Så langt er det samla inn 16,2 millionar kr til Raknesprosjektet. ILLUSTRASJON: «mulighetsstudie – LINK arkitektur» «Illustrasjon – SVAL arkitektur»

Mykje pengar på kort tid til Raknestunet

Raknestunkveldar på bedehusa i kretsen og innsamlingsaksjon kor det er samla inn 16 millionar kroner, er foreløpig status for Raknestunprosjektet.

‒ Vi har brukt mye ressursar. Både prosjektgruppa, krinsstyret, tilsette og andre frivillige har vært representert på alle Raknestunkveldene, seier krinsleiar Ole-Jørgen Storsæter i Nordhordland Indremisjon til Sambåndet.

Engasjement
I januar og februar har kretsen hatt Raknestunkvelder på forskjellige bedehus.

‒ Her har folk samlast frå bygdene for å høyre og samtale om Raknestunet og utbyggingsprosjektet. På kveldane har det vore mykje engasjement og positivitet, og det har kome mange gode innspel, korreksjonar og gode idéar både til Raknestunet og til innsamlinga, fortel Storsæter.

Vedtak

4. mai 2019 rapporterte Sambåndet om ei undersøking som viste at 80 prosent av dei som svarte, vil at Nordhordland Indremisjon skal prøve å realisere eit nybygg for Raknestunet. På fjorårets årsmøte vedtok Nordhordland Indremisjon å gå for prosjektgruppas dyraste anbefaling for utbygging av kretsens leirstad, Raknestunet, som inneber eit nybygg til 53 millionar kroner. Det andre alternativet er ei rehabilitering til 34 millionar kr.

Prosjektgruppa har lagt opp til ein trappetrinnmodell der innsamla beløp vil bli brukt til oppussing av Raknestunet om ein ikkje klarer å samle inn til nybygg.

Resultat
I august i fjor starta prosjektgruppa ein innsamlingsaksjon som skal vare fram til juni 2020.

Storsæter opplyser at dei til no har samla inn om lag 16,2 millionar kr. Av desse er 10 millionar vedtatt av årsmøtet, tatt av fond, 1,4 millionar er faste givaravtaler over 10 år, medan resten er innsamla eingongsgåver, eller lova gåver.

‒ Kva synest du om resultatet av innsamlinga så langt?

‒ Eg synest det er kjempebra. Det er sjeldan vi klarer å samle inn såpass mykje pengar på så kort tid.

Aksjonar
Elles har kretsen og prosjektgruppa laga ei nettside, mittraknestunet.com, og hatt aksjonar på Facebook kor folk kan kjøpe lodd til båtlotteriet som går til prosjektet, og gåvekort.

‒ Vi jobbar også inn mot bedrifter for å finne sponsorar. Så skal krinsstyret og prosjektgruppa arbeide vidare med å konkretisere prosjektet. Til kretsens årsmøte skal prosjektgruppa legge fram ein plan, og så skal årsmøtet bestemme kva alternativ ein går for, seier Ole-Jørgen Storsæter. 

Også publisert fredag: Ny episode av podcasten Lydbåndet frå ImF og Sambåndet. Tema er ImF-økonomien og Awana DNA-konferansen 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.