Blir ny europaleiar

Generalsekretær i Laget, Tor Erling Fagermoen, blir frå hausten leiar for IFES Eupropa.

Tor Erling Fagermoen sluttar som generalsekretær i Laget (Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag) 1. august 2015, etter fire og eit halvt år i stillinga. Frå same dato vil han ta over som leiar for IFES Europa etter Martin Heizmann frå Tyskland.

IFES (International Fellowship of Evangelical Students) er den internasjonale Lagsrørsla, som Laget i Noreg i si tid var med å stifte. Arbeidet har ekspandert, og i dag er det nasjonale lagsrørsler i 150 land. 40 av dei er i Europa.

Fagermoen karakteriserer i ei pressemelding generalsekretærstillinga i Laget som «verdas beste jobb», og er glad for at han skal fortsetje å arbeide innan Lagsrørsla.

Han opplever at Gud har leia han inn i nye oppgåver, og trur Noreg har endå meir å bidra med innan europeisk lagsrørsle enn ein har gjort til no.

Landsstyreleiar i Laget, Jarle Skullerud, skulle gjerne sett at ein fekk behalde Fagermoen som generalsekretær endå lenger, men er samstundes glad for å kunne eksportere ein så god leiar til IFES Europa. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.