FJELLHEIMEN: Orreneset misjonssenter ligg ved enden av Nysætervatnet i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal. FOTO: SAMBÅNDET ARKIV

ImF Sunnmøre vil ikkje selja leirplassar

Styret i ImF Sunnmøre sa måndag nei til framlegget om å selja ein eller begge leirplassane som kretsen eig, til fordel for Sjøholt folkehøgskule.

Det opplyser kretsleiar Johan Halsne til sambåndet.no seint måndag kveld.

Det var generalsekretær Erik Furnes i ImF sentralt som kom med framlegg om eit slikt sal på årsmøtet i kretsen 14. september. Bakgrunnen er ein kostnadsauke på nær 22 millionar kronar for rehabilitering og nybygg på Sjøholt. Furnes gjorde framlegg om at overskotet av eit eventuelt sal kunne gå til den nye folkehøgskulen, og at kretsen i staden kunne arrangera leirar og stemne på dei to folkehøgskulane i området.

Ventar

På årsmøtet vart framlegget sendt vidare til styret, som handsama det måndag 27. september. Kretsleiar Johan Halsne opplyser at styret viste til eit vedtak før sommaren.

– Då hadde eit utval vurdert om det ville være tenleg for kretsen å selja ein av leirplassane, i så tilfelle Brusdalsheimen, men styret fann at ein ville venta med eit eventuelt sal til etter at prosessen med å sjå på korleis indremisjonsfamilien skal organisera seg i framtida, er avslutta. Styret kunne ikkje sjå at det var kome til noko som gjorde det naudsynt å endra på dette, seier Halsne.

Alt ligg på bordet

– Vil det seia at framtida til leirstadane ligg på bordet i den pågåande strukturprosessen i ImF?

– Eg meiner at alt må liggja på bordet i ein slik prosess, svarar kretsleiar Johan Halsne i ImF Sunnmøre.

Vedtaket om korleis indremisjonsfamilien skal vera organisert i framtida, skal treffast på ekstraordinær generalforsamling i 2023.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.