Sambåndet

Tirsdag 17. september 2019
RSS
TRU PÅ RADIO: Anne Birgitte Lillebø Bøe har trua på at kristen radio kan treffa menneske som ikkje kjenner Jesus frå før. Nyleg tok ho over som dagleg leiar og ansvarlig redaktør i pTro. FOTO: pTro

Ny leiar i pTro radio

Anne Birgitte Lillebø Bøe (46) tok 1. mars over som dagleg leiar og ansvarleg redaktør i den kristne lokalradioen pTro i Hordaland, Rogaland og Agder.

Av Kristelig Pressekontor . Publisert 12. mars 2019.

Anne Birgitte Lillebø Bøe har jobba som journalist i ptro, tidlegare Radio Sørvest, i underkant av eitt år. No tek ho over som dagleg leiar for ein kristen radiokanal som etter fusjon med fleire systerradioar dekker Hordaland, Rogaland og Agder, under namnet pTro, melder kanalen i ei pressemelding.

Det var styret i pTro som utfordra Anne Birgitte til å søkja leiarstillinga då det vart klårt at tidlegare dagleg leiar Ivar Eiken skulle gå over i ein forkynnarstilling i eigarorganisasjonen til pTro, Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM).

– Eg vart litt sjokkert då eg fekk spørsmålet. Det var ein prosess i tanke- og bønneliv, fortel Lillebø Bøe i pressemeldinga.

Gjennom bibelvers ho fekk, andakter ho høyrde og mykje heiing frå sidelinja gjennom folk ho nemnde det for, fann ho likevel roa og trua til å seia ja.

– No kan eg nesten våga å tenkja at det var Guds plan, seier ho.

Ivrar for radiomisjon

Gjennom ei samanslåing av Radio Gnisten i Bergen, Radio Sørvest i Stavanger og Gimlekollen Radio i Kristiansand vart pTro oppretta i fjor. Med åtte tilsette og over 14 000 vekentlege lyttarar er pTro ein relativt sett stor radio i kristen samanheng. Hovudvekta er på intervju, forkynning og variert, kristen musikk.

– Eg ivrar for radiomisjon og synest dette er veldig meiningsfylt og gjevande å vera med på. Som leiar trur eg at eg har evne til å inspirera og engasjera. Og så får eg læra mykje etter kvart. Eg har gode medarbeidarar å spørja, seier den nye radioleiaren.

Bratt læringskurve

For Lillebø Bøe, som kjem frå læraryrket, har læringskurva vore bratt.

– Akkurat det med å formidla har eg drive med før, så snakking på lufta var greitt. Men det tekniske har teke lite tid. I starten følte eg at eg måtte byrja læringsprosessen på nytt etter kvar helg. Men det har kome seg!

Som nybegynnar i faget oppdaga ho òg at radio kan ta tid.

– Eg var forundra over kor lang tid det tek å redigera eit innslag. Eg trur ikkje folk anar kor mykje arbeid som ligg bak eit intervju!

Tilbakemeldingar Lillebø Bøe har fått, viser at menneske som av ulike grunner ikkje ynskjer å gå på bedehuset eller i forsamling, likevel gjerne lyttar til kristen radio. Ho trur òg at radio kan treffa menneske som ikkje kjenner trua frå før.

– pTro er òg for dei som ikkje kjenner Jesus, men som kanskje lyttar i bilen, til dømes. Eg vert heilt rørt berre av å tenkja på det medan eg står i studio. Det er ei utfordring for oss. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

KOMMENTAR Vil den nye oversettelsen av Bibelen til nordsamisk skape like mye diskusjon blant brukerne som 1978-oversettelsen til norsk gjorde? Det finnes i alle fall paralleller.

En fellesgudstjeneste på Saron markerte etableringen av Blå Kors Bryne.

John Morten Espevik og Linda Rusken Santistevan skal bruke Lederkonferansen for å jobbe med menighetsutvikling.

Professor Knut Alfsvåg mener flere av hans kvinnelige teologistudenter er blant de beste han har hatt. Han lytter gjerne til deres innspill – men er imot at de skal bli prester.

Den noverande assisterande generalsekretæren tar over etter Rolf Gunnar Heitmann som generalsekretær frå 2020.

Copyright © Sambåndet 2019