møre bispedøme er tatt med på råd, og Anne Marie Solemdal seier bedehuset har lagt seg på same linja som Den norske kyrkja. 

FLEIRBRUK: Bygget til Solemdal bedehus fungerer både som bedehus, utleigelokale og barnehage. FOTO: PETTER OLSEN

Gjennomgang 

Kjell Hauan er nestleiar i ImF-styret og hadde på Leiarkonferansen i november i fjor seminar om styrearbeid. Han har erfaring med prosessar der ein går gjennom gamle vedtekter og statuttar og uttalar seg på generelt grunnlag. 

– Det er viktig å ta ein gjennomgang av dei opphavlege vedtektene og eventuelt søkja juridisk hjelp for å forstå kva dei inneber, seier Hauan til Sambåndet. 

Tolking

Ord og uttrykk som hadde ei klar betydning for mange år sidan, kan no bli tolka annleis. Ting som har vore sedvane, men ikkje lovbestemt, kan det vera naudsynt å skriva inn i vedtektene. Det er også vanleg å ha paragrafar som ikkje kan endrast, så som vedkjenningsgrunnlag. Her kan ein gjera språklege endringar, men intensjonen i paragrafen kan ikkje endrast. 

– Så er det lurt å vera bevisst på kven som har røysterett i eit årsmøte. Det kan til dømes knytast til medlemskap i foreininga som eig huset, eller ein kan seia at dei som er samd i vedkjenningsgrunnlaget, har røysterett, peikar Kjell Hauan på.

Først publisert i Sambåndet nr. 8/23, som kom ut 20. desember.

SOLEMDAL BEDEHUS

  • Solemdal bedehus er registrert i Brønnlysund med organisasjonsforma foreining.
  • Næringskode er «Religiøse organisasjonar».
  • Om «aktivitet/bransje» står det fylgjande: «Bedehuset skal nyttes til bibellesning, oppbyggelsesmøter, bønnemøter,  misjonsmøter, søndagsskole, avholdsmøter, kristelige samtalemøter og  kristelige ungdomsmøter, fester og basarer til inntekt for misjonen og  andre kristelige gjøremål.»

Kjelde: Brønnøysundregisteret.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.