Sambåndet

Fredag 25. mai 2018
RSS
EVANGELISERER TIL JØDER: Forfatter, misjonær og messiansk jøde, Avi Snyder, utfordrer myter blant kristne om at en ikke trenger å evangelisere for jøder. Nå oversettes boken hans til norsk av Lunde forlag og Den Norske Israelsmisjon. FOTO: DNI

Utfordrar mytar om misjon for jødar

– Det viktigaste av alt er at jødane får læra Jesus å kjenna, seier generalsekretær i Den Norske Israelsmisjon, Rolf Gunnar Heitmann.

Av Ingunn Marie Ruud, KPK. Publisert 5. mars 2018.

OGSÅ I NORGE: Generalsekretær i Den Norske Israelsmisjon, Rolf Gunnar Heitmann, forteller at han også kommer over holdninger mot misjon overfor jøder i Norge. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Den messianske jøden Avi Snyder tek med utgangspunkt i Bibelen eit oppgjer med haldningar om at kristne ikkje skal evangelisera til jødar. Oppgjeret kjem i boka «Jews Don’t Need Jesus… and Other Misconceptions» («Jødar treng ikkje Jesus – og andre mistydingar»).

– Desse haldningane finst òg blant enkelte norske kristne, seier generalsekretær i Den Norske Israelsmisjon, Rolf Gunnar Heitmann.

Snyders bok, som ut frå eit kristent perspektiv tek opp ulike innvendingar mot misjon overfor jødar, vert no omsett til norsk gjennom eit samarbeid mellom Lunde forlag og Den Norske Israelsmisjon.

– Det er mange kristne som seier at vi ikkje skal driva misjon overfor jødar, og det finst ulike grunngjevingar for det. Snyder tek fram døme som han sjølv har møtt som misjonær og leiar for Jews for Jesus i Europa, fortel Heitmann.

Bibelsk perspektiv

Snyder sin innfallsvinkel er, ifølgje Heitmann, at alle typar argument mot misjon må tilbakevisast ut frå eit bibelsk og nytestamentleg perspektiv.

– Viss Jesus ikkje er jødane sine Messias, kan han heller ikkje vera verda sin frelser, difor er det viktig at òg jødane får vita kven Jesus er, seier Heitmann.

Han fortel at Snyder i boka si prøver å argumentera mot alle dei som er skeptiske og avvisande til misjon eller vil nedprioritera det.

– Vi tenkjer dette er ei bok som vi gjerne vil lansera i Noreg, sjølv om ikkje alle argumenta er like framståande her. Det er eit sterkt engasjement for Israel i mange kristne samanhengar, men ikkje eit like sterkt engasjement for å dela Jesus med det jødiske folk, seier Heitmann.

Han trur boka vil engasjera folk i deira tilhøve til det jødiske folk og hjelpa til å forstå Det nye testamentet òg frå eit jødisk perspektiv.

Vert med på NLM si generalforsamling

Den norske omsetjinga skal etter planen vera ferdig til sommaren då Avi Snyder vitjar Noreg og Israelsmisjonens sommarstemne.

– Vi veit ikkje enno kva den norske tittelen på boka vil verta, seier Heitmann.

Boka vil blant anna òg vera tilgjengeleg på generalforsamlinga til Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM).

Det har vore diskusjonar i NLM i det siste andsynes tilhøvet organisasjonen har til Israel. Ei gruppe ønskte at Israel sitt flagg skulle heisast på generalforsamlinga. Dette vart avvist av leiinga.

– Diskusjonen i Misjonssambandet føyer seg inn i desse problemstillingane. Eg har vore i møte med dei og kjem til å ha eit seminar der om desse spørsmåla. Avi Snyder vil òg verta med på generalforsamlinga ein dag, seier Heitmann.

Israelsmisjonen kjem òg til å laga ein studieplan og nokre filmklipp som kan brukast saman med boka.

Omstridt

Historia den europeiske kyrkja med handsaming av jødar, særleg under 2. verdskrig, vert ofte brukt som argument for å ikkje evangelisera for jødar, fortel Heitmann.

– Dette har eg òg høyrt i norsk samanheng, at særleg etter Holocaust er det viktigaste for oss å visa kristen kjærleik og støtte jødane, ikkje å forkynna evangeliet og splitta dei i religionen og trua deira, seier generalsekretæren.

Sjølv meiner han at den kristne trua i utgangspunktet er jødisk, og at ein Jesus-truande jøde er like mykje jødisk som ein i rabbinsk tradisjon. Dette er ikkje ei vanleg haldning blant rabbinske jødar.

– Frå rabbinsk side vert sagt det at «misjon er holocaust med andre middel og er å øydeleggja oss som folk», men Avi Snyder er sjølv jøde, og han følar seg ikkje øydelagt. Tvert imot har han gjenoppdaga ein jødisk identitet i trua på Jesus, seier Rolf Gunnar Heitmann. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Til høsten blir det ledige plasser i Betania Studentfellesskap. Husfar Torgeir Skrunes vil helst ha inn jenter.

‒ Vi har beholdt godkjenningen av 120 studentplasser, sier en lettet og fornøyd rektor Gunnar Ferstad ved Bildøy Bibelskole.

Plussreiser opplever størst vekst i turer til Israel/USA, og flere av de nye kundene kommer fra andre kirkesamfunn enn lutherske.

Er det at man bare ønsker å være morsom, en legitim grunn for en publikasjon til å bruke et navn som ligner en annens merkevare?

Forholdet til jøden Jesus sto sentralt da Israels første 70 år som gjenopprettet stat ble markert på Jæren i går kveld.

Copyright © Sambåndet 2018