SUNNMØRE: Biletet av Ålesund by er tatt frå Aksla i 2019. FOTO: Diego Delso, delso.photo, License CC-BY-SA/Wikimedia Commons

Pride-flagging i Ålesund til politisk handsaming

Formannskap og kommunestyre skal avgjera om det skal flaggast med regnboge-flagg ved skulane i Ålesund kommune.

Det fekk stor merksemd då kommunedirektøren i Ålesund kommune i midten av mai sende melding til alle skulane i kommunen om at det ikkje skal flaggast med Pride-flagg ved skulane i år. I meldinga sto det slik: «Skolene skal være for alle elever, og det blir arbeidet med inkludering og mangfold hver dag gjennom året. Kommunedirektøren har etter ønske fra flere, bestemt at det ikke flagges ved skolene i Ålesund under Pride i år. Det vil flagges på rådhuset og i sentrum. Ordfører er orientert om avgjørelsen.»

Diskusjon

I diskusjonen som fylgte, kom det innspel frå Høgre, Ålesundlista og Arbeiderpartiet om politisk behandling av spørsmålet. Saka kjem no på bordet til politikarane. Formannskapet handsamar saka 4. juni og innstiller til kommunestyret, som tek endeleg avgjerd 6. juni.

I sakspapira til formannskapet skriv kommunedirektør Jon Steven Hasseldal at det er ordføraren som har bestemt at saka skal «løftast til politisk behandling». Vidare står det: «Ordførar har også bedt kommunedirektøren om at det blir utarbeida eit flaggreglement for kommunen, og kommunestyrevedtaket 6. juni vil gjelde fram til ein får vedtatt eit eige flaggreglement.»

Ordføraren, Håkon Lykkebø Strand (Frp), har sagt til Sunnmørsposten at han er einig i vurderinga til kommunedirektøren om ikkje å flagga på skulane.

Støttar Pride

I saka til formannskapet peikar kommunedirektøren på at bakgrunnen for den administrative avgjerda er at kommunen har mangla felles retningsliner for flagging, og at det var eit ønske om ei felles avgjerd for skulane.

«Ålesund kommune støttar markeringa av Pride, og kommunen skal som planlagt flagge ved Joachim H. Rønnebergs plass, Kiperviktorget og Hellebroa», understrekar kommunedirektøren.

Kan bli opp til kvar einskild skule

Saka blir lagt fram med alternative forslag til vedtak. Anten kan politikarane vedta at skulane ikkje skal flagga, eller at det er opp til den einskilde skulen å avgjera.

Sak om eit flaggreglement vil kome til hausten.

Krev forklaring

29. mai skreiv nrk.no at likestillings- og diskrimineringsombodet har sendt brev til Ålesund kommune med krav om kommunen forklarar korleis dei arbeider for likestilling. Dette kjem sambåndet.no tilbake til.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.