SLUTTAR: Ole Andreas Wastvedt har vore kretsleiar i ImF Midthordland sidan 2018. FOTO: SAMBÅNDET ARKIV

ImF Midthordland jaktar ny kretsleiar

Til nyttår sluttar Ole Andreas Wastvedt som kretsleiar i ImF Midthordland.

Årsmøtepapira til ImF Midthordland vart publisert på nettsida til kretsen i midten av juni. Under sak 13, Samtale om arbeidet, i forslag til årsmøteprotokoll kjem kretsstyret med denne informasjonen:

«Kretsleder i ImF Midthordland har sagt opp sin stilling som kretsleder. Ole Andreas Wastvedt begynte i stillingen i 2018. I en del av perioden har han også vært Ung-leder og tett på leirarbeidet på Fjell-ly. Vi takker for tjenesten som er gjort i kretsen og ønsker Guds fred videre i andre oppdrag.» Årsmøtet er 14.-15. august på Fjell-ly.

Overfor sambåndet.no stadfestar Ole Andreas Wastvedt at han med verknad frå 1. juli har sagt opp stillinga som kretsleiar.

– Oppseiingstida er på seks månadar, så eg blir ståande i stillinga ut året, seier Wastvedt.

Førebels har ikkje Ole Andreas Wastvedt ny jobb å gå til. Han kom til ImF Midthordland frå stillinga som generalsekretær i Den indre sjømannsmisjon. Før den tid var han tilsett i P7. Han har økonomiutdanning frå Bedriftsøkonomisk Institutt.

Rekruttere

Kurt Urhaug er styreleiar i ImF Midthordland. Han stadfestar at kretsen no vil starta arbeidet med å rekruttera ny kretsleiar og viser elles til informasjonen i årsmøtepapira.

Ifølgje strategiplanen for 2013–2020 har ImF Midthordland eit mål om å «Arbeide for et tettere samarbeid for indremisjonsarbeidet i Midthordland, Bergen og Nordhordland. Vurdere de nåværende kretsgrenser.»

– Kan oppseiinga aktualisera ein diskusjon om fusjon?

– Dette er jo eit tema som lever, til dømes i samband med strukturprosessen i ImF sentralt, seier Kurt Urhaug til sambåndet.no.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.