TILSYN: Bjørn Erik Thon er likestillings- og diskrimineringsombod. Biletet er frå 2012. FOTO: Eirik Helland Urke/Flickr
Når Thon tonar flagg
KOMMENTAR Gjennom ei utsegn som grensar til reint tøv, set eit statleg ombod likhetsteikn mellom Pride-flagging og mangfald.
Som kjent har Ålesund kommune, gjennom eit administrativt vedtak, kunngjort for skulane at dei ikkje skal heisa Pride-flagget i juni. Den føreseielege og programmatiske diskusjonen dette førte med seg, resulterte i at saka no skal handsamast politisk.
23. mai gjekk likestillings- og diskrimineringsombodet inn i saka gjennom eit brev til Ålesund kommune. Meir om det seinare.
Motsetnad?
Til nrk.no 29. mai kommenterer ombodet sjølv, Bjørn Erik Thon, brevet på denne måten: «Vi stussar veldig over framgangsmåten til Ålesund kommune. Dei seier dei arbeider med mangfald heile året, men vil ikkje at skulane skal feire pride. Det ligg ein motsetnad i dette, og det er trist at Ålesund har gått denne vegen.»
Ei rimeleg tolking av utsegna er at likestillings- og diskrimineringsombodet i eigen person her trekkjer i tvil at Ålesund kommune oppfyller krava i likestillings- og diskrimineringslova (heretter nemnt som lova). Det gjer han utan noko som helst dokumentasjon.
Det er mangfaldet til Pride og foreininga Fri det er snakk om.
Mangfald?
Det Thon må meina, er at Pride i hovudsak handlar om mangfald. Men slik er det jo ikkje. For det første er det mangfaldet til Pride og foreininga Fri det er snakk om. Den delen av mangfaldet som held fast på at det berre er to kjønn, og at det av biologiske grunnar er umogleg å skifta kjønn, vert rekna utanom.
For det andre er det mogleg å seia noko om kva Pride-rørsla er mest oppteken av. Våren 2018 kom den kristne tenkjetanken Claphaminstituttet i Sverige med ein analyse av innhaldet i programmet for Stockholm Pride 2017. Eg omtalte denne i eit debattinnlegg i Bergens Tidende 21. juni 2019. Søk på ord som «menneskeverd» og «menneskerettar» gav ingen eller svært få treff. Ordet «norm» fekk derimot 38 treff og «sex» heile 64.
Variasjon?
Det seier noko om kva Pride-rørsla er mest oppteken av når det kjem til stykket. Det opplevde inntrykket er at den delen av mangfaldet i samfunnet som til dømes – men ikkje utelukkande! – konservative kristne representerer, helst må kallast for hatytringar.
Variasjonen ein finn i eit Pride-tog, er innafor eit ganske smalt og seksualisert område.
Ordboka definerer mangfald som «ei stor mengd av noko» og «noko som er samansett av mange ulike delar; rik variasjon». Variasjonen ein finn i eit Pride-tog, er innafor eit ganske smalt og seksualisert område.
Pride- eller regnbogeflagget er då heller ikkje nøytralt. Det har ein så sentral person i LHBTI-rørsla som Gard Sandaker-Nielsen slått fast. Til Dagen 2. august 2017 uttalte han fylgjande: «Det er vanskelig, eller kanskje umulig, å komme utenom at regnbuen og -flagget i dag vil assosieres med homokamp og frigjøring.»
Krav
Det nemnde brevet, som nok er forfatta av seniorrådgjevar Warvin Rasheed Ringkjøb, er langt meir sakssvarande enn sjefen sjølv si utsegn. Her vert det vist til at lova «pålegger offentlig sektor å jobbe aktivt, systematisk og målrettet med å fremme likestilling og hindre diskriminering», blant annet på grunnlagene «seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk». Offentlege styresamakter skal gjennomføra ein situasjonsanalyse for å identifisera utfordringar som publikum kan møta når dei er i kontakt med kommunen.
Kommunalsjefen har ikkje sagt at skulane ikkje skal markera Pride i det heile, slik Thon påstår.
Ombudet ber om at kommunen «oversender informasjon om hvordan kommunen har jobbet med situasjonsanalysen for skolevesenet i Ålesund kommune». Kommunalsjef for oppvekst, Hildegunn Pedersen har sagt at «skolene jobber med mangfold og inkludering gjennom hele året, og man kan markere Pride på andre måter». Ho har altså ikkje sagt at skulane ikkje skal markera Pride i det heile, slik ombod Bjørn Erik Thon faktisk påstår.
Tiltak
I brevet viser ombodet til denne utsegna frå kommunalsjefen og ber i tillegg om «informasjon om hvilke tiltak som er satt inn for å motarbeide barrierene som kan hindre inkludering av LHBTI-personer i Ålesunds skolevesen». Ålesund har fått frist til 6. juni med å svara. Dette er same dato som kommunestyret skal handsama «flagg-nekten».
Spørsmålet mitt er kor mange andre kommunar som har fått slike krav retta til seg i desse dagar.
Krava til kommunen er heima i lova, så det er greit nok. Men eg er kritisk til at også brevet tek utgangspunkt i saka om ikkje å flagga på skulane. Spørsmålet mitt er kor mange andre kommunar som har fått slike krav retta til seg i desse dagar, særskilt kor mange av dei som ikkje har markert seg med noko som kan tolkast som anna enn ei ukritisk hylling av Pride.
Kan du tona flagg om det óg, Bjørn Erik Thon?
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!