DÅP: "Det minste ein burde seia, var at udøypte medlemer ikke kan ha leiaroppgåver i forsamlinga", skriv NLA-professor Egil Morland. ILLUSTRASJONSFOTO: UNSPLASH.COM

Tru og dåp høyrer saman

ImF/NLM fortener ros for sitt utkast – no vedteke – til normallover for felles lokale forsamlingar for dei to. Så ulik som organisasjonstenking og -struktur er hos desse, er det godt gjort, skriv professor ved NLA Høgskolen, Egil Morland.

Det er mogleg at framlegg om samanslåing av desse organisasjonane, som kjem med ujamne mellomrom, aldri vil bli vedteke etter «læresamtalar» på topp-planet. Men det kan koma til å skje på grunn av praktiske røynsler på grunnplanet.

Eit par punkt i normallovene fortener ein kommentar. Eg ser eg ikkje bort i frå at det som eg kan stilla meg kritisk til, fordi det gjev signal eg ikkje likar, i realiteten – det vil seia: i høve til ein allereie etablert praksis lokalt – representerer ei markering i skjerpande retning.

Nokre veker før jul i 2018 skreiv eg ein artikkel i Dagen, der eg bar fram ein fundamental kritikk mot framlegget om ny kyrkjeordning for Den norske kyrkja (DNK) som Kyrkjemøtet skal vedta til våren. Eg karakteriserte framlegget som ei lite god blanding av kyrkjepolitikk og dogmatikk, og eg kritiserte særleg at bruken av dåpen som einaste medlemskriterium talar i mot vår lutherske lære. I den vesle katekisma har Luther på meisterleg vis og med enkle døme halde saman dåpens tre element: vatnet, ordet og trua.

Etter meir enn 20 år som leiar for eit bedehus har eg røynsle med kor svakt dåpen står i forkynninga her vest

Så skulle vi kanskje tru at alt er vel når normallovene for ImF/NLM-forsamlingar seier at medlemskap kan teiknast av personar som vedkjenner «seg til den kristne tro og er døpt»? Vel. Uroa mi over denne formuleringa vert større når eg les rettleiinga (sjå den første lenka, red.anm.). Det gjeld to ting: Oppmodinga til å møta menneske «med raushet for eksempel i forhold til det som har med dåp å gjøre», verkar tilsynelatande som god sjelesorg. Men i denne konteksten inviterer dette misbrukte ordet («raushet», red.anm.) til å bryta opp det sambandet som eg viste til i den aktuelle artikkelen om DNK – og endar i motsett grøft. Opplysninga om at eit ikkje-døypt medlem kan oppleva «begrensninger knyttet til … lederoppgaver», vert då ikkje godt nok. Det minste ein burde seia, var at udøypte medlemer ikkje kan ha leiaroppgåver i forsamlinga. Punktum. Etter meir enn 20 år som leiar for eit bedehus har eg røynsle med kor svakt dåpen står i forkynninga her vest.

Les òg: Ny lov gir svar til fellesforsamlingar.

Det er det eine.

Det andre er at paragrafen synest å vise «den kristne tro» til ei subjektiv – og dermed mest viktige? – side av kristenlivet, medan dåpshandlinga blir verande på den objektive, distanserte, sida. I luthersk teologi høyrer dei saman! Det er ikkje mi (private eller personlege) tru og vitnemål som frelser, men «trua som lit på dette ordet» (mi utheving.), altså Guds lovnadsord om dåpen, som gjer dåpen til noko som gagnar oss.

Lat meg leggja til: Eg kjenner ikkje til noka framstilling som betre enn Luthers forklaring til dåpen knyter kristenlivet til starten på det same livet, anten det skjedde i dåpen eller ved ei særleg omvending, nemleg ved orda om den daglege omvendinga.

Så ei anna sak:

Det er interessant at organisasjonane ikkje har heilt samanfallande syn på etablering av eldsteråd. Mi frimodige ytring om dette er som følgjer: Eg ser det som eit godt prinsipp at lover og reglar ikkje spring føre organisasjonstenkinga. Det skjer kanskje fordi det gir ei kjensle av å vera «på ballen», altså å vera det som vi kallar «proaktiv». Mitt råd ville vera ikkje å etablera eldsteråd før ein visste kvifor. Når dette rådet ikkje er overordna styret (det er eg samd i), så spør eg: Er det berre for å markera (restane av) eit tenestedelingsprinsipp ein vil ha det? Då kan det vera lurt å venta litt.

Mitt råd ville vera ikkje å etablera eldsteråd før ein visste kvifor

Det er – for meg – ganske opplagt at desse lovene har ein førebels karakter. Lovene talar konsekvent om «forsamlingen», ikkje om «menigheten», og om møte, ikkje «gudsteneste». Men den medfølgande rettleiinga registrerer den mangfaldige språkbruken som har utvikla seg når det gjeld leiarskapen, som «vil se ulikt ut frå sted til sted». Det kling framandt i dei fleste indremisjonsøyre å seia «pastor», like så at ein i nynorskland seier «menigheten». Alt dette er på full fart inn i språkbruken. Kanskje det korrekte uttrykket «kyrkjelyden» vert for skummelt å ta i munnen? For då er liksom eit avgjerande steg, som ein enno ikkje er klar for, teke?

Men det er det ordet vi lyt nærma oss. Når forsamlingane heilt ut avløyser kyrkja si gamle rolle i dei fleste menneske – også kristne menneske! – sitt liv, og paraplyen (organisasjonane) vert kyrkje, då vert testen om dette nye har ein ekklesiologi (= lære om kyrkja) som er sterk nok til å halda vegger og tak oppe.

Den diskusjonen må også koma!

Egil Morland er professor, dr. philos ved NLA Høgskolen (fagfelt prekenlære og kirkerett)

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.