LEIRSTAD: Orreneset misjonssenter ligg ved enden av Nysætervatnet i Sykkylven. FOTO: PRIVAT
Eit skritt nærare sal av Orreneset Misjonssenter
På gårdagens ekstraordinære årsmøte for ImF Sunnmøre vedtok årsmøtet å gå vidare med salsprosessen for Orreneset Misjonssenter og stemme over saka på nytt i april.
Krinsstyret i ImF Sunnmøre og ekteparet Kristine Solstad/Bjørn Valderhaug har dei siste to åra vore i samtaler om eit mogleg kjøp av Orreneset Misjonssenter i Sykkylven. Det var einaste sak oppe til handsaming på det ekstraordinære årsmøtet for ImF Sunnmøre på Brusdalsheimen onsdag kveld 11. februar.
Brusdalsheimen er den andre av leirstadane til ImF Sunnmøre.
Forslag til vedtak
Ifølgje sakspapira er krinsstyrets forslag til vedtak følgjande:
ImF Sunnmøre sel Orreneset Misjonssenter til Bjørn Valderhaug og Kristine Solstad under føresetnad av at ein salsavtale ivaretek intensjonane i saksutgreinga til årsmøtet.
Ynskjer og planar
Av sakspapira går det fram at ekteparet Solstad/Valderhaug ynskjer å kjøpe Orreneset Misjonssenter og drive senteret som eit kristent barne- og ungdomssenter. Dei ynskjer også at Orreneset framleis skal vere knytt til ImF Sunnmøre, og dei vil bu på senteret og vere eigar, drivar og vertskap av Orreneset.
Planen er å foreta ei betydeleg oppgradering av Orreneset og å leggja til rette for leirarbeid, møte, kurs og arrangement for forsamlingar, kyrkjelydar og andre grupper. Kjøpar skal ha økonomiske ressursar til både oppgradering, drift og vidare utvikling av leirstaden.
Uttale
Overfor sambåndet.no ynskjer ikkje krinsleiar Lars-Petter Ødegård i ImF Sunnmøre å kommentera resultatet frå årsmøtet, men han sender på sms uttalen frå årsmøtet: «Det vart i går kveld gjort vedtak om å gå vidare med salsprosessen, og vi skal stemme over saken på nytt i april. Då skal det føreliggje ei juridisk utarbeida kontrakt som årsmøtet skal ta stilling til.»
Meir misjon
For krinsstyret har det vore avgjerande at Orreneset framleis er innmeldt/knytt til ImF Sunnmøre sjølv om det får private eigarar. Spørsmålet om meir misjon har også vore viktig for krinsstyret, og krinsstyret har vorte overtydd om at eit sal av Orreneset til Solstad/Valderhaug vil gje meir misjon. Det har vore viktig i styrets vurdering av eit sal til kjøpar.
Andre vurderingar
Andre vurderingar frå krinsstyret er at ImF Sunnmøre får tilført 4.500.000 kr til misjonsdrifta, og at kjøpar tek over alt ansvar med oppgradering, utbetring og vedlikehald av Orreneset. I tillegg tek kjøpar også over alt ansvar for drift av Orreneset, både praktisk, økonomisk og forhold til personale og bemanning.
Der høyrer det med i biletet at styrar på Orreneset går av med pensjon, og at det ofte er vanskeleg å få bemanning til leirstader.
Bruk
ImF Sunnmøre får også bruke Orreneset på same måten som i dag til leirar og andre arrangement. Krinsstyret er også trygg på at kjøpar har økonomiske ressursar til å gjennomføre sine planar.
Dersom eigar lukkast med sine planar, vil Orreneset nyttast i endå større grad til ImF Sunnmøre sitt barne- og ungdomsarbeid. Den største utfordringa, som krinsstyret ser det, er om det oppstår ein situasjon der kjøpar av helsemessige eller andre årsaker ikkje maktar å gjennomføre sine planar og intensjonar i framtida.
Tilstandsrapport
Ein tilstandsrapport frå Møre TBT Consult AS/Møretakst datert 4. desember 2025 konkluderer med ein marknadsverdi på 9,5 millionar kroner. Rapporten peiker på fleire manglar som må utbetrast på kort sikt. Desse kostnadane er vurdert til mellom 1 og 2 millionar kroner.
I sakspapira går det fram at krinsstyret legg til grunn ein salsverdi på 7 millionar. Av dette vert 4,5 millionar betalt kontant ved overdraging, medan resterande 2,5 millionar definerast som seljarkreditt.
Dersom kjøpar ikkje lenger ser seg i stand til å drive staden, eller av andre grunnar vel å selje eigedomen – og dersom det i ein slik situasjon er aktuelt for ImF Sunnmøre å kjøpe staden tilbake, skal seljarkreditten kunne brukast som deloppgjer.
Konklusjon
Konklusjonen til krinsstyret er at sal av Orreneset Misjonssenter til Kristine Solstad og Bjørn Valderhaug vil tilføre ein gevinst som vil utløysa meir misjon for ImF Sunnmøre i åra framover. Kretsen vil få meir misjon ved at kjøpar vil kunne oppgradera og vidareutvikla Orreneset betre enn ImF Sunnmøre har kapasitet til, og meir misjon ved at ImF Sunnmøre kan auke bemanninga i barne- og ungdomsarbeidet.










