SKANSE: På klosteret Mar Matti i Nord-Irak heldt nokre biskopar stand medan IS-krigarane truga med ta klosteret i 2014. No utgjer klosteret livsteikn for kristne på Ninive-sletta. Foto: Pål Brenne/Stefanusalliansen

Veksande press mot truande

Kristendommen er den religionen som møter restriksjonar i flest land. Men «konkurransen» er hårfin.

«Kristendommen er den mest forfølgde religionen i verda», uttalte den tyske kanslaren Angela Merkel i november 2012. Det var eit vekkerop for mange at ho så tydeleg sette ord på forfølginga.

På eitt vis kan Merkel finna støtte hos det kjende forskingsinstituttet Pew Research Center som kvart år gjer opp status for omfanget av restriksjonar for tru – både restriksjonar som styresmakter og andre aktørar i samfunnet står bak. Kring 80 prosent av folket i verda lever i land der dei risikerer diskriminering eller forfølging for trua si.

Den siste samla Pew-rapporten har data frå 2016. Den viser at kristne møter restriksjonar i 144 land. Året før var talet 128 land. Men muslimar vert trakasserte og diskriminerte i nesten like mange land som kristne – 142, mot 125 året før.

Det finst svært mange urovekkjande trekk for kristne. For å ta nokre:

  • Kina strammar til religionspolitikken. Fleire kyrkjer er jamna med jorda. Jamvel den godkjende, registrerte Tre sjølv-kyrkja må mange stader riva ned krossar og erstatta krossteikna med kinesiske flagg. Ei rad uregistrerte kyrkjer er stengde, seinast den store Zion-kyrkja i hovudstaden Beijing. Ho er blitt tolerert i eit par tiår. Då kyrkja nekta å installera overvakingskamera som kunne avsløra kven som gjekk til gudsteneste, sette styresmaktene i september kroken på døra. Forbodet mot at barn og unge under 18 år går til kyrkje (og moskear) vert handheva mange stader.
  • I India som etter grunnlova er eit sekulært demokrati, har den religiøse nasjonalismen fått sterkt fotfeste. I 2014 kom eit hindu-nasjonalistisk parti til makta. Hindu-nasjonalismen seier – enkelt forklart – at for å vera ein god indar, må du vera hindu. Sju delstatar har kriminalisert det å skifta tru, frå hinduismen, vel å merka. Ekstremistar angrip i fleire delstatar både kristne og muslimar. Talet på slike valdsangrep mot kristne har vakse sterkt, og Den evangeliske alliansen i India kalla 2017 «eit traumatisk år» for kristne. Kristne leiarar seier at mangelen på fordømming av valden og mangelen på vern riv ned tiltrua til styresmaktene nasjonalt og i delstatane.
  • Kristne i Irak blei truga på livet og jaga på flukt av islamistiske IS-krigarar sommaren 2014. Og vi vart skaka opp då IS særleg i fjor flytta bombeangrepa til Egypt. I Egypt har det sterkt autoritære regimet, som sjølv er under IS-angrep, prøvd å verna kristne frå IS. I Egypt er kristne generelt sterkt diskriminert.
  • I Pakistan er kristne avgjort ein forfølgd minoritet. Jenter vert tvangskonverterte og tvangsgifta med muslimske menn. Mange kristne er offer for falske skuldingar om blasfemi mot profeten Muhammed. To kristne sit med dødsdommar. Den meste kjende av dei er Asia Bibi som har vore dødsdømt sidan 2010, og som vi akkurat i desse dagar håpar og ber om vert frikjent i Pakistans høgsterett etter rettsmøte 8. oktober. (Oppdatering: Asia Bibi vart frikjend 31. oktober, etter at denne artikkelen stod på trykk.)
  • I Nord-Korea blir kristne sette i fangeleirar, og mange er drepne. Dei vert sett på som ein trussel mot regimet.
  • I Iran lever muslimar som er blitt kristne – i ei raskt veksande undergrunnskyrkje – farleg. Dei lever i frykt for arrestasjon, dei mest aktive risikerer strenge fengselsstraffer, eller dei blir pressa ut av landet. I Midtausten er det gjerne familiar og nærmiljø som står konvertittar etter livet.

Eg vil åtvara mot «konkurransen» om å vera mest forfølgd

Vi kunne halde fram. Men eg vil åtvara mot «konkurransen» om å vera mest forfølgd. For det første er det ikkje enkelt å seia kven som faktisk er forfølgd. Det krev tett kunnskap. For det andre er somme av konfliktane svært samansette. For det tredje er det mange andre som lid.

  • Presset mot kyrkjene i Kina er det sterkaste sidan Kulturrevolusjonen. Men det rammar også tibetanske buddhistar. Det er forbode for barn og unge under 18 år ikkje berre å gå i kyrkjer, men i moskear også. Og i Xinjiang sit så mange som 1 million av dei muslimske uigurane i omskoleringsleiarar.
  • I India vert muslimar trakasserte og tidvis drepne fordi dei slaktar kyr – heilage dyr i India. I Myanmar der kristne minoritetar er utsette for tvang til å skifta tru, er dei muslimske rohingyaene i Rakhine-staten aller verst ute. I august i fjor sette hæren i gang med å fordriva dei og drap så mange at det er blitt kalla folkemord. Grunngjevinga er at dei ikkje vert rekna som statsborgarar – sjølv om dei har levd i Myanmar i generasjonar.
  • Dei som vart verst ramma av IS i Irak, var jesidiane – som vart forsøkt slakta ned.
  • I Europa rammar den tøffaste nasjonalistiske retorikken muslimske innvandrarar. «Muslimar var det mest vanlege målet for trakassering av nasjonalistiske politiske parti eller offentlege tenestemenn i 2016», skriv Pew.

Menneskeverdet er likeleg fordelt. Difor skal vi som kristne forsvara trusfridommen også for menneske som vi ikkje forsvarar trua til. Som kristne kan vi dessutan skaffa oss allierte på tvers av trusgrenser i kampen for fridom og mot forfølging. 

Sambåndet nr. 10/18 har forfølging av truande som tema. Om du ikke er abonnent, kan du kjøpa dette nummeret.

Stefanusalliansen er ein misjons- og menneskerettsorganisasjon med særleg vekt på trusfridom. Starta i 1967 som Misjon bak Jernteppet.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.