Innlegg

MAT: Dagferske brød deles ut til byens slitne gatevandrere. – De ville blitt kastet om ikke vi hadde fått dem, sier bestyrer Stian Ludvigsen ved Evangeliesenterets Kontaktsenter i Oslo. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Julefesten som varer heile året

«Jesus» lyser det med gullskrift på veggen på Oslos mest besøkte senter for rusmisbrukarar. Her blir det delt ut tonn etter tonn med gratis mat til folk som har lite å rutta med.

Sjølv om dette er eit rus- og fattigdomstiltak som treffer, var arbeidet på Evangeliesenterets kontaktsenter i Osterhaus’ gate trua i haust. I budsjettinnstillinga si hadde Oslo kommunes velferdsetat stroke løyvinga til arbeidet.

Desto større var gleda då eit politisk fleirtal seint på hausten likevel sikra støtta for 2020 og dermed framleis drift. Med 1,1 millionar i tilskot – som er lommerusk i det enorme Oslo-budsjettet – er arbeidet no sikra for heile neste år.

Julefest

Kontaktsenteret er eit fast lyspunkt året igjennom for 600-800 menneske. Her blir det delt ut tonnevis av mat kvar veke. Men det kjem eit ekstra høgdepunkt rett før jul. Førre veke fekk 400 av dei som har rusen som slavedriver, ein skikkeleg julefest. Onsdag kom elevar frå kokkelinja på Evangeliesenteret på Østerbo ved Halden for å brasa på kjøkkenet i Oslo. Dei er tidlegare rusmisbrukarar som no tar ei utdanning. Dei lagar og serverer førsteklasses julemat. Her blir det servert ribbe med tilbehøyr, riskrem til dessert og kransekake og konfekt.

Maten blir inntatt til levande musikk, framført av folk frå Østerbo. Nokon av dei fortel om eit liv i rus som dei no har lagt bak seg – med Jesu hjelp.

Det heile blir toppa med juleevangeliet mot slutten av siste bordsetning, i år lest opp av Lise Karlsen. Ho var med å grunnlegga Evangeliesenteret saman med mannen Ludvig.

Til slutt, på veg ut døra, får alle med seg ei innpakka julegåve.

Storfamilie

FULLT HUS: Det er lite plass, men masse hjerterom når julefesten dras i gang i Osterhaus’ gate 1. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Det er mange som vil inn i denne varmestova nå på den mørkaste tida på vinteren. Det er plass til 200 menneske når kvar kvadratmeter blir godt utnytta. Ved enden av eit langbord treffer vi para Roy (59) og Kristin (49) og Reidun (41) og John (55). Dei har vore her mange gonger og set stor pris på tiltaket.

– Dette er eit veldig bra tilbod. Eg er her elles i året òg, men samhaldet og det sosiale er veldig fint no som det er jul, seier Reidun.

Ho blir betre kjent med mange og føler at det er ein slags storfamilie som møtest til julemiddag her.

– Utan Evangeliesenteret hadde mange vorte sitjande åleine. Det betyr mykje å komma hit på julemiddag, seier Roy.     

Julesmak

Det er hyggeleg med ekstra merksemd rundt jul, men heilårsdrifta er viktigare. Den sørger Evangeliesenteret for ved å dela ut overskotsmat dei får frå Matsentralen, frå ulike matprodusentar og frå eit nettverk av lokale butikkar. Senteret er den største distributøren i landet og fordeler i 2019 oppimot 400 tonn mat på eit år. Det er ny rekord.

Det gir eit snitt på meir enn eitt tonn kvar dag, eller 2-3 tonn kvar av dei tre vekedagane dei har ope. Då byr dei på varmmat og ein pust i bakken for slitne kroppar samt ein bærepose med matvarer. 400-500 av brukarane er rusavhengige. Med heimlause og tilreisande utlendingar er talet 600-800.

 – Vi er landets mest besøkte lågterskeltilbod for rusmisbrukarar, og det er fleire og fleire som bruker oss, seier styrer Stian Ludvigsen.

Saman med kona Hanne har han ansvaret for alt som skjer på senteret. Dei har 60 frivillige som hjelper til. Løyvinga frå kommunen gjer dette mogleg og set julesmak på alt kontaktsenteret gjer heilt fram til neste jul.

– Mange er opptatt av å hjelpa til jul, men det er viktig å hjelpa elles òg. Vi prøver å halda eit høgt nivå gjennom heile året, seier Ludvigsen.

