Ole-Jørgen Storsæter, her ståande til venstre saman med Sondre Orrestad, sluttar som kretsleiar for Nordhordland Indremisjon frå og med 1. deseember. Bildet er frå generalforsamlinga i 2019. FOTO: SAMBÅNDET ARKIV

Gir seg som kretsleiar

Ole-Jørgen Storsæter har sagt opp stillinga si som kretsleiar i Nordhordland Indremisjon.

– Det er familiære årsaker som ligg bak, seier Storsæter til sambåndet.no.

Oppseiingstida på tre månadar tok til å gjelda frå og med 1. september, og Storsæter blir dermed i stillinga ut november. Han starta i jobben 1. januar 2019.

Informerte styret

Det var avtroppande kretsstyreleiar Helge Skår som opplyste om oppseiinga ved starten av kretsårsmøtet 28. august.

– Eg informerte kretsstyrer munnleg i midten av august. Eg har òg sagt at om det er ynskjeleg, kan eg stå vidare i inntil 40 prosent stilling med avgrensa administrative oppgåver, opplyser Storsæter.

Ny jobb

Oppseiinga var ikkje noko formell sak på kretsårsmøtet, men han fekk likevel mange tilbakemeldingar frå misjonsfolket.

– Folk syntes det var trist at eg sluttar, men forsto situasjonen, fortel den avtroppande kretsleiaren.

Vegen vidare for den avtroppande kretsleiaren går elles inn i svigerfaren sitt entreprenørfirma – Samnøy Maskin – på Fedje.

Også kontorleiaren i kretsen, Janicke G. Lyngøy, har sagt opp stillinga si og sluttar noko før Storsæter.

Første styremøte

Nyvald styreleiar Ove Fotland, som var i kretsstyret frå før, stadfestar at styret hadde fått nokre signal på førehand.

– Dette er noko som vi ber over og tenkjer på, og det blir sak på første styremøte, 16. september, seier han til sambåndet.no.

Som kjent har kretsleiaren i ImF Midthordland òg sagt opp stillinga si, og Bergens Indremisjon har i lengre tid vore utan fast tilsett toppleiar.

Fusjon?

– Når det no er slik i alle dei tre kretsane i og rundt Bergen, kan diskusjonen om endring av kretsgrenser bli aktualisert?

– Eg er einig med kretsstyreleiar Kurt Urhaug i ImF Midthordland at det er ei løpande vurdering. Slike ting må vera forankra både i styret og i folket. Samstundes er òg ImF i støypeskeia, svarar Fotland.

Han legg til at han hadde vore meir bekymra for situasjonen om det var ei kommersiell bedrift han var styreleiar for.

– Midt opp i dette er det vår oppgåve å forkynna Guds ord til folket. Samstundes må me vera organisert på ein tenleg måte, også for våre tilsette, peikar Fotland på.

Ole Jørgen Storsæter seier han vil gi sine råd til styret med tanke på situasjonen for kretsen vidare.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.