NYBYGG: Det blir likevel rimelegare å byggje delvis nytt på Raknestunet. Slik vil den nye norddelen sjå ut. ILLUSTRASJON: Arkoconsult AS

Delvis nybygg likevel på Raknestunet

Konkrete anbod viser at det likevel blir rimelegare å rive delar av Raknestunet og byggje nytt.

Nordhordland Indremisjons leirstad Raknestunet skal rehabiliterast. Då sambåndet.no skreiv om saka i januar i år, var det klårt at det ikkje var økonomisk grunnlag for nybygg, og at fjorårets årsmøte hadde vedteke at det i staden skulle rehabiliterast.

I Venehelsing nr. 2 – 2021 i april står det at delar av Raknestunet skal rivast og erstattast, medan resten skal pussast opp. Internatdelen, peisestue og resepsjonsområde vil bli ståande, og delar av dette bygget vil få ein grundig rehabilitering, medan delen av huset som omfattar møtesal, matsal og kjøken, skal totalfornyast.

Jogeir Romarheim, leiar i prosjektgruppa som arbeider med saka, seier til Venehelsing: «Då vi fekk inn tilboda med ulike alternativ, viste det seg at det ville verta billigare å totalfornya den nordre delen samanlikna med å rehabilitera.»

Tilbod
Kva er det som har skjedd sidan januar som gjer at det no er billigare å rive delar av bygget og byggje nytt?
– I januar tok vi utgangspunkt i kalkylar. Då hadde vi berre kalkylar og ikkje noko tilbod. Vi forventar avstand mellom kalkylar og faktisk tilbod. Etter det har vi hatt prosjektet ute på anbod og fått tilbod frå ulike selskap. Då viser det seg at å rive ned norddelen av bygget og byggje nytt, er blitt rimelegare, forklarar kretsleiar Ole-Jørgen Storsæter til samåndet.no.

– Vi gjekk inn i anbodsprosessen med to ulike alternativ på det vi kallar norddelen, som inneheld kjøkken, matsal og møtesal. Utifrå kalkylane vi hadde, var det ganske små forskjellar i pris på dei to alternativa, og difor ville vi vente med den avgjerda til vi hadde meir sikre prisar på bordet. Når no prisane kjem att, er det framleis jamt, men nybygg kjem ut hakket betre enn rehabiliteringsløysinga.

Kva er det som konkret er blitt rimelegare?

– Det er jo ikkje blitt rimelegare, det er berre at kalkylane viste seg å vere litt for låge. Det er jo også mange andre argument som tilseier at det er fordelaktig å velgje nybygg framfor rehabilitering.

 Detaljnivå
– No er vi i full gang med å gjennomgå detaljane i anboda og gjere eventuelle justeringar og finjusteringar for å effektivisere prosjektet så mykje som vi kan. Det er sluttsummen som tel, og då gjeld det å få utnytta dei pengane me har til rådigheit på den best moglege måten. Vi vil ta endeleg avgjerd ut ifrå kva slags tilbod vi får og har råd til.

Planen er at arbeidet skal starte i august, og at det skal være ferdig sommaren 2022.

Kva tenkjer du om at det no blir delvis nybygg?

– Eg er berre glad for at prosjektet ruller og for at vi har dyktige folk som jobbar med det, seier Ole-Jørgen Storsæter.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.