Arbeider for fleire gjevarar

Manglande kunnskap om ImF er ein viktig årsak til svikt i gåveinntektene, konkluderer internt gåveutval.

Gåveinntekter er ei av dei viktigaste inntektskjeldene til Indremisjonsforbundet. Dei siste åra har desse vorte mindre og Forbundsstyret sette i januar ned ein utval for å arbeide med desse spørsmåla. No er rapporten levert, og ein av konklusjonane er at manglande kunnskap om ImF er ein viktig årsak til inntektssvikt.

Låg kunnskap.
– Generelt er det liten kunnskap ute blant folk om kva ImF er og kva som er organisasjonen sin funksjon. Også mellom misjonsfolket er det mange som har vanskar med å forstå forskjellen mellom kretsane si rolle og ImF si rolle, skriv utvalet i sin rapport.

Dei vedgår at organisasjonen har ei stor utfordring på dette punktet.

– Det er ei pedagogisk utfordring å få forklart heile ImF-strukturen sin flate organisasjonsmodell. Sjølve kjernen i denne modellen er at foreiningar og kretsar kom først og at ImF vart stifta «for å vera til hjelp og støtte for kretsar, forsamlingar og lokalforeningar»

Utvalet sine erfaringar fell dermed godt saman med bedehus-undersøkinga Motstrømsfolket som vart gjennomført i fjor vinter. Der viste også tala at kjennskapen til ImF var svært låg.

Nettverk.
Utvalet peikar på ordet nettverksbygging som ein mogleg veg å gå for å endre på dette.

– Dette er eit godt dekkande uttrykk for heile ImF-familien sin funksjon. Eit nettverk er samansett av trådar som kvar for seg er svake, men saman vert desse trådane både sterke og funksjonsdyktige til mange føremål, skriv dei.

– ImF har ei viktig rolle som koordinator i heile indremisjonsrørsla. Dersom dette sig inn i misjonsfolket sit medvit vil det også verta enklare å samla inn midlar, trur utvalet, som også oppmodar organisasjonen til større sjølvtillit på eigne vegne.

Langsiktig.
Når det gjeld det konkrete innsamlingsarbeidet er heilskapleg, langsiktig arbeid eitt av momenta som vert trekt fram.

– Tilfeldige og spenstige stunt kan vera interessante nok, men er ikkje det som skal til for å skaffa trygge, påreknelege og langsiktige inntekter.

Vidare har dei tru på det arbeidet som er gjort dei siste åra med Fast gjevarteneste. Dette gir to millionar kroner i inntekter kvart år, og tala er i vekst. Men også her er det stort potensiale som ikkje er utnytta i dag. Aktive FGS-team under stemner og ringearbeid til potensielle gjevarar, er to tiltak som vert trekt fram.

Dropp sommargåva.
Når det gjeld tradisjonelle gåveaksjonar, opnar utvalet for ei viss endring. Det vert diskutert om sommergåva, som i dag gjev minst inntekt, bør kuttast ut til fordel for større trykk på dei andre aksjonane. Den vil og kunne erstattast med ei større vektlegging av gåver på dei ulike sommararrangementa.

Det vert og peika på Sambåndet som ein aktuell giroberar framfor utsending av brev, samt at innsamlingane med fordel kan bli meir prosjektretta – med ein vid definisjon av prosjekt.

– Ein møteserie kan vera prosjekt og ein forkynnar kan vera prosjekt. Ein evangelisk aksjon kan vera prosjekt og målretta evangeliseringstiltak kan vera prosjekt, skriv dei. Også andre innsamlingsformer som SMS-gåver vert sett på med positivt blikk.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.