Blir ny sjef i Si-REISER

Aud Kindervåg Halsne (51) frå Skartveit i Finnøy kommune blir ny dagleg leiar i Si-REISER frå 1. februar neste år.

– Styret i Si-REISER er trygge på at vi har funne ei god løysing, seier styreleiar Rolf Kjøde.

Si-REISER er den største turoperatøren i kristen regi i Norge

Styreleiaren peikar på at Aud Kindervåg Halsne er godt kjent med Si-REISER etter ti år som reiseleiar, og ho har også vore med i arbeidet med turutvikling og programlegging. Styret meiner det er ein viktig føresetnad for å jobbe godt med den heilt avgjerande og store gruppa av reiseleiarar og turpredikantar.

– Ho brenn for den visjonen som selskapet har om å skape kristne feriereiser. Ho har klare og gode tankar om vidare utvikling av Si-REISER mot nye kundegrupper, samtidig som ho kjenner den eksisterande kundegruppa svært godt og vil arbeide hardt for at dei skal kjenne igjen selskapets profil og identifisere seg med det. Aud Kindervåg Halsne har kjennskap til ei god breidde i kristen-Norge og vil såleis ha godt grunnlag for å arbeide vidare med den stadig pågåande fornyinga av reiseleiarkorpset, seier Kjøde og held fram:

– Aud har særs gode leiareigenskapar med stor erfaring frå personalarbeid. Ho har hatt ulike leiarstillingar både i skole og barnehage og i kommuneadministrasjonen.

Av utdanning er Aud Kindervåg Halsne førskolelærar med fordjuping i administrasjon og leiing og vidareutdanning i spesialpedagogikk. Ho er gift med Johan Halsne, som er forkynnar i ImF.

Styreleiar Rolf Kjøde opplyser til sambåndet.no at Kurt Andre Henriksen, som har vore konstituert som dagleg leiar det siste året, går tilbake til den stillinga han hadde permisjon frå, som administrasjonsleiar i Si-REISER.

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.