PÅSKE: Hardkokte egg har høyrt heime i feiringa av påske heilt sidan høgtida vart innstifta medan jødane var i fangenskap i Egypt. Foto: Wokandapix/Pixabay.

‘- Påska er kuppa og gjort til vinterferie 2

Skribent Bjørn Are Davidsen avviser det han meiner er svakt funderte påstandar om at påska er ei høgtid dei kristne stal frå heidningane og så gav eit kristent innhald.

– Den kristne påska har opphaveleg ikkje noko med heidenske skikkar å gjere, seier skribent og forfattar Bjørn Are Davidsen.

 Det same har han i fleire år hevda på bloggen sin dekodet.blogspot.com der han har omtalt svakt funderte misoppfatningar om kristne høgtider.

Folkelege førestillingar om jul og påske har ein ting til felles, skriv han: «… at man stadig finner på fortellinger om at ingen av høytidene handler om Jesus».

Langvarig tendens

– For meg er det ein tankevekkar at så mange ender med ei slik forteljing. Jul og påske er dei to store kristne høgtidene, medan det vert hevda at begge er feiringar kyrkja har teke over eller stole frå heidningane og gitt kristent innhald. Hjå folk flest er dette blitt ei forteljing om kyrkja sin maktmisbruk, seier Davidsen til Kristelig Pressekontor.

Han omtaler dette som ein langvarig tendens som han først møtte i studietida si i Trondheim tidleg på 1980-talet.

– Eg kunne mykje mindre om dette då, men ser at det er blitt eit slag sedvane at ein overdriv eller feiltolkar hedenske perspektiv.

Jødisk høgtid

I eit blogginnlegg beskriv han det han kaller eventyr i pressa og på ulike nettstader. Ein påstand i nyare tid er at sidan det engelske ordet for påske, Easter, og det tyske, Ostern, fonetisk liknar namnet på den babylonske fruktbarhetsgudinna Ishtar, så er påska opphaveleg heidensk. Dette stemmer ikkje.

– Slike påstandar er meir morosame enn meiningsfulle. Skal ein først sjå etter noko slikt, er den saksiske gudinna Eostre meir nærliggjande. I England kan dei ha oppkalt påska etter månaden då dei feira henne, seier Davidsen som er rådgjevar i tankesmia Skaperkraft.

For somme er vegen i alle høve kort til å meine at påska dermed er ein hedensk fest kyrkja har «kristna». Med det finn både grupper av kristne og andre – av heilt ulike årsaker – argument for å ta avstand frå den kristne påskefeiringa.

Davidsen meiner ingen slike slutningar står seg. Han avviser kategorisk at den kristne påskefeiringa har noka heidensk forhistorie. Tvert om har ho rota si i den jødiske påska. Vårt ord for påske kjem då også til oss via gresk frå det hebraiske pesach, som tyder å gå forbi, peiker han på i eit blogginnlegg frå 2017.

Ikkje berre er den kristne påskefeiringa utan heidensk tilknyting. Ho har sitt opphav i den viktigaste jødiske religiøse markeringa og er den eldste av dei kristne høgtidene.

Heller ikkje på det ytre planet meiner Davidsen det er mykje heidensk å finne i kirkens kyrkja si påskemarkering.

– Påskeegg og påskeharer er ikkje gamle heidenske tradisjonar, som nokre trur, men relativt moderne oppfinningar som fyrste gongen vert omtalt skriftleg seint på 1600-talet i det lutherske Tyskland, seier han.

Davidsen viser her til ein artikkel av Paul D. Race, på nettstaden Family Christmas Online. Der står det at den tyske eventyrsamlaren Jacob Grimm lyt få mykje av skulda for at ålmenta i dag årleg vert villeia når påska nærmar seg og våren stunder til. Grimm gjekk ifylgje Race ut ifrå, på eit særs magert kildegrunnlag, at den eggleggjande påskeharen var ein figur knytta til gudinna Eostre frå det førkristne Europa. Dette vert ikkje støtta av nokre forskarar.

