VANN FRAM: Kunnskapsdepartementet har gjort om på vedtak frå Utdanningsdirektoratet. FOTO: SAMBÅNDET ARKIV

Framnes fekk medhald i klagesak

Framnes kristne vidaregåande skule får utbetalt tilskotet for juni som Utdanningsdirektoratet meinte måtte haldast tilbake.

Publisert torsdag 26. november 2026 kl. 13.37. Oppdatert kl. 14.14.

Det opplyser rektor Harald Voster ved den delvis ImF-eigde skulen til sambåndet.no. Det er Kunnskapsdepartementet (KD) som har avgjort saka etter klage frå Framnes kristne vidaregåande skule.

Konsekvensar

– Det verkar som om departementet har utøvd eit grundig skjønn og vurdert konsekvenser. Å halde tilbake tilskotet kunne hatt innverknad på drift og tilbod til elevane, utdjupar Voster.

Framnes fekk over 40 millionar i statstilskot i fjor. Det er klart at tilskotet for juni som Udir ikkje ville betala ut, handlar om eit millionbeløp.

Sambåndet skreiv om saka i nyhetsbrev nr. 12/26, som vart sendt ut til abonnentar 14. oktober.

Formalitet

Med verknad frå 4. mai i år og etter to årsmøte i foreininga Framnes kristne vidaregåande skule (KVGS), vart skuledrifta overført frå rettssubjektet foreininga Framnes KVGS til nyoppretta Framnes KVGS AS, altså eit anna rettssubjekt.

Sidan skulen ikkje hadde søkt Udir om godkjenning av endringa frå foreining til AS, før dei overførte drifta, ville Udir ikkje betala ut statstilskotet for juni.

Mangla godkjenning

Framnes kristne vidaregåande skule klaga saka inn for Kunnskapsdepartementet, og har altså no fått medhald.

– Det var ein prosedyrefeil. Me prøvde ikkje å lura nokon, understrekar rektor Harald Voster.

Utdanningsdirektoratet meinte at det i perioden mellom sletting av det gamle rettssubjektet og godkjenning av det nye ikkje førelåg ein gyldig godkjenning etter privatskolelova, og avslo derfor utbetaling av statstilskot for juni månad.

Uendra drift

Skulen klaga saka til Kunnskapsdepartementet som tilkjennegir at dei er samde i deler av Udir si vurdering, men legg avgjerande vekt på at skoledrifta var uendra gjennom heile perioden, med same elevar, tilsette, eigarar og leiing, og at både det gamle og det nye rettssubjektet var godkjende.

Departementet konkluderer med at skulen, både reelt og rettsleg, må reknast som godkjend også i juni 2026, og at statstilskotet derfor skal utbetalast.

Særlege omstende

Departementet understrekar samtidig at skulen handla kritikkverdig ved ikkje å vente på godkjenninga før omorganiseringa vart gjennomført, og presiserer at avgjerda byggjer på dei heilt særlege omstenda i denne saka.

Avgjerda skal ikkje reknast som ein generell presedens for framtidige saker.

0 svar

Legg igjen et svar

Vil du delta i diskusjonen?
Bidra gjerne!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.