Dagen før julefesten finn vi han flygande lågt gjennom lokalet medan han fyller posar med mat og deler ut til folk som står i kø for å få. Dette er aktiv innsats mot matsvinn.

– Dette er mat som elles hadde vorte kasta, så dette gir jo ein miljøgevinst. Men det flottaste er at så mange svoltne menneske får mat, seier han til Kristelig Pressekontor.

Mat og miljø

Cristiano Aubert er dagleg leiar for Matsentralen i Oslo. Han seier kontaktsenteret er deira klart største «kunde». Omkring 120 større og mindre aktørar deler ut mat til trengande i Oslo og omegn. Kontaktsenteret distribuerer 23 prosent av alt Matsentralen får inn. Dei er viktige òg for Matsentralen.

– Evangeliesenteret gjer ein veldig god innsats for menneske, mat og miljø, seier Aubert.

– Det er viktig ikkje berre å få inn mat, men at nokon òg har stabil utdeling, seier Stian Ludvigsen som mot slutten av året vil ha fått nær 290 tonn varer frå Matsentralen.

 Sjølv om alle varene er gratis, kostar det å driva verksemda. 

– Vi må ha det dei kallar «ein ubroten kjølelinje». Vi måtte kjøpa ein kjølebil og ha eit kjølelager her på senteret, og alt dette kostar pengar, forklarer han.

INVITERER: Stian Ludvigsen var selv rusmisbruker for mange år siden, og han treffer hvert år noen på julefesten som ønsker å vinke farvel til rusen. Han hjelper dem over på et av Evangeliesenterets behandlingstilbud. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Vil bli rusfrie

Stian Ludvigsen har eitt stort juleønske kvart år: At han skal få sjå igjen alle som var på festen året før. Det får han sjeldan oppfylt. Ein fast festpost er eitt minutts stille for dei som er gått bort etter overdosar, sjukdom eller ulykker.

På den andre sida er det alltid nokon som vinkar farvel til rusen ved akkurat dette høvet. Fleire gjer det på julefesten enn elles i året.

– Det aller viktigaste vi gjer på festen, er å fortelja at det finst ein veg ut av ruskjøret. Viss nokon vil ut av det, kan vi hjelpa dei. Og det er mange som vel det akkurat på denne dagen, fortel Ludvigsen.

Han har sjølv gått same veg og veit det ikkje nyttar å dytta nokon til å ta steget.  

– Men vi fortel alle at døra hos oss står open, ikkje berre døra til mat kvar veke og til julefest, men døra inn til eit nytt liv. Vi pusher ingen, for det hjelper ikkje at eg vil viss dei ikkje vil sjølv. Men vi står her med opne armar, seier han. KPK

ImF-Ung med julegave til Evangeliesenteret

ImF-Ung ønsker å støtte andres barne- og ungdomsarbeid. I år er det Evangeliesenteret som får 30 000 kroner i julegave.

Det er andre år på rad ImF-Ung deler ut en julegave til andres barne- og ungdomsarbeid. Julegaven for 2015 gikk til Stiftelsen «Hjelp til Russland». I år går julegaven på 30 000 kroner til Stiftelsen Evangeliesenteret.

− Jeg vil si tusen takk! Vi er veldig takknemlige for gaven, sier informasjonsleder Bjørn Gjellum i Evangeliesenteret til Sambåndet.

Betyr mye
− Det er veldig flott at ImF-Ung velger å gi en gave til Evangeliesenteret. De unge viser interesse for arbeid blant rusmisbrukere ved å gi denne gaven.

− Ja, de hadde ikke behøvd å gi noen julegave i det hele tatt?

− Det er fantastisk at de gjør det.

− Hvordan skal pengene brukes?

− Det kan jeg ikke si ennå, men de vil gå inn i et budsjett. Det er en gave som kommer godt med i arbeidet. Store deler av Evangeliesenterets økonomiske ressurser kommer av gaver. 30 000 kroner er mye penger. Det betyr veldig mye å få dem, sier Gjellum.

Vel fortjent
Det er styret for ImF-Ung som bestemmer hvem som skal få julegaven. Styrets begrunnelse for å gi årets julegave til Evangeliesenteret, er senterets arbeid for å hjelpe mennesker inkludert barn og unge som sliter med rus, og deres tydelige kristne profil.

− Det er veldig fortjent. De driver et viktig arbeid med mennesker, også barn og unge, som sliter med rus. Evangeliesenteret passer godt inn i det som vi ønsker å støtte, sier daglig leder Kenneth Foss i ImF-Ung.