Vårfestar

Davidsen synet til at ordet påske i dei fleste land viser til pesach, ikkje til det engelske Easter.

 – Dette er det rett og slett viktig å understreke. Vi har vårt ord for påske frå den jødiske feiringa, og Jesus vart avretta under den jødiske påska. Den kristne påska er dels ei forlenging av den jødiske samtidig med at den for kristne markerer eit brot med jødedomen. Men noka heidensk høgtid er påska ikkje, seier Davidsen.

 Noko av forvirringa har oppstått fordi folk rundt vårjamndøger alltid har halde festar, utan at kyrkja dermed har kuppa dei. Påske og vårfestar fall berre omtrent saman i tid.

– Stole frå kyrkja

MYTER: – Den kristne påska er blitt kuppa og gjort til ein vinterferie nummer to, meiner myteavslørar Bjørn Are Davidsen, her utanfor Langhus kyrkje i Follo. Foto: Liv-Marit Davidsen.

Ei slik mangelfull historieforståing bidreg etter hans meining til å forsterke fordommar, og mange får då eit meir negativt syn på kyrkja. Ho blir kun ei maktkyrkje som tek seg til rette og fortrengjer andre tradisjonar.

– Er ein fyrst oppteken av denne typen påskekrim, er det heller motsatt. Det er den kristne påska som er blitt kuppa og gjort til ein vinterferie nummer to, seier Davidsen.

Han meiner å sjå liknande prosessar i andre delar av historia. Einkvan får ein fiks idé som vert formidla som fakta, og så vert innhaldet endra i den religiøse fortellinga. Om ein trur dei kristne høgtidene er stolne, ynskjer ein så å gå attende til det opphavelege og «autentiske».

– Det ein ikkje ser, er at ein i staden etablerer nye tradisjonar, og det er legitimt. Men det som ikkje er legitimt, er å påstå at einkvan har stole noko når dei faktisk ikkje har gjort det.

– Kvifor oppstår slike myter om påska som noko heidensk? Er det berre slapp research?

– Eg trur ikkje mange av dei som spreier dette, eingong er inne på tanken om å gjere research. I skule og samfunn vert vi oppmoda til kritisk tenking. Likevel er det vanleg å tenkje at ein ikkje treng å undersøke påstandar, endå rett informasjon er lett å finne i vår tid.

– Kor vanskeleg er kampen mot slik mytespreiing?

– Kampen er tapt. Ein får ikkje noko gjennomslag for dette. Det er vanskeleg nok å kome til orde, og ein vert fort oppfatta som ein festbrems om ein hevder at mytene er myter. Då blir ein sett på som ein surpomp av dimensjonar. Likevel vil eg meine at når ein les feilaktige oppslag, må det vere lov å rekke opp hånda og seie ifrå, seier Davidsen.

Forfattaren meiner det er grunn til å peike på at mykje av grunnen til feiloppfatningane stammer frå antikatolsk propaganda frå protestantar. I 1853 utga skotten Alexander Hislop det Davidsen kaller ein konspirasjonsklassikar, The Two Babylons: Papal Worship Proved. Boka kom på nytt i 1971.

– Boka fekk stor innverknad, og for kristne kan dette vere interessant å vite om. Denne boka har sett mykje av tonen i diskusjonen mellom anna om påstanden om påsken sitt heidenske opphav og at det skal dreie seg om katolsk avgudsdyrking.

– Feiret oppstandelsen

Davidsen meiner kristne godt kan bli meir merksame på sin eigen rike tradisjon og feire påske minst like frimodig som jul.

– Om ikkje kristne feirer ei kristen påske, blir det litt rart, sidan dette var den fyrste og viktigaste kristne høgtida. Den fyrste kristne kyrkja feira ikkje at Jesus vart fødd, men oppstoda hans, poengterer han. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.